Historisk arkiv

Kampen mot lakselusa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg av statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen - på trykk i FiskeribladetFiskaren 21. januar 2009

Innlegg av statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen - på trykk i FiskeribladetFiskaren 21. januar 2009

Det går mot ”chilenske tilstandar” i norsk oppdrettsnæring med lakselus som ikkje lar seg knekke av behandling, og eit regelverk som ikkje tar omsyn til sjøauren, skriv Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag i FiskeribladetFiskaren 7. januar. Utvikling av resistens mot lakselusmiddel og fordeling av ansvaret for å stanse denne utviklinga  var også eit tema i NRKs distriktssendingar i romjula.

Dette er store og viktige tema.

Eg trur vi kan vere einige om lakselus ikkje er eit problem for oppdrettsfisken i dag. Grenseverdiane for når oppdrettslaks skal behandlast er så låge at lusa ikkje utgjer noko helseproblem for laksen i merden. Hovudproblemet er at lakselusa er eit problem for villaks og sjøaure i ein del fjordar. I enkelte fjordar er dette eit stort problem. Ytre del av Hardangerfjorden er eit eksempel på at lakselusa skaper problem for sjøaurebestanden. Det er også difor grenseverdien for når oppdrettaren er pålagd å behandle fisken, er så låg som han er.

Det som gir grunn til bekymring er mellom anna auka mengder potensielle vertar og utvikling av resistens mot kjemiske lakselusmiddel. Dessutan må regelverket ta omsyn til andre anadrome laksefisk enn laks. Spørsmålet blir då kva Fiskeri- og kystdepartementet gjer med dette?

Regelverket endra sommaren 2008

Ei av endringane vi gjorde i regelverket sommaren 2008 var å innføre same tiltaksgrense heile året med tanke på å gi sjøauren same beskyttelse som laksen. Tiltaksgrensa på ei halv vaksen lus eller 3 bevegelege, i gjennomsnitt per oppdrettslaks, er sett for å minimalisere skadeverknadane på viltlevande bestandar. I samband med høyringa var det fleire instansar som ønskte endå lågare tiltaksgrenser. Det vart ikkje gjort fordi både departementet og Mattilsynet meinte at det ville føre til fleire behandlingar, noko som igjen ville auke medisinbruken og dermed auka fare for utvikling av resistens.  Gjennom luseforskrifta får Mattilsynet eit sett med verktøy som kan nyttast i situasjonar der det er spesielt mange vertar, sårbare bestandar, lite lus eller andre spesielle forhold. Blant verktøya er avlusing ved andre grenser enn det forskrifta fastset (høgre eller lågare), samordna avlusing, brakklegging og utsett, eller andre tiltak for å gjennomføre formålet til forskrifta. Dette inneber at Mattilsynet i område med stor biomasse, som for eksempel ytre Hardanger, kan påleggje regionale avlusingar sjølv om dei målte verdiane er mindre enn tiltaksgrensa.

Eit anna aktuelt tema er utviklinga i retning av større merdar og kva det har å seie for driftsrutinane til oppdrettarane, mellom anna høvet til lusebehandling. Det kan sjå ut som det kan vere litt uklart kven som er ansvarleg for å sikre ei forsvarleg drift. La meg difor gjere det heilt klart; Det er dei næringsdrivande, altså oppdrettarane, som er ansvarlege for at regelverket blir halde.

Forskrifta som regulerer dette seier at merdane skal vere slik utforma at det skal ”være mulig å gi fiskene godt stell og god behandling, herunder effektiv medisinsk behandling for alle affiserte individer”. Dersom ein merd er så stor at oppdrettaren ikkje greier å behandle alle fiskane i merden mot lakselus, er merden ikkje i tråd med forskrifta, dvs. han er ulovleg. Oppdrettarar kan ikkje bruke slike merdar i produksjonen sin. Oppdrettarar som er i stand til å gi fiskane godt stell og god behandling, medrekna effektiv medisinsk behandling for alle affiserte individ, driv i tråd med regelverket. Det er Mattilsynet si oppgåve å føre tilsyn med at denne føresegna blir følgd.

Den som har rekvirert eit legemiddel har ansvaret for ein forsvarleg bruk av middelet. Det er altså veterinæren/fiskehelsebiologen som har rekvirert lusemiddelet som har ansvaret for at den medikamentelle behandlinga blir utført i samsvar med gjeldane føresegner. Korrekt bruk av desse midla vil redusere faren for utvikling av resistens betydeleg. Mattilsynet skal også føre tilsyn med at rekvirenten utfører pliktene sine i tråd med regelverket.

Eg er einig med direktøren i Direktoratet for naturforvaltning som nyleg uttalte at vi kan ikkje ha oppblomstringsanlegg for lakselus i viktige fjordar. Stortinget har gjennom behandlinga av St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, gitt dei viktigaste laksestammane særskilt vern ved å opprette 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar. Rett før jul sende Fiskeri- og kystdepartementet på høyring eit forslag til strengare reglar som skal gjelde for oppdrettsverksemd i desse laksevassdraga og laksefjordane. Reglane skal bidra til å verne villaksen, og har som formål å redusere risikoen for rømming, sjukdomsoverføring og forureining frå oppdrettsverksemda. I tillegg vil eg peike på at det, i dei nasjonale laksefjordane, er særleg viktig at Mattilsynet nyttar seg av dei verktøya dei har i dagens luseforskrift.

Særskilte grep i Hardangerfjordområdet

Hardangerfjorden er ikkje ein nasjonal laksefjord. Fiskeri- og kystdepartementet innførte i april 2008 eit mellombels ”frys”-vedtak som gjeld flytting og nyetablering i dette området. Rett før jul fekk departementet eit forslag frå Fiskeridirektoratet og Mattilsynet til ei eiga forvaltningsforskrift for Hardangerfjordområdet. Forslaget vil bli sendt på høyring i løpet av vinteren. Av denne grunn vil det heller ikkje vere aktuelt med nye konsesjonar i dette området i 2009, i samband med tildeling av 65 nye løyve for oppdrett av laks og aure.

Resistensutvikling

På et seminar eg deltok på før jul kom det fram at det kan vere fleire årsaker til at lus i enkelte oppdrettsanlegg blir mindre følsam for eit lakselusmiddel. Det er likevel ikkje tvil om at bruk av større merdar gjer avlusingsoperasjonane vanskelegare. Ei anna viktig årsak er lite variasjon i bruken av lusemiddel. Det er kjent at hyppig bruk av ein type medikament aukar risikoen for å utvikle resistens. Så langt har lokalitetar med denne typen lakselus som er blitt behandla med eit av dei andre lakselusmidla ført til at lusa har forsvunne frå fisken. I situasjonar der kjemien sviktar er det viktig å hugse på at biologisk avlusing med leppefisk er ein metode som lakselusa aldri kan bli resistent mot.
 
Alt regelverk kan bli betre fordi vi får stadig nye erfaringar. Difor vil dagens luseforskrift bli foreslått endra med det første. Det er då aktuelt å foreslå meldeplikt ved nedsett følsomheit og innføring av enkelte andre tiltak som kan bidra til å redusere luseproblema hos villfisk. Samtidig har vi bedt både Havforskingsinstituttet og Norges forskingsråd om at forsking på lakselus får endå høgre prioritet i tida som kjem. Eg ventar at vi i komande år vil få betre kontroll med lusesituasjonen også hos villfisk, slik vi er i ferd med å få kontroll over rømmingsproblema i oppdrettsnæringa.