Kortversjon av "Mål og meining - ein heilskapleg norsk språkpolitikk"

Kortversjon av St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Aldri tidlegare er det her i landet lagt fram eit så omfattande stortingsdokument som på ein systematisk måte drøftar den norske språksituasjonen. Og ikkje sidan 1970 har Stortinget hatt ein brei språkpolitisk debatt på grunnlag av ei eiga melding frå regjeringa.

Forsiden til kortversjonen av Mål og meining

Mål og meining - ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Kortversjon av St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Brosjyren er i pdf-format

Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa lagt opp til ein offensiv språkpolitikk. Rammene for ein slik politikk vart skisserte i stortingsmeldinga – Mål og meining – som Kultur- og kyrkjedepartementet la fram i juni 2008, heretter omtalt som språkmeldinga.