Staten pliktar etter § 2 i pasientskadelova å erstatta ei skade som kan ha komme som følgje av tilrådde vaksinasjonar. Dette gjeld også vaksinasjon mot pandemisk influensa. Norsk pasientskadeerstatning har no sendt ut vedtak til tre born som har fått medhald i at dei truleg har fått narkolepsi som følgje av svineinfluensaen Pandemrix. Dette er dei fyrste vedtaka knytt til samanhengen mellom narkolepsi og Pandemrix.

- I tillegg til erstatning vil det være særleg viktig å setje i verk tiltak som kan hjelpe dei aktuelle pasientane og deira familie, seier Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. - Departementet har difor gitt Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar i Helse Bergen HF eit særskilt ansvar for å følgje opp born som har utvikla narkolepsi i samarbeid med kompetansemiljøet ved Oslo universitetssjukehus HF. Dette skal bidra til å styrkje kompetansen i helsetenesta om diagnostikk og behandling av born med narkolepsi, seier Strøm-Erichsen.

Helse- og omsorgsdepartementet har vidare gitt Helsedirektoratet i oppdrag å utvikle ei nasjonal fagleg retningslinje eller rettleiar for diagnostikk, behandling og oppfølging av narkolepsi. Helse Sør-Aust RHF vil og etablere eit nasjonalt kvalitetsregister for narkolepsi. Dette vil vere eit viktig tiltak for forskning og dokumentasjon av oppfølging og behandling av pasientar med narkolepsi.

Les meir på nettsidene til Norsk pasientskadeerstatning