Barn og unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 01.03.2012
Betre moglegheiter – avgrensing av risikoar
I framtida vil dagens barn og unge – naturleg nok – spele ei vesentleg rolle, og det er avgjerande at dei får alle dei moglegheiter som finst for å kunne ta del i informasjonssamfunnet – og å drive det vidare. Det skal satsast på IKT i skulen, og dei som ferdast på Internett skal oppleva det som trygt.
Det vil alltid vere uheldige sider ved informasjonsflaumen. Målet må derfor vere å gjere barn og unge til trygge brukarar – på alle måtar – blant anna ved bevisstgjering rundt bruk og forbruk, personvern og digital dømmekraft.
Større bruk – lågare utgifter
Skulen har i tillegg til hovudrolla som kunnskapsformidlar også ei rolle i arbeidet for sosial utjamning. I dette arbeidet vil blant anna digitale forskjellar, forståing og tilgang til utstyr òg vere ein faktor. Regjeringa vil derfor leggje til rette for større bruk av digitale læremiddel i skolen og medverke til å redusere elevane sine utgifter i samband med dette. For å kunne sikre dette, vil det òg vere avgjerande å gi lærarane den nødvendige kompetansen til å bruke IKT i undervisninga.
Felles kamp for tryggare bruk
Det er eit mål på sikt å kunne tilby ein digital allmenning, innhald av ulike slag, til alle. Dette vil sjølvsagt også komme barn og unge til gode. Samtidig skal arbeidet med tiltaksplanen ”Barn, unge og Internett” vidareførast – for å gjere digital kommunikasjon retta mot barn og unge trygg.
Tiltak som blant anna går på barn og unge
4.3 Satsing på IKT i skulen
Det skal leggjast til rette for auka bruk av digitale læremiddel, og over tid medverknad til reduksjon av elevanes utgifter til læremiddel.
Skulen si rolle i arbeidet med utjamning av blant anna digitale skilje vil bli behandla i ei eiga stortingsmelding om utdanning som verkemiddel for sosial utjamning.
Det skal leggjast til rette for ei identitetsforvaltning for grunnopplæringa som byggjer på Feide-prosjektet.
4.4 Den digitale allmenningen
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med aktuelle departement som til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet greie ut om det er mogleg å kjøpe fri forskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjengeleg for befolkninga.
Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette for pedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.
4.10 Informasjonen som blir gitt til skular, foreldre, unge og forbrukarar knytt til trygg bruk av Internett skal koordinerast ytterlegare
Dette er ei oppfølging av tiltaksplanen ”Barn, unge og Internett”, ein felles tiltaksplan for tryggare bruk av Internett for barn og unge. Tiltaksplanen er svært viktig fordi arbeidet med å sikre ein tryggare bruk frå mange departement, underliggjande etatar og verksemder, bransjeorganisasjonar, einskildaktørar i marknaden og frivillige organisasjonar blir koordinert og presentert på ein samordna måte
4.11 Kunnskapsløftet skal følgjast opp
Arbeidet med å sikre alle elevar digital kompetanse som ei grunnleggjande ferdigheit blir følgt opp i tilknyting til innføringa av Kunnskapsløftet. Det same gjeld arbeidet med å sikre alle lærarar nødvendig kompetanse og ferdigheiter til å utnytte IKT i undervisning og læring
Universitet og høgskular skal medverke til ei digital kompetanseutvikling blant studentar og fagfolk som ein integrert del av eiga verksemd innanfor utdanning og forsking. Lærestadene skal samspele med nasjonale tiltak som UNINETT og Noregsuniversitetet om å vidareutvikle ein god og effektiv bruk av IKT i norsk høgre utdanning.
8.8 Bevisstgjering av barn og unge om personvern og digital dømmekraft
Det skal setjast i verk tiltak for å sikre at bevisstgjering av barn og unge om personvern og digital dømmekraft står sentralt i undervisninga, gjennom målretta informasjon om teknologiske moglegheiter og utfordringar på personvernområdet.
Kommenter meldinga: