Statssekretær Elisabet Dahle vitja barnehagen Cizas i Oslo på Samefolkets dag.

- De veit kor viktig barnehagen er for å ta vare på og utvikle det samiske språket og kulturen. Kvar dag gjer samiske barnehagar ein kjempejobb for å styrkje identiteten, språket og kulturen til ungane, sa statssekretær Elisabet Dahle då ho gjesta barnehagen Cizas - som på norsk tyder Lille Spurv.

 

Samisk barnehage er ein del av Tøyenparken barnehageeining. Denne barnehagen er ein læringsstad for samiske førskulelærarstudentar og har eit tett samarbeid med Samisk høgskule i Kautokeino. Barnehagen sin kompetanse er viktig å formidle til andre høgskular i landet. Barnehagen har eit tett samarbeid med Sametinget. Vi har i dag om lag 60 barnehagar med samiske barn.

-          Gode samiske barnehagar er ein nøkkel til livkraftige samiske samfunn.  Barnehagen gjer sitt til at barna kan utvikle sin samiske identitet, sa Dahle.

(Foto: KD)

Ester Grossmann er áhkku (bestemor)i barnehagen. Bestefar (áddja) heter Frode Tveterås

Ester Grossmann er áhkku (bestemor)i barnehagen. Bestefar (áddja) heter Frode Tveterås (Foto: KD)