Post 52 Forskingsformål
Løyvinga til Forskingsrådet over post 52 blir
nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde.
Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak
og strategi- og informasjonsarbeid i Forskingsrådet.
Løyvinga til fagområda blir fordelt på fleire
verkemiddel. Dei viktigaste er fri prosjektstøtte og støtte
til ulike program. Fri prosjektstøtte er eit hovudverkemiddel
for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga, uavhengig
av fagområde og politiske føringar. Mange grensesprengjande
oppdagingar blir gjorde av forskarar med ei lita forskingsgruppe
som er oppteken av eit spesifikt problem. Ordninga med fri prosjektstøtte
er den raskaste og beste måten å fange opp forskarinitierte
prosjekt med høgt potensial på. Fagfelleevaluering
sikrar at dei beste prosjekta vinn fram i konkurransen. Fri prosjektstøtte
kan inkludere midlar til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstipend
og postdoktorstipend og utveksling av forskarar.
Programløyvingar har som hovudformål å byggje
opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa
felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde
føresetnader. Løyvinga frå departementet
går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av
såkalla handlingsretta, eller anvende, program. For å følgje
opp særleg viktige fag- og politikkområde har
Forskingsrådet verkemiddelet
Store
program. Dei store programma er tverrgåande, målretta
satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking
til næringsretta forsking. Midlar frå Kunnskapsdepartementet
over denne posten går per 2007 inn i dei store programma
FUGE,
NANOMAT,
NORKLIMA og
VERDIKT.Programma
er
omtalte under kap. 286 post 50.
For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir
finansierte av Noregs forskingsråd, sjå www.forskningsradet.no.
Løyvinga over post 52 er fordelt på følgjande fagområde
og formål:
Tabell 4.12 Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd.
Fordeling på fagområde og særskilde formål
(i mill. kroner)
Fagområde | 2006 | 2007 | 2008 |
|---|
Humaniora | 116 | 116 | 116 |
Samfunnsvitskap | 95 | 97 | 98 |
Medisin og
helse | 144 | 144 | 144 |
Miljø og
utvikling | 51 | 50 | 48 |
Naturvitskap
og teknologi | 374 | 373 | 374 |
Rekruttering | 46 | 46 | 56 |
Vitskapleg
utstyr, databasar og samlingar | 26 | 10 | 10 |
Internasjonalisering | 951 | 103 | 90 |
FUGE | 51 | 46 | 46 |
Ordning for
finansiering av små driftsmidlar | 40 | 40 | 40 |
Kommersialisering
av forskingsresultat | 7 | 7 | 7 |
Strategiske
oppgåver og informasjon | 51 | 46 | 46 |
Internasjonale
nettverkstiltak2 | – | 5 | 5 |
Tverrfaglege
tiltak3 | 4 | 4 | 3 |
SUM | 1 100 | 1 087 | 1 083 |
1 Løyvinga i 2006 inkluderer
2,7 mill. kroner til finansiering av norsk kontingent til EUs førebuande
program for tryggleiksforsking. Desse midlane er belasta kap. 285
post 52 direkte frå Kunnskapsdepartementet.
2 Løyvinga gjeld finansiering av
den norske noden av eit nordisk senter i molekylærmedisin
tilknytt European Molecular Biology Laboratory (EMBL), som er under
etablering i 2007. Den norske noden er lagd til Universitetet i
Oslo.
3 Løyvinga gjeld Divisjon for store
satsingar.
Rapport for 2006–07
Humanistisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk 116 mill.
kroner til humanistisk forsking i 2006. I 2007 er tildelinga likeins
116 mill. kroner. For 2006 la departementet til grunn at
løyvinga til fri prosjektstøtte skulle styrkjast
med minst 6 mill. kroner i høve til 2005.
I 2006 gjekk om lag 61,5 mill. kroner til fri prosjektstøtte
innanfor humanistisk forsking. Dette var ein auke på vel
8 mill. kroner samanlikna med året før. I 2006
gjekk midlane til 80 prosjekt. Fri prosjektstøtte går
i første rekkje til humanistiske forskingsprosjekt ved
universiteta, høgskolane og andre forskingsinstitusjonar
i Noreg. Ein mindre del går til doktorgrads- eller postdoktorstipend
i utlandet.
Forskinga i nordisk språk og litteratur vart evaluert
i 2005. Evalueringa viste at det er mykje forsking på høgt
nivå, men ikkje alle delar av faget er like godt dekte.
Eit utval nedsett av Forskingsrådet har i 2007 komme med
ei innstilling som gir råd om vidare oppfølging.
Forskingsrådet har lyst ut oppfølgingsmidlar i
form av
Institusjonsforankra strategiske prosjekt (ISP).
Publiseringsstøtteordninga for humanistisk og samfunnsvitskapleg
forsking skal stimulere til auka vitskapleg publisering og fremme
kvalitetsutvikling av relevante publiseringskanalar. Vel 5 mill. kroner
vart fordelte gjennom ordninga i 2006.
Program for kulturforsking er den
største programsatsinga innanfor humaniora, og programmet
har som mål å utvikle den teoretiske og allmenne
forståinga av samfunn og kultur. Programmet skal avsluttast
i 2007.
Program for samisk forsking vart avslutta
i 2006. Ei oppsummering har vist at programmet har betydd mykje
både for rekruttering til og formidling av samisk forsking.
Programmet har også vore viktig for utviklinga av samisk
som vitskapsspråk. Dette har vore viktige målsettingar
for programmet. Det er tildelt 15 studentstipend, ni doktorgradsstipend
og eitt postdoktorstipend. Programmet har særleg lykkast
med å rekruttere fleire kvinner til forsking. Eit nytt
program har starta opp i 2007. Det skal gå over ti år,
med evaluering etter fem år.
Kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi(KUNSTI)
vart avslutta i 2006. Programmet har gitt resultat i form av teoriutvikling,
publikasjonar og nyutvikla bruksmåtar. Programmet har også medverka
positivt til rekrutteringa på feltet. Forskingsrådet
vil føre satsinga vidare og har førebels stilt
midlar til rådvelde for 2007.
Fleire program har delt finansiering med samfunnsvitskap. Det
gjeld
Program for samisk forsking, Kjønnsforsking
og Kommunikasjon, IKT og medier. Midlar til humanistisk forsking
går også inn i programma
Etikk,
samfunn og bioteknologi, Velferdsprogrammet og
Innvandrings- og migrasjonsforsking (IMER).
Innanfor fri prosjektstøtte vart det i humanistisk forsking
løyvd midlar til 27 doktorgradsårsverk (52 pst.
kvinner) og 30 postdoktorårsverk (53 pst. kvinner)
i 2006.
Samfunnsvitskapleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 95 mill.
kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2006. I 2007 er tildelinga
om lag 97 mill. kroner.
For samfunnsvitskapleg forsking la departementet til grunn at
fri prosjektstøtta skulle styrkjast med minst 4 mill. kroner,
og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare. Samstundes
skulle Forskingsrådet halde fram arbeidet med tiltak som
fremmer kvalitet i forsking, mellom anna gjennom fleire fagevalueringar.
Desse måla har i stor grad vorte nådde.
Midlane finansierte 71 prosjekt innanfor fri prosjektstøtte
i 2006, med statsvitskap som det største enkeltfaget. Innanfor
fri prosjektstøtte vart det i samfunnsvitskapleg forsking
løyvd midlar til 21 doktorgradsårsverk (33 pst.
kvinner) og ni postdoktorårsverk (78 pst. kvinner).
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk til
Program for kvinne- og kjønnsforsking,
Program for samisk forsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Programma
får også midlar frå løyvinga
til humanistisk forsking. For å medverke til rekruttering
og grunnforsking gjekk løyvinga frå Kunnskapsdepartementet òg
til samfinansiering av handlingsretta program. Dei programma som
har størst finansiering er
Velferdsprogrammet,
Arbeidslivsforskingog
Internasjonal
migrasjonog
etniske relasjonar.
Midlane til samfunnsvitskapleg forsking finansierer dessutan
basisløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste
og institusjonsstøtte til ARENA (Advanced Research on the
Europeanisation of the Nation-State).
Forskingsrådet held fram med arbeid som fremmer kvalitet
i forskinga, mellom anna fagevalueringar. Ei evaluering av økonomifagleg
forsking vart starta i 2006. Forskingsrådet arbeider med å setje
i gang fleire evalueringar, om mogleg med ein forenkla metodikk,
slik at fleire fag kan bli evaluerte på same tid. Evalueringa
av pedagogikk som vart avslutta i 2004, har vorte følgd
opp med ein fagplan og utlysing og tildeling av midlar til institusjonsforankra
prosjekt.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Av løyvinga på posten gjekk 144 mill.
kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2006. I 2007 er løyvinga
på nominelt same nivå. For 2006 la departementet
til grunn at fri prosjektstøtte skulle styrkjast med minst
8 mill. kroner i høve til 2005. Forsking av høg
kvalitet skulle prioriterast, mellom anna gjennom fri prosjektstøtte
og internasjonal forskarutveksling. Løyvinga skulle delfinansiere fleire
nye program, og NevroNor-satsinga skulle starte med midlar frå den
auka avkastninga av Forskingsfondet.
Samla budsjett for fri prosjektstøtte var på 110,7 mill.
kroner i 2006, ein auke på 8,5 mill. kroner i
høve til 2005. Om lag 94 pst. av midlane vart fordelte
til universiteta, resten til instituttsektoren og til utanlandsstipend.
Dei fem nye helsefaglege programma
Folkehelse,
Psykisk helse, Klinisk forsking, Helse- og omsorgstenester og
Miljø, genar og helse hadde sitt
første funksjonsår i 2006. Desse programma er
i hovudsak finansierte med midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet.
NevroNor-programmet vart starta i 2006 med eit samla budsjett på 9,7 mill.
kroner, og av desse kom 3 mill. kroner frå denne
posten. I første omgang er det satsa på biletdannande
teknologiar og epidemiologi.
Rekrutteringa er framleis ei stor utfordring innanfor medisin
og helsefag. Forskingsrådet følgjer derfor nøye
med på rekrutteringa av forskarar med bakgrunn i medisin,
odontologi og psykologi. Dette gjeld både forskarutdanning
og studentforsking. I 2006 vart 48 doktorgradsårsverk (60
pst. kvinner) og 43 postdoktorårsverk (45 pst. kvinner) finansierte
innanfor tildelinga til fri prosjektstøtte. Det vart løyvd
11,4 mill. kroner til studentforsking, og Forskingsrådet
finansierte til saman 123 studentstipend i medisinske fag, fordelte
med 15 i psykologi, ni i odontologi og 99 i medisin.
Miljø- og utviklingsforsking
Av løyvinga på posten gjekk 51 mill.
kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2006. I 2007
er tildelinga på om lag 50 mill. kroner. For 2006
la departementet til grunn at aktivitetane i hovudsak skulle førast
vidare på same nivå som i 2005 med hovudvekt på langsiktig,
grunnleggjande forsking. Frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg
kompetanse var prioriterte område. Vidare skulle Forskingsrådet
arbeide for styrkt samarbeid mellom Noreg og Russland om polarforsking
og for betre samordning av forskinga på Svalbard.
25,9 mill. kroner gjekk til fri prosjektstøtte innanfor
miljø- og utviklingsforsking i 2006. Dette var ein auke
på 2 mill. kroner samanlikna med året før. Fagkomiteen
innanfor miljø- og utviklingsforsking finansierte 37 prosjekt
i 2006. Om lag 50 pst. av midlane gjekk til instituttsektoren, og
om lag 42 pst. gjekk til universitets- og høgskolesektoren, medan
dei siste 8 pst. gjekk til forsking utanlands. I 2006 finansierte
fagkomiteen sju doktorgradsårsverk, av desse tre til kvinner,
og tre postdoktorårsverk, av desse det eine til ei kvinne.
Resten av tildelinga gjekk i hovudsak til følgjande
program i Forskingsrådet: NORKLIMA –
Klimaendringar og konsekvensar for Noreg, Globalisering
og marginalisering. Fleir- og tverrfagleg forsking om utviklingsvegar
i sør, Rammebetingelser for ein berekraftig utvikling (RAMBU),
Biologisk mangfald, og til polarforsking.
Det nye programmet
Miljø 2015 er
i ferd med å bli etablert. Hovudtrekka i RAMBUs aktivitetar skal
integrerast i programmet, og det er lagt vekt på å stimulere
til fleir- og tverrfagleg forsking.
Under polarforskingsavtalen mellom National Science Foundation
(USA) og Forskingsrådet er det løyvd midlar til
prosjekt for å styrkje samarbeidet mellom amerikansk og
norsk polarforsking. Det er òg løyvd midlar til
prosjekt som skal styrkje samarbeidet mellom norske og russiske
forskarar på Svalbard. Svalbard Science Forum (SSF) arbeider
med koordinering av forsking på Svalbard, og har i 2006
utarbeidd ein internasjonal forskingsplan for Ny-Ålesund.
Vidare har SSF arbeidd med stipendsøknader frå norske
forskarar og studentar for å få dekt meirkostnader
til feltforsking på Svalbard.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Av løyvinga på posten gjekk om lag 374 mill.
kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2006. I 2007
er tildelinga på om lag 373 mill. kroner. For
2006 la departementet til grunn at fri prosjektstøtte skulle
styrkjast med minst 30 mill. kroner i høve til 2005.
I 2006 gjekk 159,8 mill. kroner til fri prosjektstøtte
innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking. Dette er i tråd
med dei måla som vart sette. Midlane gjekk til 228 prosjekt.
Innanfor fri prosjektstøtte vart det i naturvitskapleg
og teknologisk forsking løyvd midlar til 80 doktogradsårsverk (25
pst. kvinner) og 75 postdoktorårsverk (26 pst. kvinner)
i 2006.
I 2006 finansierte Kunnskapsdepartementet følgjande
grunnforskingsprogram knytte til internasjonale forskingsorganisasjonar:
Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking
(European Space Agency, European Incoherent Scatter Scientific Association,
Nordic Optical Telescope) og ESRF-følgjeforsking (European
Synchrotron Radiation Facility). Denne følgjeforskinga
vart styrkt med om lag 6 mill. kroner. I tillegg vart mellom
anna følgjande forskingsprogram finansierte:
Katalyse og organisk syntetisk kjemi, Berekningsorientert
matematikk i anvendelser og
eVitenskap – Infrastruktur, Teori
og Anvendelser. Innanfor e-infrastruktur vart superdatamaskinen
Njord installert ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(NTNU) i 2006, noko som gir forskingsmiljøa ein monaleg auke
i tungrekneressursane.
Etter oppdrag frå departementet utarbeidde Forskingsrådet
eit utkast til nasjonal strategi for å styrkje grunnforsking
innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-faga). Dette
var ei oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005)
Vilje til forskning. Utkastet tilrår
ei samordna satsing med konkrete forslag til tiltak knytte til rekruttering,
fag og disiplinutvikling, utstyr og annan infrastruktur, samt internasjonalisering.
Forskingsrådet arbeidde i 2006 med oppfølging av
rapporten
Visjon 2015 – Rom for forsking.
Rapporten kartla behov og moglegheiter innanfor forsking som utnyttar
rommet. Basert på denne utgreiinga har Forskingsrådet
fremma forslag om eit nytt, utvida romforskingsprogram frå 2008.
Grunnforskingsprogrammet
Katalyse og organisk
og syntetisk kjemi (KOSK) har hatt som hovudmål å gi
auka verdiskaping innanfor norsk kjemisk industri. Fleire av prosjekta
innanfor KOSK er internasjonale samarbeidsprosjekt, av desse er nokre
del av EU-nettverk. Aktivitetane i programmet blir vidareførte
i programmet
Katalyse og organisk syntetisk
kjemi II(KOSK II) som startar i 2007.
NANOMAT-programmetskal styrkje kompetansen
innanfor nanoteknologi og nye materialar. I 2006 vart det utarbeidd
ein nasjonal strategi for nanovitskap og -teknologi. Strategien
tilrår fire tematiske satsingsområde der Noreg
har fortrinn og kompetanse å byggje på. Energi
og miljø blir prioriterte høgst.
Løyvinga til IKT-senteret Simula AS på Fornebu
vart i 2006 ført vidare med ei samla ramme på 49 mill.
kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet.
I tillegg vart det frå Kunnskapsdepartementet løyvd
5 mill. kroner til forskarskole. Forskarskolen vart opna
i august 2007. Simula AS vart òg tildelt eit
senter for framifrå forsking (SFF)
i 2006, kalla Centre for Software components for biomedical flows.
Dei ingeniørvitskaplege faga vart evaluerte i 2004,
og ein fagplan vart utarbeidd i etterkant. I 2006 vart det løyvd
42 mill. kroner over ein treårs periode til
institusjonsforankra
strategiske prosjekt (ISP) som ei oppfølging av fagplanen.
Formidlingsprogrammet, som mellom anna skal auke interessa til
barn og unge for realfag og teknologi, gir støtte til nettstader,
skolekonkurransar og tv-formidling av forsking til barn. I 2006
vart det òg gjennomført tre prosjekt for å auke
kunnskapen om kva som påverkar barn og unges interesse
for desse faga.
Rekruttering
Tildelinga til rekruttering gjeld ordninga med
Yngre
framifrå forskarar (YFF) og rekruttering av forskarar
innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren. For 2006 la departementet
til grunn at løyvinga til YFF skulle vere minst 30 mill. kroner
og at om lag 15 mill. kroner skulle nyttast til rekruttering innanfor
fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren.
Tildelinga til ordninga
Yngre framifrå forskarar (YFF)
var om lag 30 mill. kroner i 2006 og tilsvarande i 2007.
I tillegg har Forskingsrådet i 2006 tildelt 11 mill.
kroner til YFF frå avkastninga frå Fondet for
forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. Ordninga gir yngre,
særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde
ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal
toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar.
Etter vurdering av utanlandsk fagekspertise peika Noregs forskingsråd
i 2004 ut 26 forskarar frå ulike fagområde som
fekk inntil 2 mill. kroner i årleg støtte.
Av desse var fire kvinner. I 2006 lyste Forskingsrådet
ut midlar til nye YFF. Forskingsrådet fekk 179 søknader,
og våren 2007 vart det tildelt til 20 prosjekt/kandidatar,
av desse er åtte kvinner.
Gjennom YFF tek Forskingsrådet dessutan del i ei europeisk
ordning kalla
European Young Investigators (EURYI).
Det norske bidraget er på 2 mill. kroner årleg
i ein femårsperiode. Ein norsk forskar nådde opp
i konkurransen i 2006.
Av løyvinga på posten gjekk 16 mill.
kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks-
og landbrukssektoren i 2006. I 2007 var tildelinga likeins 16 mill.
kroner. Midlane finansierer om lag 15 doktorgradsårsverk
(60 pst. kvinner) og åtte postdoktorårsverk (45
pst. kvinner).
Vitskapleg utstyr
I 2006 var tildelinga til innkjøp av vitskapleg utstyr gjennom
utstyrsutvalet 21 mill. kroner over ordinært budsjett.
I tillegg vart det løyvd 4,7 mill. kroner til
NTNU Nanolab i desember 2006. Ut ifrå eit ønske
om å redusere dei budsjettmessige overføringane
bestemte Forskingsrådet at 200 mill. kroner av
likviditeten skulle nyttast til vitskapleg utstyr og e-infrastruktur.
Midlane vart tildelte våren 2007.
I 2007 var løyvinga over denne posten 10 mill. kroner.
I tillegg vart det løyvd 12 mill. kroner til slikt
utstyr frå den auka avkastninga frå Fondet for forsking
og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.
Forskingsrådet skal i løpet av 2007 utarbeide ein
nasjonal strategi for investering i forskingsinfrastruktur, mellom
anna vitskapleg utstyr.
Internasjonalisering
Løyvinga gjeld det arbeidet Noregs forskingsråd gjer
for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid,
og omfattar mellom anna EU-samarbeid, bilateralt samarbeid og nordisk
samarbeid.
Løyvinga til internasjonalisering var 95 mill. kroner
i 2006 og 103 mill. kroner i 2007. Tiltak for å stimulere
norske miljø til deltaking i EUs sjette rammeprogram og
førebu deltaking i EUs sjuande rammeprogram (2007–13)
har hatt høg prioritet. Nasjonal tilleggsfinansiering blir
vurdert som naudsynt for å sikre og auke deltakinga frå norske forskingsmiljø.
Forskingsinstitutt som er tildelte finansiering gjennom EUs rammeprogram,
har sidan 2004 motteke delfinansiering frå Forskingsrådet
for å følgje opp EU-prosjekta best mogleg. Ordninga
er basert på løyvingar frå ulike departement,
og har vore sentral for å stimulere til deltaking frå norske
forskingsinstitutt i det sjette rammeprogrammet. Totalt har 152
prosjekt vorte støtta i 2006. Ei ordning med støtte
til etablering av forskingsprosjekt har medverka til fleire gode
søknader både til rammeprogrammet og EUREKA. Forskingsrådet
har i tillegg nytta store ressursar på å rettleie
forskingsmiljøa i spørsmål om EU-prosjekt.
Norske forskingsmiljø har gjort det godt innanfor viktige
nasjonale områder i det sjette rammeprogrammet, jf. omtale
under kap. 288 post 73.
Nasjonale ekspertar i Kommisjonen medverkar til at Noreg får
auka nytte av deltakinga i rammeprogrammet. Det var i 2006 seks
norske nasjonale ekspertar innanfor forsking i Europakommisjonen.
Noreg har delteke i eit EU-program innanfor tryggleiksforsking.
Dette har vore ei førebuing for ei større satsing
på tryggleiksforsking i det sjuande rammeprogrammet for
forsking og teknologisk utvikling.
Forskingsrådet har teke på seg ansvaret for å vere
eit mobilitetssenter i det europeiske nettverket av mobilitetssenter
(ERAMORE). Forskingsrådet har òg fått
støtte frå EU til å etablere ein norsk nettportal
som er kopla opp mot EUs eigen nettportal for forskarmobilitet,
www.eracareers.com. Gjennom å gi strukturert informasjon
om reglar o.a. skal det norske mobilitetssenteret og portalen vere
eit hjelpemiddel for både norske og utanlandske forskarar
som ønskjer eit opphald utanfor sitt eige land.
Forskingsrådet har i 2006 arbeidd vidare med oppfølging
av ein strategi for norsk forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika
frå 2004, mellom anna i samarbeid med Innovasjon Noreg. Gjennom
Leiv Eiriksson mobilitetsprogram vart
det i 2006 gitt støtte til 30 stipend, dei fleste gjeld
opphald i USA og Canada. Forskingsrådet har òg
lagt til rette for auka bilateralt forskingssamarbeid med Japan,
Kina, India, Russland, Sør-Afrika og Frankrike. Ei ordning
for å stimulere bilateralt forskingssamarbeid har gitt
støtte til i alt 136 søknader, og dekkjer dei
prioriterte samarbeidslanda USA, Canada, Kina og Japan.
Internasjonalt forskingssamarbeid knytt til nordområda
har vore prioritert i Forskingsrådet, særleg samarbeid
med USA, Russland og sentrale EU-land. Nordisk forskingssamarbeid
er styrkt gjennom etablering av mellom anna organisasjonen NordForsk,
som har ansvar for nordisk samarbeid innanfor forsking og forskarutdanning.
Forskingsrådet har mellom anna delteke i eit arbeid med å etablere
nordiske senter for framifrå forsking.
FUGE
Funksjonell genomforsking har som mål å finne
ut kva for funksjon gen og protein har og korleis dei verkar saman.
FUGE er oppretta for å styrkje
forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking
i Noreg, og for å medverke til at Noreg blir ein likeverdig
internasjonal partnar på feltet. Tildelinga over denne
posten var på 51 mill. kroner i 2006. I tillegg
har Forskingsrådet i 2006 tildelt 70 mill. kroner
til
FUGE av avkastninga frå Fondet
for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. I 2007
er tildelinga til
FUGE over denne posten
46 mill. kroner.
FUGE starta i 2002 og skal avsluttast
i 2011. Programmet inkluderer fleire fagområde: biologisk
grunnforsking, IKT (bioinformatikk), medisinsk og marin forsking.
Ei hovudsatsing hittil har vore å etablere elleve teknologiplattformer,
som er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde.
Ei midtvegsevaluering i 2006 viser at dei fleste plattformene er
ein viktig ressurs for forskingsmiljø og bedrifter og fungerer
på eit godt internasjonalt nivå. Nokre av dei
har ikkje fått den nasjonale statusen dei skulle ha, og
det blir tilrådd omstruktureringar. Konseptet med nasjonale teknologiplattformer
skal vidareførast i neste fase fram mot 2011, og fleire
skal etablerast. Hausten 2006 vart GenoFisk, ei nasjonal plattform
for funksjonell genomforsking på torsk og laks, etablert.
Samarbeidet med
FORNY og Innovasjon
Noreg for å styrkje norsk næringsutvikling i bioteknologi har
halde fram i 2006. Internasjonalt deltek
FUGE i tre
ERA-net (jf. kap. 288 post 73) og i ulike
samarbeidsaktivitetar med Nord-Amerika og Norden. Rekruttering er
ein viktig del av satsinga, og programmet finansierte 47 doktorgradsårsverk
og 33 postdoktorårsverk i 2006, i tillegg til 15 karrierestipend.
Ordning for finansiering av små driftsmidlar
I 2006 og 2007 vart det løyvd 40 mill. kroner til ei mellombels
ordning for å auke tilgangen på små driftsmidlar
til vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. I
samsvar med forslaget i St.meld. nr. 20 (2004–2005)
er ordninga meint å vare til 2010. Sjå nærmare
omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet.
Institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har
handsama og prioritert søknader, og sendt ei samla innstilling
til Forskingsrådet, som vurderer om søknadene
tilfredsstiller gjeldande krav. I 2006 vart det gitt midlar til
alle dei 41 institusjonane som søkte ordninga. Totalt vart
det gitt midlar til 1 378 forskarar. Institusjonane set
stor pris på ordninga og understrekar at forholdsvis små driftsmidlar
har stor verdi for det einskilde forskingsmiljøet.
Kommersialisering av forskingsresultat
Kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet
og høgskolar er eit mål for Regjeringa. Det er
mellom anna lagt til rette for dette ved at institusjonane i universitets-
og høgskolesektoren har fått større fridom
til å opprette eigne aksjeselskap, sjå omtale
under programkategori 07.60. I 2006 vart det i alt løyvd
om lag 13 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet
til FORNY-programmet. 7 mill. kroner av midlane gjekk over denne
posten, medan 6 mill. kroner vart løyvd over kap.
281 post 01. Løyvinga gjekk til teknologioverføringskontora
ved universiteta og infrastrukturtiltak ved institusjonane i universitets-
og høgskolesektoren. Nærings- og handelsdepartementet
har i samråd med Kunnskapsdepartementet sett i gang eit
arbeid for å greie ut og vurdere dei ulike offentlege aktørane
og verkemidla innanfor kommersialisering av forsking. Målet
er å sjå på behovet for auka samarbeid,
arbeidsdeling og forenkling med sikte på auka verdiskaping.
Arbeidet skal vere ferdig i løpet av 2007.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane i Forskingsrådet omfattar
mellom anna forskingspolitisk rådgiving, styrking av kunnskapsgrunnlaget
for forskings- og innovasjonspolitikken, formidlingstiltak og arbeid med å styrkje
den rolla Forskingsrådet har som møteplass for
aktørane i forskingssystemet.
Av løyvinga på posten gjekk 51 mill.
kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2006. I
2007 er tildelinga 46 mill. kroner.
Forskingsrådet har i løpet av 2006 styrkt arbeidet
med kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken.
Eit nytt prosjekt,
Kunnskap om kunnskap,
har som formål å systematisere kunnskapsgrunnlaget
og sikre at det kan takast i bruk i Forskingsrådet og av
andre aktørar. Forskingsrådet har òg
arbeidd med å følgje opp faglege tilrådingar
frå foresightprosjekta som vart fullførte i 2005,
samt med å vurdere foresightarbeidet.
Nasjonal FoU-statistikk er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget
for forskings- og innovasjonspolitikken. Statistikken blir laga
av NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning og Statistisk
sentralbyrå (SSB) og finansiert av Forskingsrådet.
I samarbeid med NIFU STEP og SSB utarbeider Forskingsrådet
rapporten
Det norske forskings- og innovasjonssystemet – statistikk
og indikatorar annakvart år. Den siste kom i februar 2006.
Rapporten gir eit samla bilete av tilgjengeleg statistikk for FoU
og innovasjon, forutan analysar og internasjonale samanlikningar.
Det daverande Utdannings- og forskingsdepartementet oppretta
i 2004
Komité for integreringstiltak – Kvinner
i forsking, og det vart avsett til saman tre mill. kroner
til dette arbeidet i 2006. Kunnskapsdepartementet evaluerte tiltaket
hausten 2006, og det vart vedteke at komiteen skulle vidareførast
for ein ny treårsperiode. Den nye komiteen starta arbeidet
sitt 1. april 2007. Forskingsrådet har vedteke
ein policy for likestilling og kjønnsperspektiv i forsking.
Forskingsrådet har forvaltningsansvar for KILDEN
(informasjons- og dokumentasjonssenteret for kvinne- og kjønnsforsking),
Teknologirådet og dei tre nasjonale forskingsetiske komitéane
for medisin, naturvitskap og teknologi og samfunnsvitskap og humaniora
(NEM, NENT og NESH). I 2006 vurderte ei arbeidsgruppe eventuelle
endringar i mellom anna eigartilhøve, finansiering og lokalisering
av KILDEN. Arbeidsgruppa tilrår at Forskingsrådet
framleis skal ha ansvar for senteret, at kjerneoppgåvene
skal vere knytte til formidling av kjønnsforsking nasjonalt
og internasjonalt, at Forskingsrådet skal styrkje kontakten
med og bruken av KILDENs kompetanse, og at grunnløyvinga
skal styrkjast.
Verksemda i regi av dei nasjonale forskingsetiske komitéane
vart i 2006 evaluert av ein nordisk komité nedsett av Forskingsrådet.
Evalueringsrapporten er positiv, og det norske forskingsetiske komitésystemet
blir karakterisert som eit velutbygd system med ei brei og fagleg
velfundert forskingsetisk vurdering. Gjennom forskingsetikklova,
som tredde i kraft 1. juli 2007, vart dei nasjonale forskingsetiske
komitéane lovfesta.
Forskingsrådet har halde fram med å utvikle formidlingstiltak
retta mot allmenta. Formidlinga skjer mellom anna gjennom bladet
Forskning og nettstaden
forskning.no.
Bladet
Forskning merkar ein jamt stigande
etterspurnad, og opplaget kom i 2006 opp i 18 500. Nettstaden
forskning.no er vel etablert som kjelde
til nyhende frå norsk og internasjonal forsking og blir
mellom anna mykje brukt av redaksjonar, journalistar og skoleelevar.
Nettstaden hadde i gjennomsnitt 410 000 unike besøk kvar
månad i 2006. Forskingsrådet deler òg
ut ein formidlingspris og ein pris for framifrå forsking.
Forskingsdagane 2006 hadde etikk som hovudtema og Ibsen-jubileet
som deltema. Mediedekninga var større enn nokon gong med
om lag 700 oppslag, og den internasjonale kontakten har auka.
Nysgjerrigper har ei rekkje tiltak for
og tilbod til barn. Målet er å auke interessa
for forsking og på lang sikt å leggje grunnlag
for framtidig rekruttering til forskaryrket. Forskingsrådet
samarbeider med
Stiftelsen ungdom og forskning om
konkurransen
Unge forskarar.
Mål for 2008
Forskingsrådet skal i 2008 nytte løyvingane
på posten til :
Å syte for at dei beste forskingsmiljøa
får gode vilkår uavhengig av fagområde.
Å følgje opp dei tematiske og teknologiske
prioriteringane i forskingsmeldinga.
Å medverke til god og balansert rekruttering til norsk
forsking, med vekt på postdoktornivå.
Å syte for god nasjonal arbeidsdeling og prioritering
i samband med investeringar i avansert vitskapleg utstyr og infrastruktur.
Å medverke til styrkt internasjonalisering av norsk
forsking.
Å drive systematiske fag- og disiplinevalueringar
og følgje opp desse.
Budsjettforslag for 2008
Løyvinga på kap. 285 post 52 blir vidareført
på om lag same nominelle nivå som i 2007. Fordi
størstedelen av løyvinga er finansiert av avkastninga
frå Forskingsfondet, er løyvinga ikkje lønns-
og prisjustert. Aktivitetane som får midlar over posten skal
i all hovudsak vidareførast på om lag same nivå som
i 2007. Midlane skal fordelast om lag slik som vist i tabell 4.12.
Innanfor løyvinga skal Noregs forskingsråd nytte
10 mill. kroner til å setje i verk ei ny ordning
med nasjonale forskarskolar frå hausten 2008. Dette skal
inkludere vidareføring av løyvinga til forskarskolen
ved Simula-senteret. I tillegg til løyvingane over post 52
blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som
i 2007, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak
III nr. 1.