Historisk arkiv

Regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2013. Den norske totalkvoten er førebels sett til 134 146 tonn i Nordsjøen og 3451 tonn i Skagerrak.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2013. Den norske totalkvoten er førebels sett til 134 146  tonn i Nordsjøen og 3451 tonn i Skagerrak.

Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Endeleg forskrift blir fastsett når ein avtale med EU er klar.

Det avsett eit kvantum på 1240 tonn til forskings- og undervisningskvotar. 922 tonn av den norske totalkvoten er avsett til tredjeland.

Den norske kvoten er fordelt med 9787  tonn til trålgruppa, 10 185 tonn til kystfartøygruppa og 116 385  tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin del går 109 402  tonn til fartøy med ringnotløyve og 6983 tonn til SUK-gruppa.

Det vert avsett 150 tonn til fartøy i open gruppe i kystgruppa, med maksimalkvotar på 12 tonn. Kvotestigen for fartøy i lukka gruppe går frå 12,8 tonn med garantert kvantum på 8,7 tonn for fartøy under sju meter til 204,8 tonn med garantert kvantum på 139,2 tonn for fartøy mellom 21 meter og 21,35 meter.

For ringnotfartøy vert det innført ei ordning med eigne kvotefaktorar som avgrensar det enkelte fartøy sitt fiske i Skagerrak. Kvotefaktorens storleik vert basert på ei regulering med maksimalkvotar, med ei avgrensa utsegling administrert av Norges Sildesalgslag.