Høringsbrev

Høyring – forslag til endringar i bustadoppføringslova og avhendingslova – skjerping av garantireglar og regulering av vidaresal


Justisdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova) og lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova).

Etter bustadoppføringslova § 12 skal entreprenøren stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Departementet gjer framlegg om å utvide storleiken på garantiane og å lengje garantitida. Det blir også gjort framlegg om å endre avhendingslova og bustadoppføringslova slik at det klart går fram at såkalla vidaresalskontraktar fell
innanfor verkeområdet til desse lovene. I det vedlagde høyringsnotatet er det gjort nærmare greie for framlegga.

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsbrevet ved å vende seg til Justisdepartementets lovavdeling, tlf. 22 24 53 99 / 61. Høyringsbrevet er også lagt ut på følgjande internettadresse: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/hoeringer.html?id=1922.

Departementet ber om svar innan 1. februar 2009.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sende som Word-filer til: tore.fjortoft@jd.dep.no.

Med helsing


Inge Lorange Backer e.f.
ekspedisjonssjef


Tore Fjørtoft
lovrådgivar