Næringspolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 01.03.2012
Styrkt utvikling av teknologi – og evne til å bruke den
IKT er i dag ei sentral drivkraft for nyskaping, konkurranseevne, omstilling og vekst i næringslivet. Utviklinga er kopla stadig tettare til dei moglegheitene som teknologien gir, både for kvar einskildbedrift, for bransjar, og for næringslivet samla sett. Teknologien mogeleggjer utvikling av nye produkt, tenester og marknader, samtidig som bruk av IKT i forretningsprosessar påverkar konkurranseevna og styrkjer relasjonar til kundar og leverandørar.
Vekselverknaden mellom IKT-leverandørindustrien og utnytting av teknologien i næringslivet betyr mykje for verdiskapinga i Noreg. Spesielt tenestesektoren, der størsteparten av verdiskapinga skjer, har vore prega av utviklinga innan IKT. For at næringslivet skal bli meir avanserte og offensive brukarar av IKT treng dei nær kontakt med ein dyktig leverandørindustri – og for å få ei vekstkraftig
IKT-næring må denne ha krevjande kundar å bryne seg mot, heime eller ute
Næringspolitikken må derfor ha to typar fokus – å utvikle gode rammevilkår for innovasjon og verdiskaping i IKT-næringane – og å skape grobotn for vidareutvikling og bruk av IKT i heile næringslivet, og samfunnet elles.
Naturleg og skapt kompetanseheving
Den største utfordringa i næringslivet er mangelfull kompetanse, både basis brukarkompetanse og teknologisk spisskompetanse. Dette vil naturleg forbetrast ettersom store årskull går ut i pensjon og overlet plassen til yngre menneske med eit anna forhold til teknologi, men regjeringa finn det likevel avgjerande å halde fram med – og å styrkje – ulike læreprogram og støtteordningar for kompetanseheving i næringslivet.
Styrkt ”fast track”-ordning
Delar av behovet for spisskompetanse i næringslivet vil dessutan kunne dekkjast ved import av kompetanse frå land utanfor Europa. Regjeringa er derfor oppteken av å forenkle søknadsbehandling i samband med rekruttering frå desse landa.
Tiltak som blant anna går på næringspolitikk:
Ein god del av regjeringas tiltak for næringslivet er generelle og ikkje IKT-spesifikke, men fleire av ordningane er spesielt viktige for IKT-næringa og for effektiv bruk av IKT i næringslivet. Regjeringas tiltak på desse områda er:
6.1 Styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse i arbeidslivet
Regjeringa ønskjer å styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse og har føreslått å løyve 35,4 millionar kroner til programmet over 2007-budsjettet. Løyvinga for 2006 var på 25 millionar kroner.
6.2 Styrkje satsinga for å tiltrekke utanlandsk faglært arbeidskraft til norske bedrifter.
Regjeringa har i budsjettet for 2007 føreslått å løyve 2,5 millionar kroner til styrking av kapasiteten i Utlendingsdirektoratet til behandling av søknader frå faglært arbeidskraft. I budsjettet er det vidare føreslått at Arbeids- og velferdsetaten blir tildelt 7,5 mill. kroner til arbeidet med å styrkje støtta til arbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere utanlandsk arbeidskraft gjennom EURES (det europeiske formidlingsarbeidet)
6.3 Berekraftige lokalsamfunn
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit lønnsamt og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet. Dette skal skje gjennom bruk av verkemiddelapparata Innovasjon Noreg og SIVA.
6.4 Innovasjon i eksisterande næringsliv
Regjeringa ønskjer å stimulere til innovasjon i eksisterande næringsliv gjennom å yte støtte til industrielle forskings- og utviklingskontraktar.
6.5 Leggje til rette for nytt kunnskapsintensivt næringsliv
For å leggje til rette for nytt kunnskapsintensivt næringsliv vil regjeringa styrkje løyvinga til etablerarstipend og inkubatorstipend.
6.6 Vidarebruk av offentleg informasjon
Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk som sikrar effektiv vidarebruk av offentleg informasjon for auka verdiskaping og utvikling av nye tenester.
For å leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon, skal hovudregelen om at innsyn skal vere gratis oppretthaldast, og betaling skal berre takast i særlege tilhøve og då med eit kostnadsbasert prinsipp som hovudregel.
Kommenter meldinga: