Frigjering av ressursar - betre velferdstilbod

Internasjonalt er Noreg blant dei leiande i bruk av IKT i offentleg sektor, og ambisjonane er deretter. Regjeringa ønskjer at brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor, som tilbyr fullstendige tenester gjennom gode elektroniske sjølvbeteningsløysingar. 

Det er mogleg, for teknologien er der. Og dermed kan òg velferdstilbodet styrkjast ved effektivisering og frigjering av ressursar. Men det er utfordringar. For sektoren er stor, aktørane er mange, og sidan kvar verksemd er ”lokalt” ansvarleg for kjøp og utvikling, ber mange tenester no preg av lite samordning og felles krav til løysingar. Dette vil ein gjere noko med.

Desentralisering ved hjelp av felles rammeverk
Regjeringa vil leggje til rette for realisering av ei døgnopen elektronisk forvaltning. Dette vil, blant anna, krevje etablering av tverrsektorielle felleskomponentar og felles arkitekturprinsipp, noko som igjen vil utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor.

Fleire nivå av tilgjengeleggjering
Tilgjengeleggjeringa av forvaltninga må forsterkast ytterlegare ved at alle tenester blir universelt utforma, slik at alle kan ta dei i bruk – og ikkje minst ved å fokusere på å opne opp for innsyn i, og dermed auka kunnskap om, offentlege aktivitetar, ressursbruk og resultat. Dette vil òg kunne gi ein effektiv vidarebruk av offentleg informasjon – for ytterlegare verdiskaping.

Tiltak som blant anna går på opnare forvaltning:

4.6 Universelt utforma offentlege elektroniske tenester   
Regjeringa vil følgje opp forslaget frå Syseutvalet i NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet, og fremje forslag om ein ny ikkje-diskriminerings- og tilkomstlov. Regjeringa ønskjer at offentlege elektroniske tenester skal ha universell utforming dersom ikkje spesielle forhold gjer det umogleg. Fornyings- og administrasjonsdepartementet greier ut konsekvensane av å ta IKT inn i denne lova.

Under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal relevante kompetansemiljø utvikle rettleiingar og detaljering av standardar og krav for universell utforming av IKT. I dette arbeidet må ein også utarbeide indikatorar for korleis universell utforming skal takast i bruk.

Når tenlege indikatorar for universell utforming av IKT ligg føre, vil ein vurdere å ta dei inn i offentlege rapporteringssystem som KOSTRA og det nye StatRes.

4.7 WAI-kriteria ved utvikling av offentlege nettstader   
Ved all nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av offentlege nettstader blir offentlege verksemder oppfordra til å følgje WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader. Ved tildeling av offentleg støtte til andre nettstader vil regjeringa  også oppmode om at det bør stillast krav om at dei følgjer WAI-kriteria.

Etatar som ligg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, blir pålagde å nytte WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader, ved nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av sine eksterne og interne nettstader.

Arbeidet med kvalitetsvurdering av nettenester skal trappast opp. Frå 2007 skal også nokre  sentrale, private nettstader med stor nytteverdi vurderast av Noreg.no. Noreg.no skal tilby ei merkeordning som synleggjer i kva grad offentlege og private nettstader er utforma etter kriterium for tilgjengelegheit.

6.6 Vidarebruk av offentleg informasjon   
Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk som sikrar effektiv vidarebruk av offentleg informasjon for auka verdiskaping og utvikling av nye tenester.

For å leggje til rette for vidarebruk av offentlig informasjon, skal hovudregelen om at innsyn skal vere gratis oppretthaldast, og betaling skal berre takast i særlege tilhøve og då med eit kostnadsbasert prinsipp som hovudregel.

7.1  Etablering av elektroniske sjølvbeteningsløysingar   
Kvar einskild verksemd/sektor må gjere relevante tenester tilgjengelege via portalane Miside og Altinn, i tillegg til evt. formidling gjennom verksemdas eigen nettstad. Verksemda/sektoren har ansvaret for å følgje opp dette tiltaket.

7.2 Etablering av ei publiseringsteneste for offentlege elektroniske postjournalar  Denne skal bidra til å fremje openheit og styrke demokratiet ved å gi folk flest betre kunnskap om og innsyn i offentlege aktivitetar, ressursbruk og resultat.

7.3  Systematiske brukarundersøkingar   
Alle statlege etatar skal gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som også skal omfatte verksemdas utoverretta IKT-tenester. Som ein hovudregel skal resultata offentleggjerast.

7.4 Etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor   
Arkitekturen skal vere lagdelt og vil minimum bestå av eit presentasjonslag, eit  felleskomponentlag og eit verksemdslag. Arkitekturen skal i størst mogleg grad baserast på opne standardar og eit regime for informasjonstryggleik. Innan utgangen av 2007 skal det utarbeidast ei meir detaljert beskriving av arkitekturprinsippa med tilhøyrande strategi, målbilete og retningslinjer. Sektoranes og verksemdenes IKT-strategiar og store offentlege IKT-prosjekt, skal byggje på og understøtte desse.

7.5 Utarbeiding av ein referansekatalog over forvaltningsstandardar
Det skal etablerast forvaltningsstandardar som skal presenterast samla i ein såkalla referansekatalog. Referansekatalogen skal gi offentlege verksemder, leverandørar og andre interesserte ei oversikt over tilrådde og obligatoriske forvaltningsstandarar med relevans for IKT-løysingar i det offentlege. Referansekatalogen skal byggjast opp gradvis over tid, og vil i 2007 bli utvida med konkrete standardar på fleire nye område

7.8 Vurdere oppbygging av eit fornya folkeregister   
Regjeringa skal i samband med arbeidet med felles personopplysningar vurdere eit fornya folkeregister.

8.5 Utgreiing av rettstryggleik ved offentleg bruk av avgjerdsløysingar   
Regjeringa vil greie ut korleis rettstryggleiken kan varetakast på ein tilstrekkeleg måte i forhold til heil- og delvis automatiserte avgjerdsløysingar. Ein skal òg sjå på høvet til klage og omgjering ved eventuelle feil, høvet til innsyn og dokumentasjon og kor tilgjengelege ulike program er.

Kommenter meldinga: