Statens personaldirektør Merethe Foss Liverud
Tlf. 22 24 48 00
Forkontor tlf. 22 24 48 01
Avdelinga har ansvar for å forvalte og utvikle lover, avtalar, administrative avgjerder, rammevilkår mm. for den statlege personal- og arbeidsgjevarpolitikken.
Avdelinga skal også vere pådrivar, rådgjevar og støttespelar i omstilling og organisasjonsutvikling i forvaltninga, personalspørsmål og leiarutvikling.
Avdelinga har desse einingane og arbeidsområda:
Forhandlingsseksjonen
Forhandlingsseksjonen har følgande hovudoppgåver:
- Har jamn kontakt med hovudsamenslutningane i staten om avtaleverket for det statlege tariffområdet.
- Leiar forhandlingane der staten er part.
- Har ansvaret for å avklare verkeområde og rekkevidde for inngåtte avtalar
- Er rådgjevar for politisk leiing
Utviklingsseksjonen
Seksjonen skal utvikle strategiar, rammebetingelsar og verkemiddel, samt gje råd til statlege verksemder om omstilling, organisasjonsutvikling, leiing og ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk.
Juridisk seksjon
Seksjonen skal forvalte, utvikle og gje råd om det statlege arbeidsrettslege lov- og avtaleverket, inkl. administrative avgjerder. Eininga har forvaltningsansvar for tenestemannslova og tenestetvistlova.
Staben
Staben omfattar forkontorfunksjonen i avdelinga, støtte og koordinering av personaladministrative og økonomiske funksjonar som planlegging av verksemda, budsjett/regnskap, tilrettelegging av styrings- og beslutningsgrunnlaget til avdelingsleinga, koordinering av interne høyringar, koordinering av tverrgåande saker.