Historisk arkiv

Transport og Logistikk 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet


Æra forsamling,

Fyrst vil eg takke for invitasjonen til årets transport og logistikkonferanse. Eg er glad for å stå på denne talerstolen også i år. Sidan sist har regjeringa nådd fleire milepælar som påverkar norsk sjøtransportpolitikk. 

  • Hamne- og farvasslova blei vedteke i Stortinget i februar.
  • Nasjonal transportplan blei behandla i Stortinget i juni.
  • Forslag til nytt forskriftsverk til hamne- og farvasslova ble sendt på høring i juli.

Politikken i desse dokumenta har stort sett blitt svært god teke i mot blant aktørane i sjøtransportnæringa. Lovnadene frå Soria Moria I er oppfylde, og Soria Moria II strekar under at på dette området vil det være stø kurs dei neste fire åra. Eg vil og legge til at i disse spørsmåla er det relativt brei politisk einigheit – men samtidig peike på at det måtte ein raud-grøn regjering til får å sette politiske visjonar om i konkret handling.

I innlegget mitt vil eg komme inn på dei viktigaste tiltaka regjeringa vil treffe for å styrke sjøtransportens kår her i landet.

Kvifor satse på sjøtransport?

Norge rår over store havområde og har ei lang kystlinje med mange øyar og lange fjordar.  Langt dei fleste av innbyggjarane i landet bur i nærleiken av kysten. Sjøtransporten er difor ei naturleg og viktig transportform i landet vårt.

I tillegg kan sjøtransporten spele ei nøkkelrolle for å nå dei overordna måla i transportpolitikken knytte til miljø og framkomelegheit.

  • Sjøtransporten er meir miljøvennleg enn vegtransport
  • Meir transport på sjø fører til færre bilar på vegen – og dermed kortare køar og færre trafikkulukker.

Korleis satse på sjøtransport? – regjeringas verkemiddelpakke


Regjeringa ønskjer ein meir konkurransedyktig sjøtransport og meir gods på kjøl, ei markant auke i bevilgnigane til Kystverket skal styrkje sjøsikkerheita, trygge grunnlag for regional utvikling og komme næringslivet sitt transportbehov i møte. Samtidig skal det fremme ei transportform som gir miljøgevinstar.

I transportplanen presenterer regjeringa ein pakke med tiltak for å styrkje sjøtransporten si stilling i marknaden. Vi går inn for:

  • Reduksjon i gebyr og avgifter for sjøtransporten
  • Moderne og framtidsretta hamne- og farvasslovgiving
  • Tilrettelegging for intermodal transport
  • Investeringar og vedlikehald av sjøvegen

Reduksjon i gebyr og avgifter

Regjeringa foreslår å redusere brukarbetalinga for sjøtransporten for å betre sjøtransporten sine konkurransevilkår i høve til vegtransporten. Behovet for reduksjon i sjøtransportens brukarbetaling har vore sterkt signalisert frå sjøtransportnæringa i lengre tid, og Regjeringa tar dette signalet på alvor. I forslaget til neste års statsbudsjett som blei lagt fram i forrige veke foreslår regjeringa å fjerne hamnesikkerheitsavgifta og redusere kystavgifta frå 34 til 30 prosent. Dette gir ein samla avgiftsreduksjon på 27 millionar kroner. Ei ytterlegare reduksjon av Kystavgifta vil vi komme tilbake til i dei kommande budsjetta.

Eg får ofte høyre at sjøtransportens utgifter til losing er for høge. Eg vil understreke at losing er eit viktig sjøsikkerheitstiltak for å førebyggje grunnstøytingar og kollisjonar, og at losing langs norskekysten skal halde fram i offentleg regi.  Det føreligg heller ingen planar om å avvikle betaling for bruk av lostenester. 

Men – eg er sjølvsagt oppteken av at tenestene vi tilbyr er så kostnadseffektive som muleg,  og at dette blir spegla av i gebyrsatsane, slik at sjøtransporten ikkje blir påført unødige kostnader. Det blir difor arbeidd med ein gjennomgang av lostenesta med sikte på effektivisering. Regjeringa vil komme med forslag som gjer bruk av farleibevis meir attraktivt samanlikna med bruk av los, ved at ein større del av den samla betalinga blir lagt på faktisk bruk av los.  I tillegg vil vi vurdere tiltak som gjer det lettare å få farleibevis – mellom anna vil krav til fartstid blir redusert til fordel for faktisk prøving av kompetansen. Vi vil også sjå nærare på utviding av lospliktfrie innseglingskorridorar. Men igjen - sikkerheita til sjøs må stå øvst på agendaen.

Forslag til endringar i lostenesta og gebyra og avgiftene til Kystverket ligg klart i FKD og vil bli sendt på høyring med det første.

Regelverk knytte til hamneverksemd

I tillegg til auka løyvingar er regelverket eit viktig verkemiddel frå staten si side, og eit viktig rammevilkår for sjøtransporten.

Ei ny lov om hamner og farvatn vart, som de sikkert kjenner til, vedtatt av Stortinget i februar i år. Lova skal etter planen tre i kraft 1. januar 2010.  Lova legg til rette for ei effektiv og forretningsmessig hamnedrift med vekt på kostnadskontroll. Dette vil i sin tur komme brukarane og sjøtransporten til gode. Blant anna blir dei tradisjonelle hamneavgiftene erstatta med alminneleg prisfastsetting for dei hamnetenestene som vi leverer, slik at det blir eit meir likt konkurranseforhold mellom sjøtransporten og andre transportformer. Det vil også bli enklare å etablere hensiktsmessige hamnesamarbeid, slik at infrastrukturen kan nyttast meir effektivt. 

For tida blir det arbeida intenst både i departementet og i Kystverket med utforming av forskriftsverket til lova. Forskriftene har vore på høyring og departementet har motteke ca 80 høyringsuttaler. Vi arbeider nett no med å sjå nærare på høyringsinstansane sine merknader og vi har ikkje tatt stilling til alle innspela, men eg kjenner meg trygg på at vi skal få på plass dei nødvendige forskriftene for at lova skal tre i kraft ved nyttår som planlagt. Departementet vil sende ut eit iverksettingsrundskriv til alle kommunane som mellom anna vil ta for seg eventuelle uklarheiter som blir avdekka i høyringa i god tid før lova trer i kraft.

Hamnestruktur og intermodalitet

Koplinga mellom transportformene er nødvendig for å styrke sjøtransporten og står sentralt i Nasjonal transportplan 2010-2019. Ei rekkje ”Stamnetthamner” blir peika på som viktige knutepunkt mellom sjø- og landtransport. Desse hamnene er tilknytte statleg infrastruktur både til lands og til sjøs, og vil bli prioriterte når det er behov for å betre infrastrukturen til og frå hamna.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Kystverkets utgreiings- og planfunksjonar, slik at  etaten styrkjer si rolle i den integrerte nasjonale transportplanlegginga. Kystverket har i dei seinare åra fått eit stendig breiare arbeidsfelt. Eksempel på dette er arbeidet med forvaltningsplanane for Barentshavet og Norskehavet. Utfordringar knytte til implementeringa av internasjonalt regelverk, slik som regelverk for hamnesikring (ISPS), og utvikling av nye system for trafikkovervaking og meldingar til og frå skipstrafikken, er andre eksempel. I budsjettet for 2010 forslår regjeringa å auke planleggings- og administrasjonsbudsjettet til Kystverket med 14,6 millionar kroner.

Infrastrukturen for sjøtransport

Sjøvegen ligg der klar til å brukast, og den er i seg sjølv vedlikehaldsfri. Ein av fordelane med sjøtransport er relativt små investeringar i infrastruktur.
Men – nokon investeringar i infrastruktur er likevel nødvendige for at skipstrafikken skal kunne komme fram på ein både sikker og effektiv måte. Det er ein del flaskehalsar, med for lite djupne og ein del skarpe svingar, som med fordel kan fjernast. Både for å unngå uhell og ulykker, og for å få ei meir tenleg indre skipslei.

Fyr og merke langs kysten er sentralt for trygg navigasjon. Trafikkovervaking og system som AIS og LRIT gjer det stadig tryggare å ferdast langs kysten og på havet. Men også her trengst det kontinuerleg investering og vedlikehald.

Nasjonal transportplan 2010-2019 legg difor opp til ei kraftig satsing på infrastrukturen for sjøtransport.

Fornying av utstyr på trafikksentralane

Kystverket har etablert trafikksentralar for å overvake trafikken i område der trafikken representerer ein særleg risiko for sjøsikkerheit og miljø. Vi har fem slike trafikksentralar langs norskekysten. For å oppretthalde den gode overvakinga av trafikken langs kysten, er det behov for nytt teknisk utstyr, og i statsbudsjettet for 2010 foreslår derfor regjeringa å auke den statlege løyvinga til sjøtrafikksentralane med 25 millionar kroner. Midlane skal føre vidare fornyinga av utstyret ved sentralane, som starta i 2009. 

Navigasjonsinstallasjonar og fartøyfornying

Det er eit betydeleg etterslep på vedlikehald og fornying av  navigasjonsinstallasjonane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til navigasjonsinstallasjonar med 10 millionar kroner. Midlane skal gå til vedlikehald.


Fartøya til Kystverket, som blir brukte til drift og vedlikehald av navigasjonsinstallasjonane, er i dag i snitt over 30 år gamle og vedlikehaldsbehovet aukar for kvart år. I statsbudsjettet foreslår regjeringa å løyve 45 millionar kroner, slik at Kystverket kan starte utskiftinga av fartøyparken. Kystverket vil investere i færre, men multifunksjonelle fartøy som kan brukast både til vedlikehaldsoppdrag og oljevern. Ei slik flåtefornying vil både føre til at kvart skip får fleire operative timar, og at arbeidsoppgåvene blir gjennomførde meir hensiktsmessig.

Investeringar i farleier

Gode farleier gjer det tryggare og meir effektivt å ferdast langs kysten. Dette tek regjeringa på alvor. I NTP har regjeringa prioritert 42 større og mindre tiltak i viktige farleier, og legg opp til at det skal brukast nesten 3 milliardar kroner til dette formålet dei neste 10 åra.

I tillegg til sikkerheit og effektivitet, gjev betre farleier ein betydeleg miljøgevinst. Dette vil også gjere sjøtransporten meir attraktiv som transportalternativ.  I Kystverkets budsjett for 2010 ligg det mellom anna inne ei oppstartløyving til utbetring av farleia inn til Borg hamn, og til tiltak i Måløysundet og Karmsund.

Sjøtransporten i miljøperspektiv

Trusselen om klimaendringar må vere styrande for dei politiske val vi tek både nasjonalt og internasjonalt. Derfor satsar vi på å fremme sjøtransporten – men derfor må vi også treffe tiltak som bidreg til at sjøtransporten blir ennå meir miljøvennleg. 

Vi kan ikkje legge skjul på at skipstrafikken også har utfordringer på miljøsida. Blant anna gjeld dette utslipp av Svoveldioksid og NOx, men også CO2. Det er miljøvinster å innkassere på bruk av både ny renseteknologi og reinare drivstoff.  Derfor applaudere regjeringa prosjekter som "Nyfrakt" som dreier seg om å skape moderne, effektive og miljøvennlige skip som kan gå i fraktetrafikken langs kysten. 

Norge arbeider for at et overordna utslippsmål følgjes opp gjennom et forpliktande regime for klimagassreduksjon under FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Der er Norge ein pådrivar for meir miljøvennleg skipstrafikk. Det er kome på plass tekniske og operasjonelle krav som er frivillige i en prøveperiode, men det foreligg ingen internasjonalt binande avtaler om å redusere klimagassutslipp fra internasjonal skipsfart per i dag. Regjeringa arbeider for at det blir etablert eit utsleppsmål for internasjonal skipsfart sitt totale utslepp av klimagasser.

Vi håpar at klimatoppmøtet i København i desember 2009 vil komme til en slik konklusjon.

Regionalt er Noreg og ein aktiv bidragsytar. Vi deltek i EUs arbeid for å stryke sjøtransporten som miljøvennlig transportform, Noreg tar eit ansvar for overvaking av sårbare havområde i nord og vi følgjer arbeidet med etableringa av Motorways of the Seas. Vi er opptekne av at norske sjøtransportørar har gode utviklingsmulegheiter også utanfor Norges grenser. Derfor har vi gått inn i Marco polo- programmet som gir støtte til prosjekter som fører til at meir gods fraktas på sjø (eller bane). Noreg vil skyte inn nærare 80 millionar norske kroner i Marco Polo i programperioden frå 2008- 2013 – det er opp til dykk her i salen å få pengane til å komme norske aktørar til god.

Avslutning

Regjeringa vil halde fram satsinga på sjøtransport. Det går fram av Soria Moria II og av forslaget til statsbudsjett for 2010. Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan gjennom å foreslå å auke de statlige løyvingane til maritim infrastruktur og tenester med 145 millionar kroner og å redusere avgiftene med 27 millionar kroner  - saman med nytt regelverk knytt til hamner og farvatn, viser vi at vi meiner alvor nå vi seier vi vil satse på sjøtransporten. Med forbetra rammevilkår frå staten si side er det no opp til sjøtransportnæringa sjølv å utvikle konkurransedyktige transportløysingar!