Historisk arkiv

Endringar i reglane om gebyr for søknad om reisebevis og utlendingspass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet har vedteke nokre mindre endringar i utlendingsforskrifta § 17-11 om behandlingsgebyr ved søknad om reisebevis og utlendingspass.

Justisdepartementet har vedteke nokre mindre endringar i utlendingsforskrifta § 17-11 om behandlingsgebyr ved søknad om reisebevis og utlendingspass. Gebyret for barn halverast. Vidare innførast det eit generelt unntak frå gebyr for søknad om utlendingspass der søkaren skal returnere frivillig til heimlandet med assistanse frå IOM eller andre. Nytt er også at det vert kravd fullt gebyr ved søknad om reisebevis eller utlendingspass når tidlegare utstedt reisebevis eller utlendingspass er skadd.

Endringane trer i kraft 1. februar 2011.