Historisk arkiv

Ny læreplan i norsk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

- Eg er viljug til å høyre på alle gode framlegg som kan gjere norskfaget betre og som kan løfte nynorsk opp og fram, seier Kristin Halvorsen i samband med at Kunnskapsdepartementet i dag sender svar til Utdanningsdirektoratet om arbeidet med ny læreplan i norsk.

Det har vore mykje merksemd om brevet frå Utdanningsdirektoratet, der dei omtalar arbeidet med ny læreplan i norsk. I dag sender Kunnskapsdepartementet svaret sitt.

Departementet legg til grunn at ei revidering av læreplanen i norsk skal ha som føremål å styrkje språklærings- og språkutviklingsperspektivet for å auke lese- og skrivekompetansen til elevane. Departementet meiner det er viktig at læreplanen framleis  legg vekt på nynorsk sin plass i norsk kultur- og samfunnsliv. Difor er det og viktig at direktoratet klargjer kvifor opplæring i sidemål og kunnskap om nynorsk er viktig. Alle elevar skal lese eit auka omfang av tekstar på nynorsk gjennom heile grunnopplæringa. Det skal framleis vere opplæring i skriftleg sidemål på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Endringar i læreplanen må sjåast i samanheng med vurderings- og eksamensordninga.

Dette er nokre av hovudpunkta i Kunnskapsdepartementet sitt svar til Utdanningsdirektoratet. Departementet vil og at direktoratet vurderer alle faglege innspel i arbeidet med høyringsutkastet, og ønskjer mellom anna at forslaget frå Forum for norskfaget vert utgreidd nærare. Hausten 2012 vil ein sende på høyring eit utkast til ny læreplan. Regjeringa tek stilling til dei ulike forslaga i samband med denne høyringa.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier seg ikkje nøgd med sidemålsopplæringa slik ho er i dag, og er uroa over at så mange vel bort nynorsk som sitt hovudmål. Berre 6,7 prosent av elevane på studieførebuande utdanningsprogram Vg3 hadde nynorsk som hovudmål i 2011.

- Om vi ikkje gjer nokre endringar, er eg redd for at nynorsk som hovudmål forsvinn, seier Halvorsen.

- Eg er viljug til å høyre på alle gode framlegg som kan gjere norskfaget betre og som kan løfte nynorsk opp og fram. Eg inviterer difor til ein open og god dialog med både organisasjonar og einskildpersonar, seier Halvorsen.

I brevet til Utdanningsdirektoratet skriv kunnskapsministeren mellom anna at ein i læreplanarbeidet må vurdere om kompetansekrava i skriftleg hovudmål  og sidemål kan vere ulike. Ho strekar samstundes under at den reviderte læreplanen ikkje skal innebere ei svekking av det faglege nivået.

Parallelt med arbeidet med ein ny læreplan i norsk vil departementet sjå på korleis ein kan få fleire til å velje nynorsk som hovudmål. Det skal blant anna setjast ned ei ressursgruppe som skal vurdere ulike tiltak for å snu denne utviklinga.

Brev til Utdanningsdirektoratet 8.2.2012 "Revidering av norskfaget" (pdf)