Betre samarbeid mellom skule og kulturskule
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 09.12.2011
Regjeringa vil frå hausten 2013 setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på skulens barnetrinn i utvalde kommunar. Ein del av stimuleringsmidla på 40 millionar kroner frå Kulturløftet II skal setjast av til prøveordninga.
(Foto: Kulturskolerådet)
Regjeringa vil frå hausten 2013 setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på skulens barnetrinn i utvalde kommunar. Ein del av stimuleringsmidla på 40 millionar kroner frå Kulturløftet II skal setjast av til prøveordninga.
Det vil vere opp til kvar kommune som deltek om tilbodet skal organiserast i samband med SFO eller ikkje. Føremålet er å sjå om det å bruke skulen som arena for eit gratis kulturtilbod skaper eit meir inkluderande tilbod enn dagens kulturskule.
- Eg er nøgd med at samarbeidet mellom kulturskule og barneskule/SFO blir styrkt på ein slik måte. Dette kan samstundes leggje betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
- Dette handlar om å gje eit kulturskuletilbod til alle, uavhengig av foreldra si inntekt og bakgrunn, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.
Også i budsjettet for 2012 har regjeringa føreslått 40 millionar kroner i stimuleringsmidlar til kulturskulane. Samstundes vil ein allereie komande år innrette midla enda tydelegare mot føremålet om styrkt samarbeid med grunnskulen. Hovuddelen av midla i 2012 vil derfor gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskule og skule/SFO. Eit utval med prosjekt som allereie har fått støtte de siste to åra, og som er spesielt gode, vil bli vidareført i 2012.