Utdanning og kompetanseauke
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 01.03.2012
Inga allmenn nytte utan allmenn forståing
Digital kompetanse i heile befolkninga er essensielt for at IKT skal komme både samfunnet og den einskilde til gode. Regjeringa aukar derfor fokuset på kompetanseheving, på fleire nivå.
Målet er at norsk skule skal gå føre i å bruke IKT-baserte læremiddel, samtidig som støtta til å auke basiskompetansen i arbeidslivet blir styrkt. I tillegg skal det leggjast til rette for at utsette grupper, som eldre og menneske utanfor arbeidslivet, òg får ta del i det digitale fellesskapet.
Fleire arenaer for kunnskapstileigning
Dette er ikkje kompetanse ein skaffar seg ein gong for alle. Det er derfor viktig også å sjå på andre arenaer der kunnskap kan tileignast. Frivillige organisasjonar speler ei framståande rolle, det same gjer bibliotek og mange offentlege kontor. Godt innhald er dessutan ein nøkkel til kunnskap, og tilgangen til innhald, for eksempel frå Nasjonalbiblioteket og NRK, må derfor gjerast så enkel som mogeleg.
Kunnskap avlar kunnskap
Digital kompetanse i samfunnet handlar ikkje berre om folk flest. Det handlar også om å auke kompetansen i næringslivet, slik at bedriftene betre kan utnytte moglegheitene teknologien gir. Evna til å sjå moglegheiter er dessutan ein positiv konsekvens av meir kunnskap. Slik vil til dømes kunnskapen blant offentleg tilsette om opne kjeldekodar - eller kunnskapen om korleis det er mogleg (og viktig) å styrkje personvernet - komme allmenta til gode både på kort og lang sikt.
Tiltak som blant anna går på utdanning og kompetanseauke:
4.4 Den digitale allmenningen
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med aktuelle departement som til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet greie ut om det er mogleg å kjøpe fri forskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjengeleg for befolkninga.
Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette for pedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.
4.8 Stimulere til utvikling av løysingar som gir auka tilkomst til IKT-baserte produkt og tenester
Satsinga på IT Funk vert vidareført i seks nye år frå 2007.
4.9 Offentlege verksemder skal bidra til digital kompetanseutvikling
Offentlege verksemder skal bidra til ei digital kompetanseutvikling i befolkninga, ved i større grad å inngå samarbeid med både arbeidslivet og ideelle verksemder. Offentlege kontor med publikumstenester vert oppmoda til i aukande grad å opprette publikumsterminalar og organisere rettleiing for å sikre tilgang til elektroniske tenester for den delen av befolkninga som ikkje har tilgang til datautstyr heime eller på arbeidet.
4.11 Kunnskapsløftet skal følgjast opp
Arbeidet med å sikre alle elevar digital kompetanse som ei grunnleggjande ferdigheit, blir følgt opp i tilknyting til innføringa av Kunnskapsløftet. Det same gjeld arbeidet med å sikre alle lærarar nødvendig kompetanse og ferdigheiter til å utnytte IKT i undervisning og læring
Universitet og høgskular skal medverke til ei digital kompetanseutvikling blant studentar og fagfolk som ein integrert del av eiga verksemd innanfor utdanning og forsking. Lærestadene skal samspele med nasjonale tiltak som UNINETT og Noregsuniversitetet om å vidareutvikle ein god og effektiv bruk av IKT i norsk høgre utdanning.
6.1 Styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse i arbeidslivet
Regjeringa ønskjer å styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse og har føreslått å løyve 35,4 millionar kroner til programmet over 2007-budsjettet. Løyvinga for 2006 var på 25 millionar kroner.
6.3 Berekraftige lokalsamfunn
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit lønnsamt og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet. Dette skal skje gjennom bruk av verkemiddelapparata Innovasjon Noreg og SIVA.
7.3 Systematiske brukarundersøkingar
Alle statlege etatar skal gjennomføre systematiske brukarundersøkingar som også skal omfatte verksemdas utoverretta IKT-tenester. Som ein hovudregel skal resultata offentleggjerast.
7.10 Etablering av eit nasjonalt kompetansemiljø for open kjeldekode
For at offentlege verksemder skal ha betre føresetnader for å ha eit aktivt forhold til open kjeldekode, skal det opprettast eit kompetansemiljø som fungerer som nøkkelressurs for offentlege verksemder på dette området.
7.12 Open kjeldekode som tema i relevant utdanning
Regjeringa vil vurdere korleis ein kan styrkje opplæring og bevisstgjering om open kjeldekode i vidaregåande skuleopplæring, og samstundes forbetre undervisningstilbodet på dette området på høgskule- og universitetsnivå.
8.4 Betre etterleving av Personopplysningsloven blant verksemdene
Regjeringa vil setje i verk tiltak for å betre verksemdenes etterleving av Personopplysningsloven, irekna å
- Utarbeide sektorvise rettleiarar ”best practice” med tilråding av gode teknologiske løysingar
- Utarbeide eit gjennomgripande kompetanseprogram som skal inngå i ulike samanhengar
8.10 Sikring av kompetanse og intern metodikk for vurdering av personvernspørsmål i utviklingsprosessar i det offentlege
Regjeringa vil setje i verk tiltak som sikrar tilstrekkeleg kompetanse, forståing og intern metodikk som inneber at det vert vurdert å ta personvernspørsmål og tenlege tiltak tidleg inn i regelutvikling som omhandlar innkjøps- og andre utviklingsprosessar hos styresmakter og verksemder.
Kommenter meldinga: