- Barnehagar kan ikkje velje bort digitale verktøy. Dei er ein del av samfunnet ungane lever i. Barn snakkar om sine medieerfaringar, dei teiknar dei og dei leikar dei, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys. Ho vil no stimulere til og kartleggje bruk av IKT i norske barnehagar.
- Vi vaksne kan like utviklinga eller ikkje, men vi må gi barna våre dei beste føresetnadene for å møte framtida og utviklinga på ein skapande, kreativ, lærande og kritisk måte. Vi må sørgje for at barn sin bruk av IKT ikkje berre inneber passive dataspel. Dersom barn får høve til å bruke for eksempel digitalkamera og PC-ar som ein del av aktiv leik og læring, gir vi barna dei beste føresetnadene for å utvikle digital dømmekraft i tidleg alder, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.
IKT i barnehagen vart sett på dagsorden i 2003, då IKT vart inkludert i rammeplan for forskulelærarutdanninga. Ein studie i regi av Høgskolen i Oslo skal no sjå nærmare på faktisk bruk og tilgang til kamera, PC-ar og dataspel i barnehagane, i nær dialog med andre aktørar på feltet. Fornyingsministeren støttar prosjektet med 500 000 kroner.
- Vi veit at stadig yngre barn tek i bruk IKT og digitale medium, som etter kvart har blitt ein naturleg del av det samfunnet barna lever i. Likevel, kunnskapen om korleis barn bruker og har tilgang til IKT er framleis mangelfull og fragmentert. Vi treng meir kunnskap om korleis barnehagar tek IKT inn i den pedagogiske opplæringa, seier Grande Røys.
Det finst eksempel på barnehagar som har gjort mykje når det gjeld å bruke IKT, og som har vist til gode erfaringar. Barn heilt ned til toårsalderen fotograferer, lagar animasjonar og skildrar sin eigen kvardag, noko dei igjen bruker i spel og leik. Somme har også erfart at bruk av IKT hjelper til å stimulere språkutvikling, noko som også er viktig for barn med innvandrarbakgrunn og mangelfulle norskkunnskapar.
Tiltaket er eit ledd i vidareutviklinga av feltet digital kompetanse og ei oppfølging av stortingsmelding nr.17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle.