Historisk arkiv

Nynorskprisen for journalistar til Kjell-Erik Kallset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2007 til leiar for politisk avdeling i Dagsavisen, Kjell-Erik Kallset. - Han får prisen for å ha kjempa seg til å skrive nynorsk i avisa og for kommentarar med ein stilsikker og fargerik nynorsk, seier leiar for juryen, Gry Molvær.

Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2007 til leiar for politisk avdeling i Dagsavisen, Kjell-Erik Kallset. - Han får prisen for å ha kjempa seg til å skrive nynorsk i avisa og for kommentarar med ein stilsikker og fargerik nynorsk, seier leiar for juryen, Gry Molvær. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og vert delt ut på Dei Nynorske Festspela i Ørsta 28.juni.

Kjell-Erik Kallset er frå Tingvoll på Nordmøre. Fødd i 1967. Han byrja i Arbeiderbladet (no Dagsavisen) 1997 og var den fyrste tilsette som fekk skrive nynorsk i avisa.

- Då eg begynte i avisa for ti år sida, fekk eg beskjed om at eg aldri kom til å få skrive nynorsk der. Men da Hilde Haugsgjerd vart redaktør nokre år seinare, ba eg om å få lov til å skrive kommentarar på nynorsk. Det var kontroversielt, men redaktøren gav meg lov, og seinare har fleire journalistar i Dagsavisen nytta nynorsk, seier Kallset

Han har fått mange reaksjonar på språket sitt, men dei negative reaksjonane kjem når han skriv bokmål.

-  Det eg veit har Dagsavisen ikkje fått negative reaksjonar på at spaltene er opna for nynorsk. Når andre redaktørar ikkje tillet bruk av nynorsk, har dei ein ugrunna frykt for marknaden, for å miste lesarar. Eg tykkjer det er viktig at journalistar tek debatten om nynorsk med redaktørane sine. Norske redaktørar er høge og mørke når det gjeld ytringsfridomen og rettane til einskildindividet, men ikkje når deira eigne journalistar ber om å få skrive nynorsk. Det er eit stort paradoks for meg, seier Kallset.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. – Kjell-Erik Kallset fyller alle kriteria og skal nynorsken vinne fram i den trykte pressa er han avhengig av folk som Kallset, seier juryeleiar Gry Molvær. Med seg i juryen har ho sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten er skrivar for juryen. Prisen vart delt ut for fyrste gong i fjor, til NRK-journalist Linda Eide.

I samband med prisutdelinga vert det ein debatt om nynorsk i media der mellom andre prisvinnaren deltek.