eNorge 2009 og enkeltindividet i det
digitale Norge
Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi
Grande Røys på Vox konferansen ”eBorgerskap 2006 – eMakt til alle”.
Hotell Bristol, Oslo 31.01.06.
Eg vil takke for invitasjonen og
det høvet konferansen gir meg til å snakke om eit viktig tema,
knytt til utfordringar og moglegheiter i det digitale Noreg.
Auka digitalisering av Noreg krev
kompetanse hos innbyggjarane – mellom anna for å hindre auka
digitale skilje. VOX har ei viktig rolle i arbeide med kompetanse i
arbeidslivet – òg digital kompetanse. Det er derfor bra at VOX for
andre gang arrangerar ein eigen konferanse med fokus på digital
kompetanse. Regjeringa er oppteken av at alle må få tilgang til
informasjon og høve til å delta - alle innbyggjarar må bli sett på
som ressurspersonar og heile landet er like viktig når vi utviklar
digitale løysingar!
Eit avgjerande verkemiddel i det
offentlege, er kompetanseutvikling i kombinasjon med ei satsing på
utvikling av elektroniske teneste - både i dei interne
arbeidsprosessane, men òg direkte i forhold til brukarar - slik at
brukarane kan kommunisere med det offentlege i dei kanalane dei
ønskjer. Mykje har skjedd dei siste åra. Tenk berre på
Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i
dag, enn for berre få år sidan. Arbeidet har blitt mykje enklare og
mindre tidkrevjande både for skattebetalarane og for skatteetaten.
Frigjorde ressursar kan dermed nyttast på andre viktige område i
samfunnet vårt.
Vi støttar hovudtrekka i
eNorge2009-planen, og legg til grunn at eNorge2009-planen
skal omfatte alle. Det er veldig ambisiøst. Å sikre deltaking
og hindre digitale skilje for enkeltmennesket i det digitale
samfunnet, er eit av dei overordna måla i IT-politikken til
Regjeringa. Dette kan sjåast ut frå ulike perspektiv, som eg vil gå
nærmare inn på
- Deltaking for alle, inklusive tilgang til breiband
- Kompetanse
- Tenester til innbyggjarane
- Rettar
- Digital tilgang til kunnskap og kultur
Digital deltaking for alle
Tilgang til, og bruk av Internett, i og utanfor
arbeidslivet er viktig fordi aktiv bruk av Internett gir god
kompetanse og eit forsprang for å meistre den raske teknologiske
utviklinga. Å meistre nettet er i ferd med å bli ein grunnleggjande
kunnskap på linje med å kunne skrive, lese og rekne! Digital
deltaking er viktig fordi det elles er fare for at:
- Tilgangen til informasjon blir dårlegare for dei som ikkje er
”på nett”
- Oppgåvetilfanget på arbeidsplassen vert innsnevra for dei som
ikkje meistrar IKT
- Gapet mellom dei som kan og dei som ikkje kan veks
Regjeringa si satsing på
breibandstilgang for alle er eit bidrag til å hindre digitale
skilje mellom innbyggjarane. Breiband eller ikkje kan utgjere ein
stor skilnad når det gjeld korleis folk kan nytta offentlege
digitale tenester. Som stadfesta i Soria Moria-erklæringa har
regjeringa ambisjon om å sikre at alle husstandane, og private og
offentlege verksemder, i heile landet har breibandstilbod i løpet
av 2007. Pr august 2005 hadde 91% av hushalda tilbod om breiband.
Medan det i 2003 var 200 kommunar heilt utan breibandstilbod, finst
det i dag ingen kommunar heilt utan tilbod om breiband. Fornyings-
og administrasjonsdepartementet har motteke ei ny utgreiing over
kva område som truleg ikkje vil få eit marknadsbasert
breibandstilbod i løpet av 2007, kva det vil koste å dekkje desse
områda og kva slags teknologi det er tilrådeleg å bruke. Utgreiinga
har òg kartlagt kostnadene knytta til å byggje ut breiband til
desse områda. Ei utbygging til desse områda blir venta å koste
mellom 800 million og 1 milliard kroner. Basert på rapporten
vurderar vi no ulike modellar for korleis staten skal yte støtte
for å sikre vår målsetjing om breiband til alle i 2007.
Den digitale utviklinga kan ha
fleire sider - vi har fått mange gode løysingar for dei som kan
nytte digitale verkty og tenester, men utviklinga kan òg forsterke
tendensen til eit digitalt klasseskilje. Brukarstatistikk viser at
vi kan snakke om digitale klasseskilje. Det er eit faktum at blant
hushald med høg inntekt er det berre 9% som ikkje har tilgang til
Internett heime, medan hushald med låg inntekt er det heile 63% som
ikkje har internettilkobling heime. Når det gjeld utdanning er
skilnadene tilsvarande: Folk med høgskule/universitetsutdanning
bruker hyppigare Internett enn folk med berre grunnskule. Det er òg
slik at barn av foreldre med høg utdanning bruker Internett meir og
i større grad til skule-relatert arbeid. Eg meiner
Kunnskapsministeren si satsing på IKT-utstyr i skulen, samt målet
om at alle elevar skal ha tilgang til PC'ar og Internett er eit
viktig bidrag for å utjamne dette problemet i størst mogeleg
grad.
Biblioteka har òg ei viktig rolle i
å tilby tilgang til Internett. Ein kan argumentere for at dette
tilbodet ikkje er tilfresstillande med tanke på biblioteka si korte
opningstid og mengda PC’ar, men dette er eit viktig samfunnstilbod
for dei som ikkje har råd til Internett heime. Det er eit mål (i
eNorge 2009) at det i løpet av 2007 blir etablert ordningar som
sikrar at alle som ikkje sjølv har tilgang til Internett har tilbod
om det i nærmiljøet.
Samtidig er vi klare over at
tilgang til breiband og PC i seg sjølv ikkje er nok - difor satsar
Regjeringa òg aktivt på fleire område for å sikre at alle
innbyggjarane skal få høve til å delta i det digitale Noreg.
Vi veit det er individuelle
skilnader på bruk av informasjonsteknologi. Skilnadene relaterer
seg blant anna til kva ein bruker av tenester og informasjon,
korleis ein utnyttar tenester og informasjon, samt hyppigheit i
bruk. Dagens unge veks opp med informasjonsteknologi som ein
naturleg del av kvardagen og vil få eit heilt anna forhold til
dette enn tidlegare generasjonar. Vi må ha tiltak for å redusere
dei digitale skilja som finst mellom generasjonane - utan at
målet er lik bruk for alle, individuelle skilnader vil førekomme.
Regjeringa sitt mål er derimot at desse skilnadane ikkje skal ha
årsak i manglande kompetanse eller tilgang. Digital deltaking skal
vere eit reelt alternativ for alle.
Vi veit for eksempel at IKT er ei
utfordring for mange, både blant dei som er i arbeid, dei som er
utan arbeid og pensjonistar. Statistikken viser at det er klare
digitale skilje rundt 55 år. Brukargruppa over 55 år er klart
mindre aktive i nettsamfunnet. Samstundes viser brukarundersøkinga
som VOX presenterte her i dag at dei spurte ikkje opplev IKT som
eit hinder. Avviket mellom undersøkingane tyder på at dette er ei
utfordring som vi bør utgreie meir. No kan jo dette henge saman med
at dei over 55 år som er internett brukarar, er like flinke som
yngre generasjonar til å bruke dei tenestene dei opplever som
verdifulle. Vi ynskjer ikkje at IKT skal vere ei årsak til
utstøyting i samfunnet vårt, å få folk til å ta i bruk dei ”nye
kanalane” er derfor viktig. IKT skal vere eit effektivt middel for
å tryggje velferd, arbeidsplassar og demokrati. Då er det
avgjerande at dei over 55 år kan delta som likeverdige innbyggjarar
i det digitale eNoreg.
Det er ei målsetjing at offentlege
digitale tenester skal inkludere og vere tilgjengelege for alle
brukargrupper bl.a. ved at det gjennom offentlege innkjøp blir
stilt krav til produsentar og leverandørar om universell utforming
av IT-verkty. Bruk av opne standardar er óg eit virkemiddel for å
sikre tilgang for alle, uavhengig av teknologi.
Men teknologi er lite nyttig dersom
vi ikkje har kompetente innbyggjarar, det vere seg elevar,
medarbeidarar og pensjonistar, som kan bruke den.
Digital kompetanse
Regjeringa ønskjer å sikre ein grunnleggjande
digital kompetanse hos innbyggjarane, både innan utdanning,
arbeidsliv og samfunnsliv.
Å vere kritisk og kreativ
informasjonsbrukar er avgjerande for å byggje opp god kompetanse.
Skulen er ein arena som gjer det mogeleg å gi unge menneske digital
dømmekraft og forhindre at digitale skilje blir utvikla. I dei nye
læreplanane for grunn- og vidaregåande skule frå 2006 er bruk av
digitale verkty ein av dei fem grunnleggjande kunnskapane som skal
integrerast i alle fag og på alle nivå. Tilsvarande ønskjer
regjeringa at digital kompetanse inngår i livslang læring, vi må
derfor òg skape arenaer utanfor skulen.
Ca. 20% av arbeidstakarane over 55
år har i tidligare undersøkingar svart at innføring av ny teknologi
på arbeidsplassen er den viktigaste årsaka til tidleg pensjonering.
Regjeringa ønskjer å hindre at mangel på digital kompetanse skal
føre til utstøyting frå arbeidslivet. Tilgang til digital
kompetanse skal gjere det lettare å kome tilbake til lønna arbeid
for personar som mellombels er utanfor arbeidslivet. Avtalen om eit
inkluderande arbeidsliv – den såkalla IA-avtalen skal saman med
NAV-reforma nyttast for å hindre eit digitalt klasseskilje og for å
heve den gjennomsnittlege avgangsalderen.
Som eit ledd i vidareutviklinga av
IA-avtalen vil regjeringa samarbeide med partane i arbeidslivet om
tiltak for å hindre at mangel på digital meistring fører til tidleg
utstøyting. Digital kompetanseutvikling vil òg bli nytta av
arbeids- og velferdsforvaltninga som kvalifiseringstiltak der
mangel på slik kompetanse hindrar dei prioriterte gruppene i
arbeidslivspolitikken i å kome tilbake til arbeid. Erfaring viser
at målretta IT-opplæring tilpassa brukarane, aukar den digitale
kompetansen raskt og faren for at arbeidstakarar vert
utstøytt frå arbeidslivet blir mindre.
Vi i Noreg lever i eit av det mest
digitaliserte samfunna i verda. IKT er blitt ein naturleg og
sjølvsagt del av kvardagen og arbeidslivet vårt. Vi blir stadig
meir fortrulege med å bruke teknologien, samtidig som vi blir meir
sårbare og avhengige av å halde kompetansenivået oppe. Digital
kompetanse er viktig for å tryggje velferdsstaten, for å skape nye
arbeidsplassar, og auke bedriftene si omstillings- og
konkurranseevne i kunnskapssamfunnet.
Regjeringa vil jobbe for at det i
utgangen av 2006 vert utvikla nasjonale mål for digital kompetanse
i samarbeid med fagmyndigheitene og aktuelle miljø, både frå
forskingssida, arbeidstakar- og arbeidsgivarsida og frå andre
interesseorganisasjonar. Nasjonale mål skal gi betre kunnskapar om
kva kompetanse informasjonssamfunnet krev frå den einskilde borgar,
og kva tiltak som bør setjast i verk for å sikre denne kompetansen.
Samstundes som det vil vere eit viktig verkemiddel for å kartleggje
kompetansenivå og behov hos innbyggjarane.
Digitale tenester for innbyggjarane
For å byggje ned dei digitale skilja mellom
enkeltindivida må brukaren stå i sentrum ved utvikling av
offentlege tenester. At utvikling av digitale offentlege tenester
skal vere driven av innbyggjarane sine behov og føre til forenkla
samhandling mellom innbyggjarane og forvaltninga, er òg eit
perspektiv som er trekt fram i Regjeringserklæringa, kor det blir
framheva at Regjeringa vil ”vidareføre arbeidet med døgnopen
forvaltning med tilgang til elektronisk informasjon og tenester frå
det offentlege basert på brukarane sine premissar”.
Innbyggjarportalen MiSide, blir
lansert om få månader, og er eitt bidrag til at forvaltninga skal
framstå heilskapleg overfor brukaren. Portalen skal gi kvar enkelt
innbyggjar høve til ei personleg side der han eller ho får tilgang
til tenester levert av ulike offentlege verksemder. MiSide skal gi
auka høve for innsyn i informasjon om ein sjølv i offentlege
register. Løysinga vil etterkvart òg tilby ei felles postkasse for
meldingar til og frå forvaltninga. Eksempel på elektroniske
tenester som er med ved lansering er flyttemelding, byte av
fastlege, og søknad om skattekort. Vi har store ambisjonar for den
vidare utviklinga av MiSide. For det fyrste vil vi utvide MiSide
frå berre å inkludere tenester frå statlege etatar til óg å tilby
kommunale tenester. Eit døme på dette kan vere elektronisk søknad
om plass i barnehage.
Digitale rettar
Det vi kallar digital allemannsrett, handlar om
fleire aspekt - tilgang for alle og digital kompetanse for alle,
samtidig må ein sjå dette i lys av kva rettar den einskilde har, og
skal ha, i ei stadig meir digitalisert verd.
Viktig kommunikasjon og informasjon
mellom innbyggjarane, næringslivet og det offentlege blir
digitalisert i raskt tempo. Men dersom desse tenestene ikkje er
utforma godt nok vil dette skape barrierar. Dersom utviklinga av
tenester ikkje har fokus på brukaren, vil vi ikkje kunne hente ut
ønskte gevinstar - ettersom digitale tenester frå det offentlege i
stor grad er basert på innbyggjaren sitt val i å ta denne kanalen i
bruk.
Når vi har som mål å gi kvar enkelt
innbyggjar høve til å velje om meldingar frå og kommunikasjon med
det offentlege skal skje elektronisk, er det eit ledd i å styrkje
brukarmedverknad og betre valfridomen for enkeltmenneske.
Samtidig må vi vere klare over at
vi ved utvikling av informasjonssamfunnet vil støyte på
utfordringar – blant anna knytt til personvern og forbrukarvern.
Det er difor vårt mål at enklare og betre tilgang til informasjon i
forvaltninga vert nytta til å fremje betre personvern, blant anna
til auka medvit, innsikt og kontroll med forvaltninga si
innsamling, registrering og bruk av opplysningar om oss sjølv.
Dette kan vi nå ved at offentlege verksemder har tiltak for å
styrke enkeltmennesket sitt høve til å ivareta innsynsrettane sine,
til dømes ved å leggje til rette for eit sikkert og enkelt
innsyns-system i eigen personinformasjon.
Digital tilgang til kunnskap og kultur
Deltaking handlar òg om tilgang til informasjon.
Tilgang legg grunnlaget for kunnskap. Gratisprinsippet for tilgang
til informasjon er difor ein viktig berebjelke i samfunnet. Det er
regjeringa sitt mål at prinsippet blir vidareført og utvida, og ved
vidarebruk av offentlig informasjon.
Vi har mål om auka digital tilgang
til kunnskap og kultur. Eg har nyleg vore med å opne ei ny
kartportal for bergensregionen, dette er eit strålande eksempel på
korleis geografisk informasjon kan gjerast tilgjengeleg for folk
flest.
La meg til slutt understreke at
ingen enkelttiltak i seg sjølv vil gi ei løysing på dei
utfordringane vi står overfor. Den raske teknologisk utviklinga, og
stadig nye krav til omstilling, betyr at satsinga på IKT
samla sett, vil vere ein avgjerande suksess-faktor. Ting heng
saman! Tiltak retta mot kompetanse, tilgang, meir digitalisering av
tradisjonelle tenester, samt krav til brukarvennlege og
brukartilpassa løysingar, må få prioritet. Utforminga av
IT-politikken må spegle dette mangfaldet. IKT har og vil halde fram
å utvikle seg raskt - skal vi lukkast i vårt vidare arbeid må vi
setje innbyggjarane og behova deira i sentrum!
Takk for oppmerksamheita!