Historisk arkiv

Personvern og retten til anonymitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet. Stortingsmeldinga om IKT-politikk tek blant anna for seg dei mangearta personvernutfordringane vi står overfor og føreslår fleire tiltak.

Faresignal skal takast på alvor

På vår veg rundt i informasjonssamfunnet blir vi utsette for ei meir omfattande registrering og bruk av personopplysningar enn nokon gong, og vi legg att stadig fleire elektroniske spor. Personverninteressene blir utfordra av tiltak skapte av andre interesser, kriminalitetsførebyggjande, kommersielle og ideelle. Ofte er slike tiltak føremålstenlege, men summen av dei kan vere uheldig.

Personvernet må ikkje ”bytast” bort mot andre fordelar! Regjeringa føreslår derfor å la ein personvernkommisjon gjere opp ein heilskapleg status – og greie ut korleis ny teknologi ikkje berre kan unngå å skade, men også styrkje personvernet.

Teknologi til fordel for personvernet
For teknologien kan absolutt brukast til fordel for personvernet òg. Såkalla personvernfremjande teknologi skal derfor støttast opp under, både ved hjelp av regelverksendringar og andre tiltak som til dømes nye standardkrav til IKT-system som tek omsyn til personvern.

Kompetanseheving og bevisstgjøring
Mykje handlar dessutan om bevisstgjering. Undersøkingar viser at kunnskapen om personvern er dårleg, både blant folk flest og i verksemder og bedrifter. Det same gjeld i kva for grad personvernlovgivinga blir fylgt i praksis. Dette skal betrast, blant anna via kompetansehevande tiltak innanfor offentlege verksemder, målretta informasjon til barn og unge – og styrking av forskinga på feltet. 

Tiltak som blant anna går på personvern:

4.10 Informasjonen som blir gitt til skular, foreldre, unge og forbrukarar knytt til trygg bruk av Internett skal koordinerast ytterlegare
Dette er ei oppfølging av  tiltaksplanen ”Barn, unge og Internett”, ein felles tiltaksplan for tryggare bruk av Internett for barn og unge. Tiltaksplanen er svært viktig fordi arbeidet med å sikre ein tryggare bruk frå mange departement, underliggjande etatar og verksemder, bransjeorganisasjonar, einskildaktørar i marknaden og frivillige organisasjonar blir koordinert og presentert på ein samordna måte

8.1 Nedsetjing av ein personvernkommisjon 
Kommisjonen skal ta for seg den sårbare stillinga for personvernet i møte med den teknologiske utviklinga og komme med forslag som kan styrkje personvernet sin status. Her skal ein blant anna sjå nærmare på samanhengen mellom ulike føresegner som regulerer personvern for å sikre koordinering, harmonisering av omgrepsbruk og hindre overlapping, og for å gjere regelverket lettare tilgjengeleg,samt:

  • Forholdet mellom personopplysningslov og særlovgivinga
  • Forholdet mellom teiepliktføresegner innanfor ulike områder
  • Behovet for konkrete rettslege reguleringar på livsområde der det er eit særleg behov for avklaring av personvernspørsmål
  • Behovet for meir sektorprega retningslinjer

8.2  Tilbod om anonyme løysingar
Regjeringa går inn for at det framleis må vere tilbod om anonyme løysingar i samanhengar der det ikkje er nødvendig å identifisere seg.

  • Anonyme autentiseringsløysingar skal vere tilgjengelege i samanhengar der dette er føremålstenleg. Regjeringa vil greie ut moglegheita for
    - Pseudonyme løysingar som alternativ til full anonymitet og full identifikasjon.
    - Pseudonyme sertifikat i løysingar for digital signatur der dette er tilstrekkeleg
    - Anonyme betalingskort som alternativ til bankkort/kredittkort som er knytte til identitet

8.3 Tiltak til støtte for bruk av personvernfremjande teknologi   
Regjeringa vil setje i verk tiltak som støttar bruk av personvernfremjande teknologi. Det offentlege bør vise veg i dette arbeidet gjennom: 

  • Regelverksendringar som gir meir direkte støtte til bruk av personvernfremjande teknologi.
  • Personvernkrav som standard i nye IKT-system, bl.a.:
    - Krav til implementering av meir finmaska styring av tilgangsrettar til informasjonssystem på basis av eit need-to-know-prinsipp
    - Krav til at det skal vere mogleg å logge transaksjonar

8.4 Tiltak for å betre verksemdenes etterleving av personopplysningsloven   
Regjeringa vil setje i verk tiltak for å betre verksemdenes etterleving av personopplysningsloven, irekna å

  • Utarbeide sektorvise rettleiarar ”best practice” med tilråding av gode teknologiske løysingar
  • Utarbeide eit gjennomgripande kompetanseprogram som skal inngå i ulike samanhengar

8.5 Utgreiing av rettstryggleik ved offentlig bruk av heilt eller delvis automatiske avgjerdsløysingar   
Regjeringa vil greie ut korleis rettstryggleiken kan varetakast på ein tilstrekkeleg måte i forhold til heilt- og delvis automatiserte avgjerdsløysingar. Ein skal òg sjå på høvet til klage og omgjering ved eventuelle feil, høvet til innsyn og dokumentasjon og kor tilgjengelege ulike program er.

8.6 Vidare utgreiingsarbeid for utforming av reglar   
Regjeringa vil greie ut korleis ein kan gjere personopplysningsloven meir operativ gjennom forenkling og rydding av vanskelege omgrep og sjå på behovet for harmonisering med anna regelverk på personvernområdet.

  • Regjeringa vil setje i verk utgreiingsarbeid der ein vil sjå nærmare på: Korleis det kan utformast reglar som støttar bruken av personvernfremjande teknologi.
  • Utvikling av verktøy for gjennomføring av internkontroll i samsvar med personopplysningslova.
  • Utvikling av generelle verktøy for varetaking av krav til informasjonstryggleik.
  • Korleis ein kan gjera personopplysningsloven meir operativ gjennom forenkling og rydding av vanskelege omgrep.
  • Behovet for harmonisering med anna regelverk på personvernområdet

8.7 Gjennomgang av arbeidsfordeling mellom Datatilsynet og andre tilsynsmyndigheiter   
Regjeringa vil gå gjennom arbeidsdelinga mellom Datatilsynet og andre tilsynsmyndigheiter som har oppgåver som omfattar behandling av personvernopplysningar, med tanke på å leggje til rette for nærmare samarbeid og samordning.

8.8 Bevisstgjering av barn og unge om personvern og digital dømmekraft   
Det skal setjast i verk tiltak for å sikre at bevisstgjering av barn og unge om personvern og digital dømmekraft står sentralt i undervisninga, gjennom målretta informasjon om teknologiske moglegheiter og utfordringar på personvernområdet.

8.10 Sikring av kompetanse og intern metodikk for vurdering av personvernspørsmål i utviklingsprosessar i det offentlege   
Regjeringa vil setje i verk tiltak som sikrar tilstrekkeleg kompetanse, forståing og intern metodikk som inneber at det blir vurdert å ta personvernspørsmål og tenlege tiltak tidleg inn i regelutvikling som omhandlar innkjøps- og andre utviklingsprosessar hos styresmakter og verksemder.

8.11 Systematisering og styrking av forskingsinnsats   
Regjeringa vil treffe tiltak for å systematisere og styrkje forskingsinnsatsen på personvernområdet. Det bør etablerast eit tverrfagleg forskingsprogram på IKT og personvern i vid tyding av problemstillinga.
 

Kommenter meldinga: