Eit opnare informasjonssamfunn

IKT er svært utbreidd i det norske samfunnet. Dette gjer det mogleg for mange grupper å få lettare tilgang til offentlege og private tenester. Men om forholda ikkje blir lagde til rette, kan IKT òg føre til uheldige sosiale skilje. For regjeringa er det viktig å setje digital inkludering høgt på den politiske saklista.
Det må leggjast til rette for alle som av ulike grunnar står utanfor informasjonssamfunnet – den digitale tilgangen må aukast, og alle viktige IKT-tenester i samfunnet må få ei universell utforming.

Breiband i hele landet
Bustad skal ikkje ha noko å seie for om du kan delta i informasjonssamfunnet! Regjeringa aukar derfor tilskota til utbygginga av breiband i 2007. Digital tilgang krev likevel utstyr – utstyr ikkje alle har – og det er derfor eit mål at verksemder som bibliotek og NAV-kontor skal tilby både tilgang via publikumsterminalar og rettleiing i bruken av desse.

Løysingar som ALLE kan bruke
At alle IKT-løysingar kan brukast av alle er ein naturleg og direkte føresetnad for høg deltaking i informasjonssamfunnet. Alle tilbod baserte på IKT innan offentleg sektor bør derfor byggje på prinsippa om universell utforming. Det gjeld automattenester så vel som tenester for bruk av eigen datamaskin, blant anna ved at all utvikling av offentlege nettstader bør skje etter WAI-kriteria (Web Accessibility Initiative).

Tiltak som blant anna går på tilgang og tilgjengelegheit

4.1 Breiband i heile landet
Regjeringa vil sikre dei siste 4-5 prosentane av innbyggjarane eit breibandstilbod. Dei auka midlane til breibandsutbygging skal gå til auka utbygging i distrikta og vil bli fordelte gjennom Høykom-ordninga. For 2007 legg regjeringa opp til ei total løyving på om lag 122 millionar kroner, den største løyvinga til Høykom nokon gong. Av desse midlane skal 100 millionar kroner øyremerkjast distriktsområde utan eksisterande breibandstilbod. Det offentlege skal bidra til utvikling og utbygging gjennom vedvarande sterk etterspørsel etter breibandstenester.

Utgangspunktet for breibandspolitikken skal framleis vere at det er marknadsaktørane som skal etablere nett og tenester. Styresmaktene skal berre understøtte utviklinga der marknaden sviktar.

4.2 Offentlege verksemder skal bidra til tilgang på utstyr
Det skal satsast vidare på biblioteka si rolle som formidlar av rettleiing og tilgang til elektroniske tenester.

Alle relevante offentlege kontor bør ha publikumsterminalar tilgjengelege og kunne gi rettleiing i bruk av sine elektroniske tenester.

4.4 Den digitale allmenningen
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med aktuelle departement som til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet greie ut om det er mogleg å kjøpe fri forskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjengeleg for befolkninga.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette for pedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.

4.6 Universelt utforma offentlege elektroniske tenester
Regjeringa vil følgje opp forslaget frå Syseutvalet i NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet, og fremje forslag om ein ny ikkje-diskriminerings- og tilkomstlov. Regjeringa ønskjer at offentlege elektroniske tenester skal ha universell utforming dersom ikkje spesielle forhold gjer det umogleg. Fornyings- og administrasjonsdepartementet greier ut konsekvensane av å ta IKT inn i denne lova.

Under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal relevante kompetansemiljø utvikle rettleiingar og detaljering av standardar og krav for universell utforming av IKT. I dette arbeidet må ein også utarbeide indikatorar for korleis universell utforming skal takast i bruk.

Når tenlege indikatorar for universell utforming av IKT ligg føre, vil ein vurdere å ta dei inn i offentlege rapporteringssystem som KOSTRA og det nye StatRes.

4.7 WAI-kriteria ved utvikling av offentlege nettstader
Ved all nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av offentlege nettstader blir offentlege verksemder oppfordra til å følgje WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader. Ved tildeling av offentleg støtte til andre nettstader vil regjeringa  også oppmode om at det bør stillast krav om at dei følgjer WAI-kriteria.

Etatar som ligg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, blir pålagde å nytte WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader, ved nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av sine eksterne og interne nettstader.

Arbeidet med kvalitetsvurdering av nettenester skal trappast opp. Frå 2007 skal også nokre  sentrale, private nettstader med stor nytteverdi vurderast av Noreg.no. Noreg.no skal tilby ei merkeordning som synleggjer i kva grad offentlege og private nettstader er utforma etter kriterium for tilgjengelegheit.

4.8 Klårare ansvarsforhold i arbeidet med universell utforming av IKT
Organiseringa av det offentlege arbeidet med universell utforming av IKT og elektroniske  tenester skal gjennomgåast med sikte på enklare og klårare tilbod og ansvarsforhold.

Det skal utarbeidast ein ny handlingsplan for auka tilkomst for personar med nedsett funksjonsevne, der IKT vil få ein sentral plass.

4.9 Stimulere til utvikling av løysingar som gir auka tilkomst til IKT-baserte produkt og tenester
Regjeringa ønskjer at satsinga på IT Funk vert vidareført i seks nye år frå 2007.

4.10 Offentlege verksemder skal bidra til digital kompetanseutvikling
Offentlege verksemder skal bidra til ei digital kompetanseutvikling i befolkninga, ved i større grad å inngå samarbeid både med arbeidslivet og ideelle verksemder.
Offentlege kontor med publikumstenester vert oppmoda til å opprette publikumsterminalar og organisere rettleiing for å sikre tilgang til elektroniske tenester for den delen av befolkninga som ikkje har tilgang til datautstyr heime eller på arbeidet.

7.1  Etablering av elektroniske sjølvbeteningsløysingar
Kvar einskild verksemd/sektor må gjere relevante tenester tilgjengelege via portalane Miside og Altinn, i tillegg til evt. formidling gjennom verksemdas eigen nettstad. Verksemda/sektoren har ansvaret for å følgje opp dette tiltaket.

Kommenter meldinga: