Kunnskapsdepartementet har no fordelt til saman 212,4 millionar kroner til regionale forskingsfond i 2010, og lokalisering av fonda er avklart.
– Desse midlane markerer startskotet for mykje nyskapande forsking og innovasjon over heile Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte forskings- og utviklingsbehov (FoU) i fylka ved å støtte  FoU-prosjekt initiert av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø. – Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland. 

Dei første utlysingane kjem truleg før sommaren. - Målet mitt er større variasjon i forskinga, seier forskingsministeren.  

Midlane fordelte til dei sju fondregionane for 2010 :

Region Nord-Norge, lokalisert i Troms (Finnmark, Troms og Nordland) : 30, 9 millionar kroner

Region Midt-Norge, lokalisert i Sør-Trøndelag (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal): 24,1 millionar kroner

Region Innlandet, lokalisert i Hedmark (Hedmark og Oppland): 14, 9 millionar kroner

Region Oslo og Akershus, lokalisert i Akershus (Hovudstadsregionen): 27,3 millionar kroner

Region Oslofjorden/Oslofjordfondet, lokalisert i Vestfold (Østfold, Vestfold, Buskerud og Telemark): 32,7 millionar kroner

Region Agder, lokalisert i Aust-Agder (Aust-Agder og Vest-Agder) : 13,2 millionar kroner

Region Vestlandet, lokalisert i Hordaland (Rogaland, Hordland og Sogn og Fjordane): 29,7 millionar kroner

I 2010 skal 27 millionar kroner  av den samla løyvinga på 212,4 millionar kroner mellom anna  nyttast til samarbeidsprosjekt og til eventuell utlysning av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprosjekt. Desse midlane vert fordelte gjennom Forskingsrådet.  

Vertsfylkeskommunane skal kvart år  rapportere til departementet om korleis midlane er nytta.

Fylkeskommunane har sjølv valt kva region dei vil høyre til, og det dei har valt regionale fondsstyre. Styring og administrasjon av dei regionale forskingsfonda skal skje på grunnlag av ein modell av vertskommunesamarbeid.

Dei regionale forskingsfonda vart oppretta 1. januar 2009 med en fondskapital på 6 milliardar kroner. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for fonda. Retningslinjene gir styringslinjer og omtaler oppgåvene og ansvarsområda til dei ulike aktørane.