Departementet har oppheva
Konkurransetilsynet sitt forbod mot fusjonen mellom Gilde og Prior
på eit konkurransefaglig grunnlag. Departementet har kome til ein
annan konklusjon enn Konkurransetilsynet i vurderinga av verknadene
av fusjonen for konkurransen i marknadene for foredla produkt av
fjørfe og raudt kjøt. Det er eit krav i konkurranselova for å kunne
gripe inn mot ein fusjon at den vil føre til eller forsterke ein
vesentleg begerensing av konkurransen i dei rørde marknadene.
Departementet sitt syn er at dette ikkje er tilfelle i denne
saka.
Vanskeleg sak
- Dette har vore ei vanskeleg sak, seier
statsråd Heidi Grande Røys, som peiker på at fusjonen har med
produkt å gjere som betyr mykje for oss som forbrukarar.
- Derfor er det viktig at konkurransen ikkje vert svekka i
desse marknadene. Departementet har lagt ned mykje arbeid for å
være trygge på at fusjonen ikkje har konkurranseskadelege
verknader. Vi har vurdert fleire moglege grunngjevingar for å forby
fusjonen innafor konkurranselova sine regler, men dei har ikkje
ført fram. Ei viktig vurdering var å avgjere om produkt av fjørfe
og raudt kjøt var i same marknad. For mange er det naturleg å bytte
mellom desse kjøtslaga i dei daglege innkjøpa. Verken fagfolka i
Konkurransetilsynet eller departementet har kunna påvise at mange
nok gjer dette til at det kunne leggjast til grunn at Gilde og
Prior var konkurrentar. Dette er òg i samsvar med vurderingane som
gjerast av konkurransemyndigheitene i EU, seier statsråden.
Konkurransetilsynet la difor eit
anna grunnlag for å gripe inn. Tilsynet meinte det var truleg at
Gilde innan kort tid ville etablere seg i marknaden for foredla
fjørfekjøt på ein slik måte at det ville verte eit konkurransetrykk
i marknaden som fusjonen ville ta bort.
Heidi Grande Røys peiker på at
etter ei grundig vurdering har departementet kome til at sjølv om
det er truleg at Gilde vil etablere seg i marknaden for foredla
fjørfekjøt i avgrensa omfang, vil Gilde måtte kjøpe råvarer frå
Prior, eller Prior sin konkurrent Den Stolte Hane.
- Ei slik etablering fører ikkje
til eit konkurransetrykk etter departementet si vurdering, seier
statsråden. Departementet si vurdering er at det berre er ei
omfattande etablering frå Gilde si side, der Gilde sikrar seg eigne
leverandørar av fjørfe som selskapet sjølv slaktar og
vidareforedlar, som kunne styrke konkurransen i marknaden for
fjørfekjøt. Departementet kan ikkje sjå at det er truleg at ein
slik omfattande etablering kunne skje innafor ei tidshorisont som
leggjast til grunn ved vurdering av fusjoner seier Grande Røys.