Skal måle kvalitet på sjukehusbehandling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 20.01.2011
Kvaliteten på behandlinga ved norske sjukehus skal målast – og resultata av desse målingane skal vere offentlege. – Dette arbeider vi no for fullt med, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Kvaliteten på behandlinga ved norske sjukehus skal målast – og resultata av desse målingane skal vere offentlege. – Dette arbeider vi no for fullt med, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Ein måte å måle kvalitet kan vere å undersøke kor stor overlevinga er 30 dagar etter sjukehusinnlegging for ulike sjukdomar. Kunnskapssenteret for helsetenesten har hatt eit forskningsprosjekt på dette. Resultata viser seg å vere usikre fordi to av dei største sjukehusa ikkje har levert data.
- For å få gode målingar på kvalitet – det me kallar kvalitetsindikatorar – er det svært viktig at alle sjukehus leverer data. Helse- og omsorgsdepartementet sender derfor brev til alle helseregionane med klar beskjed om at alle sjukehus skal levere data til utvikling av kvalitetsindikatorane, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Departementet har også bedt Helsedirektoratet jobbe med korleis vi kan gjere kvalitetsindikatorane gode og tilgjengelege.
I oppdragsdokumentet til helseforetaka stiller regjeringa krav om at sjukehusa skal rapportere på fleire kvalitetsmål. Når tala kjem vil regjeringa at dei skal gjerast lett tilgengeleg for alle.