Brei påverknadskraft fordrar breitt forskingsfokus

Forsking vil alltid vere avgjerande for utvikling og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Både næringslivet og offentleg sektor må sjå på IKT- forsking som eit satsingsområde. Den offentlege IKT-forskinga skal derfor opprioriterast innanfor dei gjeldande rammene for forsking generelt.

Deltaking i internasjonale forskingssamarbeid og tilstrekkelig realfagskompetanse i samfunnet er viktige føresetnader for vellykka forskingsresultat. Samtidig er det viktig å utnytte fleire fagområde, som samfunnsvitskap, jus og humaniora. For IKT blir i aukande grad teke i bruk i alle delar av samfunnet – og påverkar samfunnet på stadig nye måtar.

Auke opp mot 3 % av BNP
Regjeringa ønskjer å fremje ein kultur for nyskaping og gründerverksemd på alle forskingsfelt – og vil derfor auke den samla forskingsinnsatsen til 3 prosent av bruttonasjonalprodukt. IKT-forsking vil ha ein vesentleg part i dette. Samtidig skjer mykje av IKT-forsking i internasjonale miljø, og regjeringa vil vere ein pådrivar for norsk deltaking i program og avtalar i og utanfor EU.

Satsing i  nordområda er også IKT-satsing
IKT yter vesentlege tilskot til verdiskaping og tryggleik i nordområda. Satsinga på nordområda vil derfor styrkje IKT-forskinga, blant anna ved at ein del av desse midlane vil bli øyremerkte IKT-forsking.

Tiltak som blant anna går på forsking:

5.1 Auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonalprodukt innan 2010
Regjeringa har som mål å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonalprodukt innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål, som legg til grunn ei kraftig offentlig satsing og ein sterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.

5.2 Prioritere og styrkje IKT-forskinga
Regjeringa vil prioritere og styrkje IKT-forskinga i dei generelle løyvingane til FoU i tråd med føringane som ligg i St. meld nr 20 (2004–2005) Vilje til forskning.

5.3 Satsing i nordområda 
I satsinga på nordområda vil regjeringa prioritera mellom anna IKT-forskinga.

5.4 Eit breitt spekter av verkemiddel 
Regjeringa vil arbeide for å styrkje IKT-forskinga gjennom eit breitt spekter av verkemiddel under Noregs forskingsråd og bidra til at dei ulike satsingane blir sedde i samanheng.  Programmet Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT) vil vere eit sentralt verkemiddel

5.5 Styrking av rekruttering til IKT og IKT-relevante fag
Regjeringa vil styrkje rekrutteringa til IKT og IKT-relevante fag, mellom anna gjennom oppfølging av Kunnskapsdepartementets realfagsstrategi og Forskingsrådets strategi for grunnforsking innan matematikk, naturvitskap og teknologi..

5.6 Offentleg sektors rolle som god og krevjande kunde 
Regjeringa vil vidareutvikle offentleg sektors rolle som god og krevjande kunde innanfor IKT-feltet. Ut over løyvingane til FoU spelar det offentlege ei viktig rolle i næringsutviklinga som kunde og bestillar av ulike produkt, utviklingsprosjekt og tenester.

5.7 Deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling
Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og vil leggje fram ein eigen proposisjon om norsk deltaking etter at endeleg vedtak er treft i EU, venteleg rundt årsskiftet.

5.8 Deltaking i utforminga av europeiske teknologiplattformer
Noreg er invitert og har takka ja til å delta i utforminga av europeiske teknologiplattformer. Dette er viktig både for norsk IKT-forsking og for anna norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Regjeringa vil oppfordre til at fleire norske nasjonale teknologiplattformer blir oppretta der det er etablert store europeiske teknologiplattformer med aktiv norsk deltaking.

5.9 Vidareføre EUREKA-deltakinga
Regjeringa legg opp til at den norske EUREKA-deltakinga innanfor IKT-området blir vidareført og om nødvendig styrkt.

5.10 Deltaking i ulike handlingsprogram innenfor IKT-området i EU
Regjeringa vurderer jamleg deltaking i ulike handlingsprogram innanfor IKT-området i EU.

5.11 Styrkje samarbeidet om IKT-forsking med land utanom Europa 
Regjeringa vil òg styrkje samarbeidet om IKT-forsking med land utanom Europa, mellom anna gjennom å utnytte dei nye bilaterale avtalane med USA og viktige asiatiske land. 

8.11 Systematisering og styrking av forsking på personvernområdet
Regjeringa vil treffe tiltak for å systematisere og styrkje forskingsinnsatsen på personvernområdet. Det bør etablerast eit tverrfagleg forskingsprogram på IKT og personvern i vid tyding av problemstillinga.

 

Kommenter meldinga: