Historisk arkiv

Vraket HMS ”Bittern” blir tømt for olje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Eg er glad for at Kystverket no er i gang med å tømme vraket HMS ”Bittern” ved Namsos for olje. Lekkasjar av olje frå vrak kan vere ein trussel mot naturen, og lekkasjen frå HMS ”Bittern” er det nødvendig å handtere raskt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

- Eg er glad for at Kystverket no er i gang med å tømme vraket HMS ”Bittern” ved Namsos for olje. Lekkasjar av olje frå vrak kan vere ein trussel mot naturen, og lekkasjen frå HMS ”Bittern” er det nødvendig å handtere raskt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Kystverket er på plass i Namsos med fartøyet NSO ”Crusader”, eitt av fartøya i den statlege slepeberedskapen i Nord-Noreg. Dette fartøyet er operasjonsplattforma under arbeidet. Vraket skal tømmast ved hjelp av ein miniubåt. Først borar ein eit hòl i skroget og deretter blir oljen pumpa om bord i overflatefartøyet. Sjølve operasjonen med å tømme vraket for olje er rekna å ta i underkant av to veker.

I statsbudsjettet for 2011 vart det løyvd 30 millionar kroner til å følgje opp Kystverket sin vrakrapport frå 2006. I denne rapporten vurderte Kystverket nødvendige tiltak mot mogleg akutt oljeforureining frå skipsvrak langs norskekysten. HMS ”Bittern” var ikkje blant dei fem vraka som var prioriterte for tiltak, men når det no oppstod akutt oljelekkasje frå vraket, måtte lekkasjen handterast. Tømminga av HMS ”Bittern” kan gjennomførast innanfor den same løyvinga, blant anna fordi bruken av eit fartøy frå den statlege slepebåtberedskapen som operasjonsplattform er med på å redusere kostnadene.

- Eg er glad for at Kystverket i løpet av 2011 vil ha tømt alle dei fem prioriterte vraka. Dette er med på å sikre det marine miljøet, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Vraket av ”Nordvard” ved Moss vart tømt i 2007/2008 og vraket av ”Welheim” utanfor Florø vart tømt i 2008. Kystverket har inngått kontrakt med selskapet Frank Mohn AS for tømming av dei tre attståande vraka. Dette er ”Erich Giese” og ”Neuenfels” ved Narvik og ”Boardale” utanfor Vesterålen. Tømminga av desse vraka for olje er planlagt sluttført i 2011.

Se Kystverkets informasjonsfilm om arbeidet med å tømme vrakene for olje.