Historisk arkiv

Nynorskpris for journalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Prisen skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Alle kan føreslå kandidatar og fristen for å kome med forslag

Kultur- og kyrkjedepartementets pris skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Alle kan føreslå kandidatar og fristen for å kome med forslag er 1. mai 2006.

Nynorskpris for journalistar

Kultur- og kyrkjedepartementet oppretta ein nynorskpris for journalistar i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i Førde i 2004. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk, og skal delast ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta, 22.juni i år. Føremålet med nynorskprisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

1. mai 2006 er fristen for å kome med forslag om kandidatar til prisen. Alle kan føreslå kandidatar, og forslaga må ha ei kort grunngjeving. Prisvinnaren vert peika ut av ein ubunden jury, som på fritt grunnlag vel kven som får prisen.

Spørsmål kan stillast til leiar og sekretær for juryen Gry Molvær, tlf. 73 88 12 00, eller Magni Øvrebotten, 57 72 42 42. Merk forslaga med ”Nynorskprisen 06”, og send dei til:

Nynorsk mediesenter,
boks 100,
6801 Førde

eller på e-post: nynorskmediesenter@nrk.no