Historisk arkiv

Betre tilgang til læremiddel for elevar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- For første gong har vi gjort ei kartlegging av læremiddelsituasjonen for elevane ved skulestart. Dei fleste elevane har i haust fått lærebøkene i rett tid. Det er bra. Men framleis ser vi problem og forseinkingar når det gjeld læremiddel på nynorsk, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

- For første gong har vi gjort ei kartlegging av læremiddelsituasjonen for elevane ved skulestart. Dei fleste elevane har i haust fått lærebøkene i rett tid. Det er bra. Men framleis ser vi problem og forseinkingar når det gjeld læremiddel på nynorsk, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Ved skulestart 2007 vart det rapportert om at elevar ved mange vidaregåande skular ikkje hadde fått lærebøkene i rett tid. Kunnskapsdepartementet har derfor sett i verk fleire tiltak for å sikre at elevane ikkje skulle komme i ein liknande situasjon i år:

  • Fylkeskommunane rapporterte i april om korleis dei arbeidde for å sikre at lærebøkene skulle komme fram i rett tid til elevane i dei vidaregåande skulane.
  • I mai kontrollerte Utdanningsdirektoratet at dei største leverandørane av lærebøker var i rute med leveransane sine.
  • Rapport frå alle fylkeskommunane i september om det skulane har kjøpt inn, og om eventuelle årsaker til at noko enno ikkje er på plass.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har no fått rapporten med oversikt over situasjonen ved skulestart i haust.

- Eg er glad for at problema med forseinka læremiddel ikkje har fått same omfang som i fjor. Vi skal halde fram med samarbeidet med partane slik at enda fleire elevar kan få læremiddel i tide hausten 2009, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Forseinka læremiddel

Undersøkinga viser at det også i år er læremiddel som ikkje blir leverte i rett tid. 13 av 19 fylkeskommunar har slike erfaringar i haust. Samstundes viser undersøkinga at problema i år ikkje har same omfanget som i fjor. Da skapte vanskar med leveransar hos forlaga store utfordringar for mange skular og elevar. Kartlegginga viser at fylkeskommunane har fått eit betre system, mellom anna med tidlegare tinging. I år vil læremidla i hovudsak vere på plass i september. Forseinkingane gjeld i størst grad nynorskutgåver.

Dei største utfordringane er knytte til læremiddel som ikkje er tilgjengelege i begge målformer. 13 av 19 fylkeskommunar seier at dei har kjøpt slike læremiddel. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp skuleeigarane tett fram til neste skuleår for å sikre at dei på dette området tek det ansvaret som ligg i opplæringslova.

Rapporten finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider