Historisk arkiv

Dødvinklar i den nynorske offentlegheita:

Fjærland privatbank og Jostedal sparebank

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg på Nynorsk finans-seminar, Høgskulen i Sogn og Fjordane 10. mai

Bankstellets grammatikk er enkel: Ein bank tek imot innskot frå folk mot å gje innskotsrente, og låner så ut pengar mot trygd og utlånsrente. Samstundes er bankar nervetrådar og blodårer i samfunnslekamen. Det er rimeleg høge odds for at det same kan skrivast og seiast om nynorsken, sa statssekretær Morten Søberg.

 

0. Nullpunktet

Denne teksten byrja i den såkalla diplomatlosjen i Stortinget. Der sat eg ein sein haustkveld og fylgde debatten om finanskomiteen si tilråding om statsbudsjettet. I veska mi hadde eg derimot med meg det stenografiske oppritet frå eit ordskifte i Odelstinget i 1949. Då stod Noregs Bank på saklista: Heilt sidan år null i 1816 hadde sentralbanken vore eit aksjeselskap. No hadde regjeringa gjort framlegg om at staten skulle kjøpa ut dei private luteigarane og gjera Noregs Bank om til eit statleg lutlag. Det var den borgarlege opposisjonen mot.

Med eitt er eg sjølv attende i 1949: Eg vert sitjande og lesa side opp og side ned med innlegg og motinnlegg frå fortida medan stenografane til venstre for meg skriftfester samtida for ettertida. Nokre av dei avlidne tingmennene lyder kjende namn. Men Anders Bøyum er ny for meg. Han vart derimot sitert på klangfull nynorsk, og tala godt for seg elles òg. Der og då tek eg opp mobiltelefonen og googlar Bøyum. Han var bonde frå Fjærland, ogrepresenterte både Sogn og Fjordane og Venstre på Stortinget. I meir ein mannsalder – frå byrjinga i 1916 og fram til 1962 – var han òg banksjef i Fjærland privatbank.

Seinare har eg fått kopiar av noko av det Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og alt det Riksarkivet har av skriftlege spor etter den banken. Såleis har eg lese at styret i Fjærland privatbank alt i 1917 vedtok at banken kunne kjøpa aksjar i just Noregs Bank for 6 000 kroner. Seinare – i 1938 – fekk Fjærland privatbank løyve til å ta imot innskot frå skulesparekassar på vilkår av at banken deponerte Noregs Bank aksjar i Noregs Banks avdeling i Bergen til pålydande beløp 5 000 kr. Det tok litt tid å ordna det praktiske. Den 11. juni 1938 kjem det brev frå privatbanken til sentralbanken der det heiter at “… grunnen til at depotfråsegni ikkje er send inn er at alle skulane i Fjærland sokn no har sumarferie. Me tykkjer difor at det ikkje er naudsynleg å setja i gang med skulesparekassane fyr skulane vert sett i gang til hausten. Det skulde vel heller då vera naudsynleg å deponera depoet i Norges (sic) Bank fyr den tidi.” Men den 3. november same året var alt i orden.

Og elleve år seinare røysta altså banksjef og tingmann Bøyum mot at staten skulle overta m.a. Fjærland privatbank sine aksjar i Noregs Bank. Slik sett endar denne innleiinga i ein konturane av ein slags sirkel.

1. Fleirtal, mindretal og årstal

Eg har meir på lager om Fjærland privatbank. Om litt skal teksten austover til Jostedal sparebank òg. Men fyrst kontekst: noko om omgrepet/ovringa nynorsk.

Ein eller annan stad, ein eller annan gong skreiv Kjartan Fløgstad at nynorsk er eit fleirtalsspråk brukt av eit mindretal. Det er godt sagt. Kanskje er det sant òg. Både politisk og filologisk. Men – for alt eg veit – kan henda sannare i går enn i dag og i morgon. Heile tida har derimot omgrepa fleirtal og mindretal vore meiningsfulle i omsetjinga av nynorsk frå eit språk til noko meir enn grammatikk og ordtilfang. Her: ei tredelt utdjuping:

Det mest kraftfulle dømet er soga om Jamstellingsvedtaket i 1885. Det byrja med framlegget frå 41 tingmenn om at Stortinget skulle be regjeringa “sjaa til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet … kan faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet”. Den 12. mai røysta 78 tingmenn for dette. På hi sida var 31 mot. Med andre ord og tal fekk framlegget solid fleirtal; heile 72 prosent. Ei anna tolking av Jamstellingsvedtaket: Eit mindretal får fleirtalet til å gje mindretalet trygge rettar. Dette er ikkje berre eit ekko av riksmøtet på Eidsvoll i 1814, det er sjølve kjernen i konstitusjonell tenking: Fleirtalsstyre er hovudregelen i eit folkestyre, men fleirtalsstyret skal ikkje gjelda utan grenser. Og einskilde grenser skal nettopp trekkjast for å gje mindretal rettar, vern og trygd. I regelen er det like fullt fleirtal som må dra slike grenser; vedta mindretalsrettar. Slik sett er Jamstellingsvedtaket noko meir enn eit politisk vedtak med sikte på å styrkja rettane til ein grammatikk og eit ordtilfang. Det er eit handfast uttrykk for ein grunnleggjande og overordna demokratisk ideologi.

Nokre år seinare vedtok Stortinget endringar i lov om folkeskulen på landet. Endringane innførde det lokale folkerøystingsinstituttet i Noreg: Etter 1892 har det vore lov å halda lokale folkerøystingar om val av hovudmål som opplæringsmål i grunnskulen. Dette var òg fyrste gong kvinner fekk røysterett i Noreg. På sett og vis fylgjer denne demokratiutvidinga av nynorsken og Jamstellingsvedtaket. Framleis vert det halde slike folkerøystingar: Ifylgje offisiell statistikk frå SSB har om lag halvparten av dei 700 lokale folkerøystingane etter 1970 vore val mellom nynorsk og bokmål.Det lokale folkerøystingsinstituttet har medverka til nye politiske forståingar av omgrepa fleirtal og mindretal. Dei kan vera rådgjevande. Dei kan variera meir i absolutte tal enn i folkevalde organ. Og dei kan tydelegare spegla graden av eldhug og intensitet gjennom skiftande relativ valdeltaking.

Så: Over til personlege pronomen i fleirtalsform. Allereie i 1864 fører Ivar Aasen opp me (vi) i grammatikken sin og i ordboka stod båe formene. Stort sett har båe formene allstøtt vore jamstelte [men rett nok hadde me klammeformstatus mellom 1938 og 1983…]. Bortanfor skrifta er vi i fleirtal og me i mindretal. Bokmålet tek berre omsyn til fleirtalet. På nynorsk skifter det: både fleirtal og mindretal er lov; vi og me skifter med tid og rom som demokratiske storleikar – saman gjennom livet utan punktum i sikte, i ein god sirkel: Nynorsk ein del av demokratiet medan demokratiet er ein del av nynorsken. Dette er abstrakt, det er politisk – det er innfallsvinkelen med stor I til nynorsken som samfunnsfenomen.

Samstundes finst og fanst det dødvinklar i den nynorske offentlegheita. Det er: Område ein ikkje lett ser; institusjonar, personar og tradisjonar som ein ikkje utan vidare forbind med det nynorske som såvore. Kan henda var Fjærland privatbank eit døme på nett dette. No er banken usynleg av di han er ute or tida. Skipa i 1916, samanslegen med Vestlandsbanken i 1973 og seinare borte.

Arkiva vitnar derimot om ein bank krabba, stabba og gjekk på renteføtene sine gjennom livet etter ein nynorsk fødsel:

“I seinare aar hev det meir og meir vorte krav millom folk her i bygdi aa reisa ein privatbank i Fjærland. Upptaket vart serleg gjort av Sjur Bjaastad og Joh. S. Mundal. Det vart sendt ut innbjoding til møte um dette i ungdomshuset. Møtet vart halde den 5. april 1916. Alle var samde um at det maatte gjerast aalvor av banken. Det vart vald ei nemnd til aa fremja arbeidet. … Desse vende seg til Lavik privatbank og fekk derfraa til seg sendt ymse bøker og papir til rettleiding. So samankalla dei møte i ungdomshuset 26. mai. Etter eit lengre ordskifte vart Anders J. Bøyum og Anders T. Mundal valde til aa reisa rundt i bygdi og teikna luter. Det skulde teiknast kr. 10.000,-, men ikkje over 12.000,-. Kvar lut skulde vera kr. 100 fullt innløyst. Det gjekk lett å få teikningi fullførd, so daa det paa nytt vart møte, ogso i ungdomshuset, 1. juli, var høgstesummen fullteikna. No vart det aa nyo vald ei nemnd til aa føra arbeidet fram til heil skiping av banken. … Desse 6 skulde gjera framlegg til lover etter loverne i Lavik privatbank og tinga hus aat banken. Vidare skulde dei velja ein seg i millom til aa reisa til Bergen aa tinga um pengeskap og bøker og elles alt som maa prentast til banken, likeeins reisa til Lavik og faa noko rettleiding i bankstell. Nemndi burde faa dette gjort so snart at det kunne verta skipingsmøte fyrstundes i sept. og banken verta opna til verksemd 1. okt. 1916.

Den 19. aug. heldt nemndi møte hjå J. Aarskog. Han hadde fyreaat freista skriva loverne aat Lavik privatbank um til norsk. Dette framlegget gjennomgjekk dei saman punkt for punkt. Vidare valde dei J. Aarskog til aa reisa til Lavik og Bergen. Sjur J. Mundal skulde tinga hus.”

Dette sitatet er henta frå møteboka til rådet i banken; frå fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Til liks med andre arkiv inneheld det minne. Kan henda mest om lokale samfunnsbyggjarar i dødvinkelen til dei nasjonale – på norsk. Apropos:

2. I-mål og e-infinitiv

Ivar Aasen reiste oppetter Jostedalen hausten 1855. Då la han merke til utbreiinga av i-mål og e-infinitiv mellom fjella, men reiste samstundes i ein banklaust område. Førti år seinare vart derimot Jostedal sparebank skipa. Grunnlaget for grunnfondet, den eigarlause kapitalen, var bokstavleg tala såkornkapital frå eit statleg kornmagasin i dalen. Langt seinare, i 1979, gjekk delar av arkivet til Jostedal sparebank tapt under ein flaum.

Men dette veit vi: Mange av dei lokale bankbyggjarane gjekk òg i bresjen for innføring av nynorsk skrift i dalføret. Ein av desse var Anders Hjellum (1870-1950); ein av dei “hev gjort mest til og hev mest æra av framgangen [for målreisinga] i Jostedalen”. I 1901 var han med på å innføra landsmålsbøker i skulen, sju år seinare vart han formann i det to år gamle mållaget. I mellomtida hadde han vore styreformann i banken. Seinare kjem Hermund Nilsson Bruheiminn i soga og no opp frå arkivet. Han vart ordførar i 1923, og dreiv fram det endelege gjennombrotet for nynorsk i bygdestyrtinga i Jostedalen. Bruheim tok òg over som kasserar i banken etter far sin, og formann i forstandarskapet i banken i 1937-38.

Våren 1936 brevveksla ordførar Bruheim med fylkesmannen i Sogn og Fjordane om stoda til Jostedal sparebank. Rekneskapane viste at banken arbeidde tungt. Han åtte ikkje likvide midlar og såg konkursskrømtet i kvitaugo. Fylkesmannen vende seg til Noregs Bank i Bergen og uttala at det ville få alvorlege fylgjer for heradet og dei knapt 1 000 sjelene der om banken vart avvikla.

Det neste arkivfunnet er eit politisk minne: St.prp. nr. 10 (1937) Om statstilskot til skiping av nye sparebankar. Stortingsproposisjonen vart målboren av statsråd K. Bergsvik; finansministeren til Nygaardsvold. Der stod der, der les eg fylgjande:

“Jostedal Sparebank, som er skipa i 1895, gjekk konkurs den 22 mai 1936. Konkursstyret har søkt om statsstunad for å atterreisa banken. Det viser m.a. til vedtak på fylkestinget for Sogn og Fjordane frå 23 juni 1936. Søknaden fylgjer saka som uprenta vedlegg. Bankinspeksjonen har etter samråd med den noverande sjefen for Finansdepartementet sagt frå til konkursstyret og fylket, at ein ikkje har rådvelde over medel som kann nyttast til atterreising av den gamle banken, men at Staten kann henda vil yta eit mindre tilskot (kr. 7 000) til grunnfond for ein ny sparebank i heradet”.

Enden på visa vart at både Finansdepartementet og Noregs Bank medverka med 7 500 kroner kvar til grunnfondet i den nye Jostedal sparebank. Samstundes stod Bruheim i spissen lokalt for å samla inn 7 500 kroner frå innbyggjarane i dalen til det same føremålet, noko som var eit vilkår for stønad frå staten. Som elles ikkje kravde pengane attende då banken fusjonerte med sparebankane i Hafslo og Luster tidleg på 1970-talet.

Etter alle mål og solemerke var Jostedal sparebank alltid eit perifert fenomen; mikrofinans på norsk. Men heile tida – ikkje minst midt på 30-talet – vart banken òg sett på som lokalt systemviktig; så å seia ein liten hjørnesteinsinstitusjon med stor H. Alt i alt endå ein dødvinkel i den nynorske offentlegheita.

3. Nynorsk vidvinkel

Bankstellets grammatikk er enkel: Ein bank tek imot innskot frå folk mot å gje innskotsrente, og låner så ut pengar mot trygd og utlånsrente. Samstundes er bankar nervetrådar og blodårer i samfunnslekamen. Det er rimeleg høge odds for at det same kan skrivast og seiast om nynorsken.

So what? spelte Miles Davis. Eg for min del har nytta dei grunne arkivstudiane mine av bankane i Fjærland og Jostedal til å tenkja høgt kring omgrepa fleirtal og mindretal: ei politisering av det nynorske. Vi og me. Eit fleirtalsspråk brukt av eit mindretal. Og omvendt, som i Fjærland og Jostedalen. Der skipa og dreiv politiske menn små institusjonar som kvar på sitt vesle vis var det eg kallar ideviktige for landsmålet/nynorsken: medverka til at grammatikken og ordtilfanget fekk surstoff, fekk pusta.

No høyrer både mennene og bankane deira arkivet til. Men arkivfunna om bankversemd mellom bakkar og berg kan ein bruka til å improvisera; nytta som utgangspunkt for variasjonar over temaa folkestyre på norsk, grunnleggjande demokratiske variablar, overordna konstitusjonelle prinsipp. Kan henda er det alt Fjærland privatbank og Jostedal sparebank er brukande til i dag. Kva så? Av og til er alt like fullt meir enn nok.