Det er viktig å gripe inn tidleg for å halde barn og unge rusfrie. Det er eit av måla i ein nordisk resolusjon som vart vedtatt under FNs narkotikakommisjon i Wien sist veke.
 
Den nordiske resolusjonen, som vart  fremja av Finland, er basert på eit norsk initiativ, og utarbeidd i et nært samarbeid mellom dei nordiske landa. Resolusjonen fokuserer på å gripe inn tidleg for å halde barn og unge rusfrie.

Medlemslanda vert oppmoda om auka merksemd omkring narkotikarelaterte skader, inkludert risiko knytta til ulovleg bruk av lovlege legemidlar.

Landa vert også oppmoda til å utarbeide ein oppdatert og kunnskapsbasert politikk for førebygging, og sikre at nye og innovative tiltak vert evaluert. Samstundes må tunge rusbrukarar få den hjelpa dei treng. 
 
Noreg har dei siste åra støtta fleire resolusjonar som markerer at CND (Comission on Narcotic Drugs)også må ta eit tydeleg ansvar for koplinga mellom narkotikabruk og hiv.

Noreg var med på å fremje og forhandle fram ein resolusjon om dette under FNs narkotikakommisjon i Wien sist veke.

Denne resolusjonen slår fast at det er viktig å førebygge at narkotikabrukarar vert smitta med hiv, og bidra til at narkotikabrukarar får tilgang til andre tenester, slik som behandling. I  resolusjonen ber ein om at UNODC (United Nations Office on Drugs and Crime) må styrke hiv-arbeid for narkotikabrukarar og fangar.

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på: Facebook | Twitter | Flickr | Youtube