Prop. 1 S (2013–2014)

For budsjettåret 2014

11 Internasjonalt samarbeid

Dei viktigaste miljøproblema, klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter, er globale. Skadeverknadene kan komme på heilt andre stader enn der problema har sitt opphav. Fattigfolk med låg energibruk og klimagassutslepp kan bli ramma spesielt hardt av klimautviklinga. Nord- og polarområde blir sterkt påverka av klimaendringar, med surare hav og miljøgifter som skuldast utviklinga i heilt andre delar av verda. Ein kan dessutan ikkje sjå desse problema isolert frå kvarandre. Endringane vil kunne skape problem både for ville arter og økosystem og for landbruket i viktige område.

Dei store miljøutfordringane kan berre løysast gjennom eit tett samarbeid mellom landa i verda. Her vil dei globale miljøavtalene stå heilt sentralt. På same tid er drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed òg miljøutviklinga i aukande grad globale. Samarbeid for å sikre ein god miljøpolitikk må derfor skje innanfor dei organa som har miljø som hovudoppgåve, men òg i fora der ein fastset andre viktige rammevilkår. På fleire område er det store motsetnader mellom ulike land i synet på desse spørsmåla. Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Dette inneber sterk innsats for å løyse miljøproblema og vidareutvikle miljøpolitikken internasjonalt og nasjonalt.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 1: Noreg skal vere ein pådrivar for at EUs politikk- og regelverksutvikling, internasjonale avtaler og samarbeidsorgan på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram UNEP og UNESCO, og rammevilkår for handel og investeringar medverkar til sterke miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar og forvaltningsregime i tråd med Miljøverndepartementets strategi for påverknadsarbeidet overfor EU.

  • Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

  • Norsk miljøforvaltning deltek i samarbeidsprogram i prioriterte land som mottek støtte frå EØS-midlane (2009–2014).

  • FNs miljøprogram som meir autoritativt, relevant og resultatorientert miljøorgan og det faglege tyngdepunktet i FN-systemet på miljøområdet.

  • Målretta arbeid for gjennomføring av strategisk plan for biologisk mangfald 2011–2020.

  • Målretta nordisk samarbeid for aktiv påverknad av globalt og regionalt miljøarbeid.

  • Miljøomsyn integrerte i handels- og investeringsavtaler.

  • Eigne miljøkapittel i bilaterale og regionale handelsavtaler.

  • Føresegner i internasjonale avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet som byggjer på prinsippet om at avtalene er likestilte og sidestilte.

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 2: Utviklingspolitikken og samarbeidet med utviklingsland skal medverke til ei grønare utvikling og oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Indikatorar:

  • Styrkt klima- og miljøsamarbeid med Kina, Sør-Afrika, Brasil, India og Myanmar der prosjektporteføljen speglar dei globale miljøutfordringane og medverkar til å styrkje landa si evne til å ta på seg og gjennomføre internasjonale miljøforpliktingar.

  • Gjennomføring av St.meld. nr. 14 Mot en grønnere utvikling med vekt på handlingsplanen for miljøretta utviklingsarbeid, miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling, Energy + og satsinga Rein Energi for utvikling.

  • Miljøforbetringar som følgje av finansieringa av globale miljøtiltak gjennom det globale miljøfondet (GEF).

Internasjonalt samarbeid nasjonalt mål 3: Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda skal reduserast.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis.

  • Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet.

  • Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern.

  • Storleiken på utslepp frå Petsjenga-Nikel.

  • Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

  • Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med norsk samarbeidspartnar.

  • Talet på verneområde og forvaltningsområde i Antarktis.

Felles for dei globale miljøproblema er at vi treng sterke internasjonale verkemiddel i tillegg til ein ambisiøs politikk i dei enkelte landa. Dette er ei vanskeleg utfordring i ei verd med store skilnader i ansvar mellom fattige og rike land for dei problema vi står overfor. Globale miljøforhandlingar har derfor i seinare år vore sterkt prega av ei polarisering nord/sør. EU er ein pådrivar i internasjonalt miljøarbeid. Samtidig ser vi òg at land som Kina, India, Brasil, Sør-Afrika og Russland spelar ei heilt anna rolle som miljøpåverkarar og politiske aktørar enn for berre få år sidan. Også på andre politikkområde som gjeld handel og økonomisk politikk er dei globale maktforholda radikalt endra t.d. sidan den første Rio-konferansen om miljø og utvikling i 1992.

Det er òg store skilnader på dei globale miljøproblema. For miljøgifter er utslepp frå innanlandsk produksjon redusert betydeleg dei siste 10 –15 åra. Ein vesentleg del av miljøgiftene som blir tilført områda våre kjem med hav- og luftstraumar frå andre dele av verda eller gjennom handel med produkt. Klimaendringar skuldast summen av utslepp i alle delar av verda samtidig som verknadene kjem både globalt og lokalt/regionalt. Ei positiv utvikling her må skje ved at alle aktørar, ikkje minst land med store utslepp, legg opp til ein aktiv klimapolitikk med tilstrekkelege utsleppskutt. Det globale tapet av naturmangfald er eit resultat av øydelegging av økosystem og tap av arter i tusenvis av område over heile verda. Tiltak for å bremse dette må skje på alle nivå, frå betre naturforvaltning lokalt og nasjonalt til utvikling av effektive internasjonale verkemiddel. Nord- og polarområda er viktige referanseområde for globale trendar innan alle desse områda, spesielt gjeld dette truslane frå klimaendring, forsuring av hav og miljøgifter.

Det er ein nær samanheng mellom utviklinga på ulike miljøområde som klima, naturmangfald og miljøgifter. For eksempel vil globale klimaendringar føre til endra livsvilkår for planter og dyr i dei enkelte landa. Både naturlege økosystem, kulturlandskap og landbruksområde vil bli påverka. For Noregs del kan dette dreie seg om t.d. arktiske naturtypar, økosystem med havis, høgfjellsnatur og oppvekstområde for viktige fiskeslag. Grunnlaget for matproduksjon og busetnad vil kunne bli svekt eller forsvinne over stadig større område etter kvart som havet stig og frekvensen og intensiteten av tørke, varmebølgjer, ekstrem nedbør og flaum aukar. Samtidig vil tilgangen til vatn og jordbruksproduksjon kunne auke i andre område, særleg i nord.

Sjølv om uvissa er stor, er det viktig å erkjenne at klimaendringane vil kunne få langtrekkjande konsekvensar for mattryggleik, økonomisk utvikling, migrasjon og konflikt.

I tida som kjem må ein sjå på alle høve til å nytte den kunnskapen ein har om samverknader mellom miljøområde. Ein må søkje å bryte negative synergieffektar og i staden finne løysingar som kan vere bra for fleire miljøområde på same tid. Vel fungerande og robuste økosystem er t.d. viktige for å redusere trusselen frå klimaendringar. Til dømes vil betre bevaring av skog i dei enkelte landa minske utslepp av drivhusgassar og såleis medverke til å bremse den negative globale klimautviklinga. Betre skogbevaring vil òg bety betre vilkår for naturmangfald og naturlege økosystem, noko som igjen vil ha store positive verknader for dei økosystemtenestene som menneskesamfunnet er så avhengige av. Den norske skogsatsinga er eit viktig bidrag i denne samanhengen.

Miljøpolitikken blir stadig meir prega av samverknaden mellom internasjonalt og nasjonalt nivå. Måla blir i stor grad sette gjennom vedtak i konvensjonane, men dei må nåast gjennom tiltak i enkeltland. For Noreg blir det lagt viktige rammer for miljøpolitikken gjennom at EU utviklar eigne miljøreglar som følgjer opp og utviklar konvensjonane vidare. Miljø er eit sentralt område i Meld. St. 5 (2012–2013) EØS-avtalen og Norges øvrige avtaler med EU. Gjennom EØS-avtala vert dei fleste av EUs miljøreglar gjennomførte i norsk miljølovgiving. På eit område som miljøgifter blir til dømes reglane som gjeld for Noreg i hovudsak utvikla gjennom EUs kjemikalieregelverk og forvaltningsregime. Noreg deltek aktivt i dette arbeidet under Europakommisjonen for å påverke EUs utvikling av reglar. Noreg og EU har ein ambisiøs politikk på kjemikalieområdet, noko som òg gjer det enklare å arbeide for ambisiøse reglar på internasjonalt nivå.

Drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed miljøutviklinga blir i aukande grad internasjonaliserte i dagens globale økonomi. Både EU og Verdas handelsorganisasjon set t.d. viktige rammevilkår for utviklinga i Noreg. Det er derfor viktig å arbeide for eit internasjonalt rammeverk som mogleggjer ambisiøse miljøreglar på nasjonalt, regionalt og globalt nivå, både innanfor dei organisasjonane som har miljø som føremål, innan bilateralt samarbeid og innanfor dei institusjonane som legg rammene for den allmenne utviklinga.

På trass av mange positive utviklingstrekk, er det liten tvil om at tilstanden på område som klima og naturmangfald går i feil retning. Situasjonen har forverra seg for meir enn halvparten av dei miljømåla som er vedtekne av det internasjonale samfunnet (GEO 5 2012) og i sluttdokumentet frå Rio +20, juni 2012, stadfester statsleiarane at samarbeidet for berekraftig utvikling må forsterkast. Arbeidet for eit internasjonalt regelverk som gjer mogleg ein ambisiøs miljøpolitikk inngår i denne innsatsen.

Internasjonalt miljøsamarbeid skjer under globale miljøavtaler som dekkjer klima (jf. resultatområde 11), naturmangfald (jf. resultatområde 1-5), miljøgifter (jf. resultatområde 9) langtransportert forureining og ozonreduserande stoff (jf. resultatområde 10) og under det bilaterale miljøsamarbeidet med ein del sentrale utviklingsland, som Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Kapitlet om internasjonalt samarbeid omfattar òg anna relevant samarbeid (ut over dei reine miljøavtalene) innanfor FN, EU, Verdas handelsorganisasjon, anna samarbeid om handels- og investeringspolitikk og OECD. I tillegg er det eit breitt nordisk og europeisk samarbeid, bl.a. program- og prosjektsamarbeid under EØS-midlane, og gjennom samarbeidet i nord- og polarområda. Gjennom EØS-avtala vert mykje av EUs miljøreglar gjennomførte i norsk miljølovgiving, og det er omtalt under det enkelte resultatområdet. Verkemidla dekkjer både Miljøverndepartementets og andre departement sine ansvarsområde.

Miljøsamarbeid under FN-paraplyen

Ein rapport frå FNs generalsekretær (mai 2010) slår fast at miljøpilaren sakkar akterut samanlikna med dei andre pilarane i berekraftig utvikling. Styrking av internasjonalt styresett for berekraftig utvikling var eit hovudtema på Rio+20 -konferansen. Sjølv om det ikkje vart semje i Rio om å oppgradere FNs miljøprogram til FNs miljøorganisasjon vil Noreg framleis arbeide for dette på sikt.

Arbeidet med å realisere Rio-vedtaket frå 2012 om å utvikle universelle berekraftsmål blir no sett meir under eitt med arbeidet med tusenårsmåla etter 2015. Miljøverndepartementet vil i 2014 arbeide for god ivaretaking av miljødimensjonen i det nye målsettet slik at det både arbeider mot fattigdom og utgjer eit sentralt bidrag til å løyse dei globale miljø- og klimaproblema. Rapporten frå eit høgnivå panel oppretta av FNs generalsekretær («A new Global Partnership») slår fast at ei svakheit med tusenårsmåla er at miljø og utvikling ikkje vart godt nok integrerte i måla, samstundes som klimaendringane i stor grad vil vere avgjerande for i kva grad ambisiøse mål kan nåast. Miljøverndepartementet vil medverke til at utviklingsland som ønskjer det får støtte frå FN til å utvikle ein grøn og inkluderande økonomi. Gjennom det 10-årige rammeprogrammet for berekraftig produksjon og forbruk forankra i UNEP vil Miljøverndepartementet fremje konkret læring i Noreg og i andre land om å foreine vekst og miljø. Departementet vil òg prioritere arbeidet for å styrkje FNs miljøprogram. FNs Generalforsamling vedtok i mars 2013 at UNEPs øvste styrande organ skal heite FNs miljøforsamling (UNEA, United Nations Environment Assembly) og med fulle medlemskapsrettar for alle FNs medlemsland. UNEA skal møtast annakvart år, første gong i juni 2014. FNs miljøprogram må styrkjast i rolla som det viktigaste FN-organet for utforming av politikk på miljøområdet. Frå norsk side vil vi ha spesielt fokus på å styrkje dei normative og kunnskapsgenererande funksjonane, betre styringsstruktur, auka samhandling med andre FN-organ og sivilsamfunn og ved å unngå unødig dobbeltarbeid og kompetansestrid mellom anna ved å lage strategiar for FN-systemets samla innsats på miljøområdet. I denne samanhengen er det òg viktig å følgje arbeidet i det nyoppretta høgnivåforumet for berekraftig utvikling som erstatter FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD). FNs Miljøforsamling i 2014 vil vere ein viktig arena for miljøvernministrane til å diskutere berekraftsmåla og post 2015-agendaen og gi innspel til høgnivåforumet. Det vil vere viktig å medverke til å utvikle vidare arbeidet kring verdsetjing av naturkapitalen. I samarbeid med Utanriksdepartementet og Finansdepartementet vil Miljøverndepartementet særskilt følgje forslaga frå Rio+20-møtet om å supplere måling av brutto nasjonalprodukt (BNP) med måling av utviklinga i naturkapitalen og befolkninga si reelle velferd. Miljøverndepartementet deltek òg i det internasjonale samarbeidet for å styrkje berekraftrapportering frå verksemder. Desse verkemidla vil medverke til bevisstgjering om den økonomiske verdien av å byggje sosial og miljømessig velferd, ikkje minst i privat sektor, den enkelte bedrift og finansmarknaden. Noreg vil òg føre vidare internasjonalt samarbeid knytt til verdiar av økosystemtenester og biologisk mangfald gjennom TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity) og arbeid for å synleggjere naturkapitalen gjennom Verdsbankens prosjekt om verdsetjing av naturkapitalen (WAVES). Eit anna viktig område vil vere å medverke inn i utviklinga av ein FN-prosess for vern av havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, basert på ei økosystembasert forvaltning. Departementet vil òg medverke til å følgje opp FNs generalsekretær sitt initiativ om berekraftig energi til alle (Sustainable Energy for All), der den norskinitierte partnarskapen på klima og energi vil vere ein del av iverksetjinga.

Miljøverndepartementet vil, i tett samarbeid med dei nordiske landa, følgje aktivt opp arbeidet med det internasjonale panelet for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester – Naturpanelet – etter modell av Klimapanelet. Naturpanelet har no meir enn 110 medlemsland og hovudsekretariatet i Bonn vil venteleg vere i aktivitet f.o.m. årsskiftet 2013/2014. Noreg har på vegne av Vestgruppa ein av viseformennene i Naturpanelets første periode. Det tverrfaglege vitskapspanelet hadde sitt første møte i Bergen i 2013. Naturpanelet sitt Plenumsmøte i desember 2013 vil vedta arbeidsprogram for perioden 2014–2018 bl.a. basert på innspel frå medlemslanda. Noreg støtter at Naturpanelet skal bistå konvensjonen om biologisk mangfald i arbeidet med den neste Global Outlook for Biodiversity som skal vere ferdig i 2018. Vidare har Noreg framheva pollinering, havforsuringa sin verknad på livet i havet og degradering av jordsmonnet som moglege tematiske utgreiingar. Noreg vil medverke spesielt aktivt til å styrkje kapasitetsbygging i tilknyting til Naturpanelet sitt arbeid.

FN har teke initiativ for å betre forvaltninga av geografisk informasjon og samarbeidet om slik informasjon mellom landa. FNs økonomiske og sosiale råd har i den samanhengen sett ned ei eiga ekspertgruppe for forvaltning av global geografisk informasjon. Departementet deltek i arbeidet med bistand frå Kartverket.

Viktige internasjonale miljøavtaler

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle vidare nye globale avtaler for å møte miljøutfordringa og skal vere eit føregangsland i oppfylling og implementering av avtaler.

Nokre internasjonale avtaler dekkjer spesielle og regionale utfordringar, mens andre er globale. Mange av miljøavtalene er underlagt FN, fordi eit grenselaust samarbeid er nødvendig for å løyse problema. Miljøforvaltninga deltek i forhandlingar for å utvikle best moglege avtaler, og i arbeid for å medverke til at avtalene blir følgde i praksis. Noreg skal vere ein pådrivar for å sjå miljøutfordringane i samanheng på tvers av det internasjonale samarbeidet for å hindre negative synergieffektar og i staden finne løysingar som kan vere bra for fleire miljøområde på same tid.

Figur 11.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet.

Figur 11.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet.

Her er det gitt ei kort beskriving av dei viktigaste avtalene på miljøområdet, så som klimakonvensjonen, konvensjonen om biologisk mangfald og internasjonale avtaler på miljøgiftområdet. Elles viser vi i ein tabell dei viktigaste avtalene for Noreg. Andre internasjonale avtaler har òg stor innverknad på miljøområdet, her er EØS-avtala i ei særstilling. UNESCO-konvensjonen om verdas kultur- og naturarv, Forørkningskonvensjonen om kampen mot forørkning, Antarktistraktaten og Havrettstraktaten er òg sentrale avtaler for Noreg. Noreg har òg underteikna mange bilaterale avtaler og ministererklæringar på miljøområdet. Ei oversikt over alle internasjonale avtaler på miljøområdet finst på www.miljostatus.no.

Noreg underteikna i 1992 FNs rammekonvensjon om klimaendring (Klimakonvensjonen), som er det sentrale rammeverket for det internasjonale klimasamarbeidet. Konvensjonen er ratifisert av 195 partar. Gjennom Klimakonvensjonen er partane forplikta til å arbeide for at konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren skal stabiliserast på eit nivå som hindrar ein farleg og negativ menneskeskapt påverknad på klimasystemet. Dette skal gjerast gjennom å etablere nasjonale klimastrategiar og gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Klimakonvensjonen inneheld ingen talfesta utsleppsforpliktingar for partane. I Mexico vart det i desember 2010 oppnådd semje om togradermålet, dvs. at vi saman med andre land har forplikta oss til å redusere omfanget av klimaendringane til ein auke i verdas gjennomsnittlege temperatur på under to grader samanlikna med førindustriell tid.

Kyotoprotokollen frå 1997 er ei juridisk bindande internasjonal klimaavtale under Klimakonvensjonen. På FNs klimakonferanse i Doha desember 2012 vart det vedtatt ein ny periode med talfesta utsleppsforpliktingar for ei gruppe land for perioden 2013-2020. I tillegg til Noreg er det vedtatt nye talfesta utsleppsforpliktingar for Australia, EU, Hviterussland, Island, Kroatia, Liechtenstein, Monaco, Sveits, Ukraina og Kasakhstan. Som et supplement til nasjonale utsleppsreduksjonar kan landa kjøpe og selge FN-godkjente kvoter og bruke desse til å oppfylle sine utsleppsforpliktingar under Kyotoprotokollen. Dette for å sikre at klimagassutsleppa blir gjennomførte der dei kostar minst, samtidig som målet for dei samla totale utsleppsreduksjonane står fast. Styrken i Kyotoprotokollen er at den har nedfelt bindande kvantitative utsleppstak for kvert land. Den har felles reglar for korleis landa skal rekne, rapportere, måle og bokføre utsleppsreduksjonar og felles retningslinjer for korleis landa skal bokføre bruk av fleksible gjennomføringsmekanismar. Ei stor veikskap med protokollen er at den i seg sjølv ikkje er tilstrekkelig til å nå togradersmålet. I dag er berre om lag 10-15 pst. av dei globale klimagassutsleppa omfatta av protokollen. I tillegg har meir enn 80 land fastsett mål om utsleppsreduksjonar fram til 2020, men ambisjonane er for låge til å halde oppvarminga under to grader. På FNs klimakonferanse i Durban i 2011 vart partane til FNs Klimakonvensjon samde om å forhandle fram ein ny bindande avtale som skal gjelde for alle land, frå 2020. Det vart òg vedteke å lage ein arbeidsplan for å auke ambisjonane før 2020. Noreg arbeider for ei global ambisiøs og bindande avtale som skal avgrense veksten i den globale gjennomsnittstemperaturen til to grader i forhold til før industrielt nivå.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet. Denne konvensjonen er eit uttrykk for verdssamfunnet si bekymring over tapet av biologisk mangfald og behovet for tiltak for å motverke dette gjennom vern og berekraftig bruk av mangfaldet. Konvensjonen seier òg at goda som oppstår gjennom bruk av genetiske ressursar skal fordelast rettferdig. Avtala vart framforhandla i 1992 og er ratifisert av 193 partar. Konvensjonen er ein prosessorientert rammekonvensjon som fastlegg overordna mål, prinsipp og generelle forpliktingar, mens spesielle forpliktingar blir utforma gjennom protokollar, arbeidsprogram og partsmøtevedtak.

Konvensjonen har i dag to protokollar. Den eine er Cartagena-protokollen om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar (GMO). Den andre er Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av fordelar ved bruk av desse, som vart vedteken på det 10. partsmøte i Nagoya, Japan, hausten 2010. Noreg underteikna Nagoya-protokollen i New York 11. mai 2011. Stortinget gav 7. juni 2013 samtykke til ratifikasjon av Nagoya-protokollen. Det er oppretta ein mellomstatleg komité (ICNP) som skal førebu saker som skal takast opp på det første partsmøtet for protokollen etter at protokollen har trådt i kraft. Protokollen trer i kraft når minst 50 statar har ratifisert den. I tillegg til samarbeids- og handhevingsprosedyrar er sentrale tema i denne komiteen blant anna utvikling av informasjonsdelingsmekanismen (Access and Benefit-sharing Clearing House), eventuell etablering av ein global multilateral fordelsdelingsmekanisme og kapasitetsbygging.

Eit framlegg til forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale i Noreg heimla i naturmangfaldlova og havressurslova har vore på høyring, og Regjeringa planlegg å ferdigstille forskrifta hausten 2013.

Det globale delmålet om å bruke tradisjonell kunnskap hos urfolk og lokalsamfunn som er relevant for å ta vare på naturmangfald blir indirekte følgt opp gjennom arbeidet med Nagoya-protokollen. Stortinget har vedteke Prop. 134 L (2012–2013) om endringar i naturmangfaldlova. Forslaget går ut på at det blir teke inn ein ny forskriftsheimel i naturmangfaldlova om tradisjonell kunnskap knytt til genetisk materiale som skal leggje til rette for at Nagoya-protokollen kan gjennomførast. Det blir teke sikte på å utarbeide ei eiga forskrift om dette i løpet av 2014.

Internasjonalt arbeid er nødvendig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både for å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetninga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, og UNECE-protokollane om respektive organiske miljøgifter og tungmetall. Noreg ønskjer òg å styrkje Basel-konvensjonen om farleg avfall, bl.a. for å sikre at ikkje farleg avfall blir dumpa i utviklingsland. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som er ferdigforhanda. Denne konvensjonen skal underteiknast hausten 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM, som medverkar til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Noreg skal være ein pådrivar for gjennomføringa av UNESCO sine sentrale kultur- og miljøkonvensjonar tufta på rettferd, blant desse Konvensjon for vern av verdens kultur- og naturarv og Konvensjon for vern av kulturarv i væpna konflikt, og gjennom aktivt og synleg arbeid bidra til klare prioriteringar i det internasjonale samarbeidet og til at dette baserast på gode fagvurderingar.

Tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving i miljøsaker er heilt sentralt for at allmenta skal kunne medverke til å fremje eit miljø som sikrar helse og trivsel og ei berekraftig utvikling. Noreg har derfor slutta seg til UN/ECE-konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, allmenta si deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving på miljøområdet (Aarhuskonvensjonen). Ei viktig drivkraft bak arbeidet har òg vore ønsket om å medverke til demokratiseringsarbeidet i ECE-regionen og då særleg i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette.

Gjennom plan- og bygningslova er det etablert eit verkemiddel for ei berekraftig samfunnsutvikling og areal- og ressursforvaltning. I kommunal og regional planlegging skal mellom anna internasjonale konvensjonar og avtaler følgjast opp.

Gjennomføring av globale miljømål for bevaring av biologisk mangfald

På det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010 i Nagoya, Japan, vart det semje om eit nytt globalt mål: «Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av biologisk mangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester.» I tillegg vart det vedteke ein strategisk plan med 20 delmål, dei såkalla Aichimåla, for korleis ein skal oppnå dette overordna globale målet.

Dei globale delmåla skal implementerast i den nasjonale politikken i partslanda. Landa rapporterte om dette til partsmøtet i India i oktober 2012. Vidare vart det vedteke at landa skal oppdatere/revidere sine nasjonale handlingsplanar ut frå dei nye globale måla, og at gjennomføringa av slike handlingsplanar/strategiar skal vere starta seinast innan 2015. Desse strategiane/planane blir vurderte som hovudinstrument i kvart enkelt land for gjennomføring av konvensjonen.

Mange av dei globale delmåla er allereie innlemma i dei nasjonale måla under resultatområde 1- 5 og under kulturlandskap i resultatområde 6. Alle dei globale tilstandsmåla kan finnast direkte i målstrukturen. Dei globale prosess- og verkemiddelmåla representerer verkemiddel og prosessar som anten er i bruk eller vil bli tekne i bruk i nasjonale strategiar. Formidling av og innarbeiding av verdiane av naturmangfald i rapporteringssystem, nasjonale avgjerdsprosessar og om mogleg i nasjonalrekneskapar, er vurderte av Regjeringas ekspertutval for verdiar av økosystemtenester som la fram NOU 2013: 10 Naturens goder – om verdier av økosystemtjenester sommaren 2013.

Arbeidet med ein nasjonal handlingsplan vart starta i 2013. Å fullføre og å følgje opp planen vil vere eit viktig arbeid i 2014. NOU om økosystemtenester vart send på brei høyring i 2013, og departementet legg stor vekt på oppføljing av utgreiinga.

Partslanda er òg forplikta til å rapportere om implementering av konvensjonen, inkludert status for norske økosystem, drivkreftar og tiltak. Noregs 5. nasjonalrapport vil bli ferdigstilt i løpet av våren 2014. Rapporten vil medverke til midtvegsevaluering av implementering av den strategiske planen på det tolvte partsmøtet i oktober 2014 i Sør-Korea. På dette møtet er det viktig å halde momentum for iverksetjing av den strategiske planen og sikre at partslanda er på rett spor for å nå Aichimåla frå Nagoya.

Noreg arrangerte i mai 2013 den 7. Trondheimskonferansen om biologisk mangfald med mål å medverke til å styrkje gjennomføring av dei 4 første måla i konvensjonen sin strategiske plan som gjeld styrking av kommunikasjon, innlemming av verdiane frå naturmangfald og økosystemtenester i nasjonale avgjerdsprosessar, skadelege subsidiar og produksjon og forbruk. Noreg vil i 2014 medverke til å følgje opp dette arbeidet internasjonalt.

Finansiering av globale miljømål

Det er stor skilnad på landas kapasitet til å setje i verk plikter under Konvensjonen om biologisk mangfold. Utviklingslanda er forvaltarar av størsteparten av jordas naturmangfald. Derfor vil finansiering av tiltak for å ta vare på naturmangfald vere sentralt også i 2014. For å sikre ei rettferdig byrdefordeling er dei industrialiserte landa forplikta til å medverke med finansiering, overføring av teknologi og tiltak for rettferdig fordeling av gode. På det ellevte partsmøtet i India i 2012 vart landa samde om ei dobling av internasjonale overføringar til utviklingsland før 2015, og ei vidareføring av minst dette nivået fram til 2020. Gjennomsnittlege internasjonale overføringar for perioden 2006 – 2010 vart vedtekne som utgangspunkt for dette målet som vil bli teke opp til ny vurdering (review) på partsmøtet i 2014. På dette partsmøtet vil det òg vere eit mål å fastsetje eit endeleg mål for behovet for internasjonale overføringar til gjennomføring av Aichimåla.

Noreg brukar bistand aktivt for å sikre utviklingsland større tilgang til internasjonale finansielle ressursar for biologisk mangfald og klima. Regjeringas klima- og skogprosjekt er den største biomangfaldsatsninga i norsk bistand. Med internasjonale overføringar er det ikkje berre bistand som blir inkludert, men også til dømes bidrag frå privat sektor. Det vart semje på det ellevte partsmøtet om å føre vidare arbeid i eit globalt panel for å vurdere ressursar for å nå måla i den strategiske planen (High level panel on the Global Assessment of Resources for Implementing the Strategic Plan for Biodiversity 2011–2020). Noreg er representert i panelet som vil legge fram ein rapport til partsmøtet i 2014.

Noreg vil fortsetje å arbeide breitt på tvers av tematikk, sektorar og andre institusjonar for å nå måla under den strategiske planen innan 2020. Sjå nærmare omtale under Internasjonalt samarbeid for å beskytte havområda.

For å medverke til å sikre felles globale miljøgode i fattige land har velståande land over to tiår medverka til verdas største miljøfond, Det globale miljøfondet (GEF). Investeringsbehovet er mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt, bl.a. vilje og evne til å innarbeide miljøomsyn i regelverk og politikk på viktige sektorar. Det er òg viktig å tenke samfinansiering med andre kjelder for å auke effekten av GEF-midlane. Fondet spelar ei sentral rolle som finansieringskjelde for dei multilaterale miljøavtalane. FNs miljøprogram UNEP tek del i styringa av fondet gjennom ansvaret for vitskapleg og teknologisk rådgiving for GEF, og er saman med Verdsbanken og FNs utviklingsprogram (UNDP) viktige implementerande institusjonar. Gjennom åra har talet på GEF-program som ser på fleire tematiske område i samanheng auka. I tråd med dette har leiinga i GEF starta ein diskusjon om kva GEF skal bli på sikt, bl.a. om ein i større grad skal arbeide med drivkreftene bak global miljøforringing. Prosessen for fornying av kapitalinnskot for sjette fireårsperiode (GEF-6) har òg starta og skal sluttførast innan våren 2014.

Handel, investeringar og miljø

Ei viktig utfordring er korleis ein skal sikre at dei store handels- og investeringsstraumane støttar ei berekraftig utvikling og ikkje medverkar til å underminere til dømes miljøpolitikken. Handels- og investeringsavtaler kan setje så strenge krav til dokumentasjon og regelverk at det blir vanskeleg å føre ein ambisiøs miljøpolitikk på område som kjemikaliar/miljøgifter, klima, genmodifiserte organismar, vern av truga dyre- og plantearter og regnskog, vern av tradisjonell kunnskap hos urfolk og rettferdig deling av fordelar knytte til patentering av produkt som nyttar tradisjonell kunnskap om naturressursar. Men slike avtaler kan òg gi rom for å medverke positivt til ein ambisiøs miljøpolitikk. Her vil til dømes kapitlet om berekraftig utvikling, som er tema i alle EFTA-forhandlingar, utgjere eit viktig bidrag. I dei landa der avskoging er eit problem, spesielt i land Noreg samarbeider med under Klima og skog-initiativet, vil eit slikt kapittel vere viktig for å sikre eit gjensidig støttande forhold mellom klima- og skogsamarbeidet og handelsavtala. Vidare kan òg referansar til tekst i Konvensjonen for Biologisk Mangfald (CBD) i handelsavtala sitt kapittel for immaterielle rettar vera eit nyttig bidrag. Bilaterale og regionale handels- og investeringsavtaler er i sterk utvikling. For å kunne løyse dei store globale miljøutfordringane er det dermed avgjerande å arbeide for at desse avtalene blir utforma slik at miljøpolitikk kan gjennomførast både nasjonalt og internasjonalt. Noreg forhandlar no handelsavtaler med blant andre India, Indonesia, Russland, Vietnam og Malaysia.

Utanriksdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har hovudansvaret for handels- og investeringspolitikken. Miljøverndepartementet si rolle er å vere pådrivar for god miljøintegrering i bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler, til dømes norske posisjonar som bidreg til at vi kan halde fram med ein ambisiøs miljøpolitikk og ikkje avgrensar rommet for denne.

Ein stor del av varene som blir nytta i Noreg er produserte utanfor landets grenser. Det er viktig at ikkje handels- og investeringsavtalene fører til at Noreg medverkar til miljøskadar i andre land. For å unngå dette blir det nytta informasjonstiltak, grønare offentlege innkjøpskjeder, meir etisk handel og miljøomsyn for investeringar.

EU, EØS og miljøpolitikken

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk. Internasjonalt samarbeid i globale og regionale miljøfora er ramma både for EU og Noreg når miljøpolitikken blir utforma. Internasjonale konvensjonar er følgde opp og dannar ofte utgangspunkt for meir ambisiøst regelverk i EU. Det gjeld blant anna på område som kjemikaliar, vatn, klima, luft og avfall. Vi har dei seinaste åra sett ein stadig sterkare dynamikk mellom EU og arbeidet i dei ulike konvensjonane der samspelet fremjar ein meir ambisiøs miljøpolitikk. Når utviklinga av globalt regelverk ikkje lykkast, kan EU gå føre ved utvikling av eige regelverk. Det har for eksempel lenge vore erkjent at luftfartssektoren representerer eit raskt veksande bidrag til klimagassutslepp. Når arbeidet i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) ikkje har resultert i konkrete globale tiltak for å redusere klimagassutslepp frå luftfarten, vedtok EU i 2008 sitt eige luftfartskvotedirektiv som inneber at CO2-utslepp frå luftfartssektoren vart inkludert i EUs kvotesystem frå 2012. I april 2012 vedtok likevel EU å innføre eit førebels unntak frå kvoteplikt for flygingar inn og ut av Europa. Avgjerda inneber at flygingar mellom Europa og tredjeland utanfor Europa ikkje er kvotepliktige i 2012. Flygingar innan Europa er ikkje omfatta av denne avgjerda. Eitt av formåla med avgjerda er å sikre gode arbeidsvilkår i ICAO slik at det kan oppnåast semje om globale verkemiddel på ICAOs generalforsamling hausten 2013. Dersom det blir oppnådd semje på ICAOs generalforsamling, opnar direktivet for endringar i omfanget av EUs kvotesystem.

Noreg og EU har eit omfattande miljøsamarbeid, men ein del sentrale miljøpolitiske område er likevel ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri. På desse områda er ikkje Noreg forplikta av EUs rettsakter, men EUs regulering av vilkåra for desse sektorane har innverknad for Noreg. I lys av utviklinga sidan avtala vart inngått, og den omfattande praksisen som ligg føre i å innlemme EUs rettsakter på miljøområdet, er miljøområdet ein sentral del av EØS-samarbeidet.

EU/EØS-regelverket er viktig for å sikre felles reglar og for å arbeide for ein høg miljøstandard i heile Europa. Det felles europeiske regelverket har òg betydning i forhold til handel med tredje land, det gjeld til dømes krav til kjemikaliar, avfallshandtering og handel med tømmer.

Miljøsamarbeidet med EU stiller stadig auka krav til Noreg, blant anna som følgje av raskare utvikla og meir sektorovergripande miljøregelverk. EU vedtek no ofte rammeverk som fortløpande blir utvikla vidare og konkretisert i eige regelverk. Aktiv deltaking og påverknad av EUs miljøpolitikk krev god koordinering mellom departementa og rask utvikling av nasjonale posisjonar. Det er viktig å gi konkrete og fagleg godt grunngitte innspel i alle fasar av EUs politikkutvikling. Dei viktigaste kanalane for deltaking og påverknad er Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, dialog med formannskapslandet, andre framståande medlemsland og det nordiske miljøsamarbeidet. Europaparlamentet har stor politisk innverknad og har medråderett og veto i så godt som alt miljøregelverk. Det er viktig med god miljøpolitisk dialog med sentrale aktørar i Europakommisjonen og Europaparlamentet. Gjennomføring av EU-regelverk i norsk rett er ein viktig del av EU/EØS-samarbeidet. Å delta i relevante EU-komitear gir, i tillegg til tidleg påverknad, høve til å opparbeide naudsynt kompetanse for å innlemme regelverket i norsk rett.

Miljø har ein sentral plass i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europe 2020. Auka ressurseffektivitet er sett på som ein føresetnad for å skape ein meir konkurransedyktig grøn økonomi og nye arbeidsplassar. Politikken skal medverke til å nå fleire av EUs mål samtidig, både å redusere klimagassutslepp, verne økosystem og skape berekraftig industri, transport, landbruk og fiskeri. Milestolpane for eit ressurseffektivt Europa i 2020 skal òg gi klare signal til næringsliv og investorar, med stor vekt på betre produksjonsprosessar og innovasjon i næringslivet. Noreg vurderer EØS-relevans og betydning for norsk miljøpolitikk av dei enkelte forslaga til nye og endra verkemiddel og regelverk under flaggskipet for ressurseffektivitet, som til dømes utviding av økodesigndirektivet og tiltak for å redusere negative miljøeffektar i heile verdikjeda til produkt.

Kommisjonen la hausten 2012 fram forslag til eit sjuande miljøhandlingsprogram. Miljøhandlingsprogramma har styrkt utviklinga av EUs miljøpolitikk sidan det første programmet vart lagt fram tidleg på 70-talet. Det sjette miljøhandlingsprogrammet er ein del av EØS-avtalas protokoll 31. Til grunn for det nye programmet ligg evalueringa av Europas miljøstatus som vart lagt fram i 2010, «The European Environment – State and Outlook». Rapporten viser at det har vore framgang på fleire område, mellom anna innanfor kjemikaliepolitikken og i arbeidet med klimaendringar. Men mykje står att, mellom anna innanfor naturmangfald og jord- og vasskvalitet. Betre gjennomføring av eksisterande regelverk er òg naudsynt. I det nye miljøhandlingsprogrammet, «Living well, within the limits of the planet», er det laga ein visjon for eit grønt Europa fram mot 2050 og ni prioriterte mål som skal nåast innan 2020. Det er venta at programmet vil bli vedteke i løpet av hausten 2013.

EUs nye seksårige rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, startar i 2014 og Noreg er part i programmet. Miljø og klima er ei sentral satsing i programperioden og blant dei prioriterte områda er smarte byar (lågutslepp, ressurseffektivitet), energieffektivitet, grøn transport, avfall (gjenbruk av råvarer) og klimatilpassing.

Målsetjinga for EØS-midlane er å medverke til sosial og økonomisk utjamning i EU og EØS. Det er òg eit mål å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Mottakarlanda er EUs 12 nye medlemsland frå 2004 og 2007, og i tillegg Hellas, Portugal og Spania. Miljø og klima er eit stort satsingsområde i perioden 2009–2014. EØS-midlane er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel for Noreg, og midlane er eit bidrag til at dei nye EU-landa gjennomfører vedteken miljøpolitikk i EU. EØS-midlane gir oss òg høve til å styrkje det langsiktige miljø- og kulturarvsamarbeidet med styresmaktene i mottakarlanda, og norsk kunnskap og erfaring har vist seg å vere etterspurt. Miljøforvaltninga er partnar i 20 program innan miljø og kulturarv i 10 land. Denne innsatsen har òg betydning for vårt nasjonale arbeid, og forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid. Det vil bli lagt til rette for å involvere norske kommunar, organisasjonar, forsking og næringsliv i prosjekt og andre former for bilateralt samarbeid. Støtte til kulturarv, energieffektivisering, fornybar energi, og reduksjon av klimagassutslepp har vore viktige satsingar og er det framleis. I tillegg er satsing på klimatilpassingar, naturmangfald, vass- og havforvaltning og miljøgifter viktige område. Det vil vere stor aktivitet i dei fleste programma i 2014.

Nordisk og OECD

Det nordiske arbeidet er ei viktig ramme for dei nordiske landa si samordning overfor EU, samtidig som Norden-politikk for Noreg og dei nordiske landa er blitt ein stadig større del av Europa-politikken. Det nordiske samarbeidet har på denne måten blitt ein integrert del av Europa-politikken.

Miljøverndepartementet vil medverke til at det nordiske miljøsamarbeidet påverkar globalt og regionalt miljøarbeid på prioriterte område som grøn samfunnsutvikling, klima, naturmangfald og kjemikaliar. Eksempel er felles forståing av økosystema sin verdi og verdsetjing av naturkapitalen for å få eit betre velferdsmål, strengare kjemikalieregulering i EU og globalt, reduksjon av subsidiar på fossilt brensel, miljøavgifter, grøne offentlige innkjøp og utvikling av andre rammer for å fremje grøn økonomi. I tillegg til oppfølging av det nye miljøhandlingsprogrammet for perioden 2013–2018 med vekt på grøn samfunnsutvikling, klima, biodiversitet, kjemikaliar og miljøgifter, vil oppfølging av Rio+20 og rapporten til dei nordiske statsministrane om «Norden – ledende i grønn vekst» stå sentralt framover. Det nordiske politiske samarbeidet er basert på eit tett samarbeid mellom styresmakter, ekspertar og forsking, som medverkar til å utvikle konkrete tilnærmingar på felles utfordringar, og som gir faglege innspel til å utvikle vidare miljøregelverket i EU og FN.

Det er òg viktig å medverke til at Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) held fram med å støtte den miljøpolitiske agendaen globalt og medverkar til kunnskapsutvikling saman med andre internasjonale institusjonar. OECD er ein viktig leverandør av fagleg og politisk relevante analysar av høg kvalitet, i tillegg til å utarbeide retningslinjer og normer for økonomisk politikk og internasjonalt samarbeid. Særleg viktig er samarbeidet med sentrale u-land og land med overgangsøkonomiar om utvikling av berekraftig økonomi. Viktig i denne samanhengen er mellom anna Russlands interesse for å bli OECD-medlem. OECDs arbeid med grøn vekst, klima, kjemikaliar og verdisetjing av økosystemtenester av stor betydning på miljøområdet. OECD styrker òg samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar (UNEP, UNDP og World Bank) om kunnskapsutvikling innan grøn økonomi.

Utviklingssamarbeid og bilateralt miljøsamarbeid

Miljøverndepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor heilt sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på myndigheitsnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. Miljøverndepartementet skal leggje til rette for slik dialog blant anna ved å medverke til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar i klimakonvensjonen, konvensjonen om biologisk mangfald og i konvensjonane om farleg avfall og kjemikaliar. Prosjekta vil hovudsakleg vere finansierte over UDs budsjett. I tillegg blir det nytta midlar over Miljøverndepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. Miljøverndepartementet er, i tillegg til samarbeidet med dei store utviklingslanda, i tett dialog med Utanriksdepartementet om oppfølginga og etableringa av eit miljøsamarbeid med Myanmar.

Regjeringa har gjort miljø og klima til sentrale satsingsområde i Noregs bistand til dei fattigaste landa og i samarbeidet med land med rask økonomisk utvikling.

Miljøverndepartementet vil, i samarbeid med Utanriksdepartementet, medverke til at Meld. St. 14 (2010–2011) Mot en grønnere utvikling blir gjennomført. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og andre verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. Noreg skal medverke til at utviklingslanda vel ei utvikling med lågutslepp og får på plass system for ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Departementet vil følgje opp særskilte initiativ frå Regjeringa i så måte, under dette Regjeringas klima- og energiinitiativ («Energy+«), programmet Rein Energi for utvikling og Regjeringas klima- og skogprosjekt (sjå nærare omtale av Noregs klima og skogsatsing under Resultatområde 11 Stabilt klima). Miljøverndepartementet med Miljødirektoratet deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Sør-Sudan, Sudan og Tanzania. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek miljøomsyn.

Departementet deltek òg i Miljø for Europa-prosessen, der eitt viktig formål er å betre miljøsituasjonen i landa i Sentral-Asia, Aust-Europa og Kaukasus.

Nord- og polarområda

Nord- og polarområda er blant dei stadene på kloden der klimaendringane gjer seg raskast og sterkast gjeldande. Temperaturane i Arktis har dei siste tiåra stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet, og er allereie 2°C høgare enn for hundre år sidan. Isvolumet i Arktis er redusert med 60-70 pst. i forhold til gjennomsnittet sidan 1970. Det inneber ein betydeleg reduksjon i fleirårsisen. Det utrekna årlege tapet av masse frå Grønlandsisen er firedobla sidan 2000. Temperaturen i permafrosten har stige med inntil 2°C. Desse endringane har betydning ikkje berre for Arktis, men for klimaet på heile den nordlege halvkula og den framtidige havnivåstiginga. Dei raske klimaendringane set miljøet i Arktis under aukande press. Dette blir forsterka gjennom lettare tilgjenge, auka transportverksemd og ressursutnytting. Semja mellom Noreg og Russland om delelinja i Barentshavet vil òg venteleg medverke til auka økonomisk verksemd i området.

Både eit surare hav og klimaendringane knytte til auka vassføring, tining av permafrosten og utløysing av meir forureiningar når snø og is smelter, vil utgjere ein aukande negativ påverknad på arter og økosystem som finst i polarområda i dag. Når aktiviteten i desse områda samstundes aukar raskt, er det naudsynt at strenge miljøkrav og sikring av særleg verdifulle og sårbare område og arter kjem på plass før aktiviteten aukar og spreier seg til nye område. Om naturmangfaldet i nord skal takast vare på som grunnlag for verksemd og velferd i framtida, må det sikrast gjennom ei heilskapleg og langsiktig forvaltning grunna på føre var-prinsippet og prinsippet om samla belastning. Berre slik kan ein syte for at aktivitet og påverknad blir vurdert samla, og unngå at meir næringsverksemd og utnytting av naturressursane i nord fører til ringare miljøkvalitet eller kjem i konflikt med natur- og miljøvernomsyn og berekraftig bruk av økosystema. Dette set strenge krav til både nasjonale reglar og rammer, og til samarbeid og samordning av forvaltninga på tvers av landegrenser. Desse prinsippa ligg til grunn både for naturmangfaldlova, svalbardmiljølova og forvaltningsplanane som skal sikre ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av norske havområde, og blir fremja av Noreg i det bilaterale samarbeidet med Russland og innanfor Arktisk råd.

Ei heilskapleg forvaltning må vere grunnlagd på den beste tilgjengelege kunnskap. Regjeringa er oppteken av at kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av miljøet og ressursane skal vere solid, og at konsekvensane for miljøet skal vere grundig vurderte før ein fattar avgjerd om ny aktivitet. Når klima er i rask endring samstundes som aktiviteten aukar og spreier seg til nye område, har ein òg behov for å gjere analysar av dei samla konsekvensane på sikt, og kva område som blir særleg viktige for biologisk mangfald og levande ressursar i framtida. Slik kan ein gjere betre vurderingar av kva krav ein bør stille, kva område som bør ha særskilt vekt, og kor grensene for menneskeleg aktivitet bør trekkjast av omsyn til sårbare område og arter i nordområda.

Ei berekraftig forvaltning av miljøet i nord krev ein målretta nasjonal innsats og eit målretta internasjonalt samarbeid. Slikt samarbeid må famne om både dei landa vi deler naturrikdommane med, og dei landa som driv verksemd i nord. Samarbeidet må òg knytast opp mot globalt samarbeid for å stanse klimaendringar og forureining som trugar miljøet og dei levande ressursane i regionen.

Miljøvernsamarbeid i nord har òg betydning for Noregs høve til å oppfylle sine plikter under miljøvernavtaler på område som klima, forureining, naturvern og vern av kulturminne.

Aktiv medverknad i Barentssamarbeidet og Arktisk råd gir gode høve til koordinering av miljøarbeidet i nord når det gjeld forureining og miljøgifter, klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald. Miljøverndepartementet arbeider for at Arktisk råd skal medverke til eit betre kunnskapsgrunnlag om miljøet i Arktis som legg grunnlag for policy-koordinering og samarbeid mellom landa i Arktis i samband med internasjonale konvensjonar.

På ministermøtet i Arktisk Råd i 2013 vart det lagt viktige miljøsaker, under dette havforsuring, biodiversitet, svart karbon og metan, såkalla kortlevde klimadrivarar og miljøgifter. Noreg skal vere ein aktiv pådrivar i arbeidet med prosjekt og utarbeiding av oppfølgingsplanar på desse områda. Innanfor Arktisk råd er Noreg ein viktig pådrivar for å fremje heilskapleg havforvaltning og beskytte dei arktiske marine områda. Noreg har òg teke initiativ til ei samla utgreiing av dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing. Noreg medverkar òg til eit større prosjekt som skal greie ut faren for store og brå endringar og såkalla «vippepunkt» i dei arktiske økosystema.

Noreg har som overordna målsetjing å sikre at dei unike natur- og miljøverdiane i Antarktis blir tekne vare på for framtidige generasjonar og for forsking på globale miljøsystem.

Noreg skal framleis vere ein aktiv pådrivar for å sikre at klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i Antarktistraktaten (ATCM), og for oppfølging av tilrådingane frå det særskilte ekspertmøtet om klimaendringar i Antarktis som vart halde i Svolvær i 2010.

Norsk klimaforsking i Antarktis vil medverke til å forbetre framskrivinga av kva betydning Antarktis vil ha i framtidig klimautvikling, spesielt når det gjeld havnivå og endringar i økosystemet. Noregs forsking vil òg medverke til eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for den felles forvaltninga av traktatområdet.

Situasjonen i nordområda gir nye kunnskapsutfordringar på miljø- og klimaområdet. Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø, vart etablert i september 2010. 20 norske institusjonar inngår i senteret, og det blir etablert gode internasjonale forskingsnettverk. I 2013 er det etablert full fagleg aktivitet innanfor 5 prioriterte satsingsområde på klima og miljø, noko som vil bli ført vidare i 2014. Den faglege aktiviteten er bygd ut med eit ekstra flaggskip for forsking på effektar av næringsaktivitet. Forskingsinstitusjonar som Tromsø universitet, Polarinstituttet, NILU, NIVA, NINA, Bioforsk, Havforskingsinstituttet, SINTEF, NGU og fleire deltek i forskinga.

Statens kartverk driv eit geodetisk observatorium i Ny-Ålesund, som er ein del av eit globalt forskingsnettverk. Rørslene på jordoverflata, jordrotasjonen og jordas nøyaktige plassering i verdsrommet blir kartlagt her. Observatoriet er viktig for all satellitteknologi, klimaforsking og overvaking. Stasjonen er bemanna året rundt og bidreg til den faste busetnaden i Ny-Ålesund. Regjeringa har vedteke fornying og oppgradering av observatoriet.

Miljøverndepartementet deltek aktivt i dei årlege konsultative møta under Antarktistraktaten (ATCM) for å ta vare på miljøinteresser i Antarktis og vil medverke til eit godt samarbeid om forvaltninga av kontinentet. Med utgangspunkt i vår heilårs forskingsstasjon Troll i Dronning Maud Land og gjennom deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, gir Noreg viktige bidrag både til å betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av Antarktis, og til det internasjonale klima- og miljøarbeidet.

Samarbeid med Russland

Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står sentralt i Regjeringas nordområdestrategi. Havmiljø og samarbeid i grenseområda er spesielt prioriterte område. Samarbeidet om naturmangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining og undersøkingar av radioaktiv forureining vert òg ført vidare.

Innan havmiljøsamarbeidet er utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet, basert på norske erfaringar med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten, høgt prioritert. Saman med etableringa av eit felles norskrussisk miljøovervakingsprogram, vil dette utgjere viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Risikoanalysar og erfaringsutveksling om kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.

I grenseområda er utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis den største utfordringa, og styrkt miljøovervaking har derfor ein sentral plass i det grensenære samarbeidet. Noreg vil halde fram med å ta saka opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk for å få redusert utsleppa.

Mange av prosjekta i det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland støttar opp under miljøvernsamarbeidet under Barentsrådet og Arktisk Råd, der Noreg er ein aktiv deltakar. I Barentssamarbeidet fokuserer ein på reinare produksjon i industrien og berekraftig forbruk, forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram og NEFCO si hot spot-liste frå 2003.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

Nasjonalt mål 1. Vere ein pådrivar for nye og strengare miljøvernavtaler, spesielt globalt.

Forhandlingane om ein ny global konvensjon om kvikksølv som starta i 2009, blei avslutta i januar 2013. Konvensjonen skal underteiknast på ein diplomatkonferanse i Minamata, Japan oktober 2013 og Noreg er tilfreds med avtala, som vi meiner kan få universell tilslutnad. Noreg er ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye konvensjonen.

Nasjonalt mål 2. Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i strenge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar og forvaltningsregime.

Gjennom aktiv deltaking i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear har miljøforvaltninga arbeidd for tidleg å kunne medverke til utarbeiding av forslag til miljøregelverk. Det er gjort innspel til og har vore kontakt med relevante aktørar i Kommisjonen, Europaparlamentet og sentrale medlemsstatar, med særleg vekt på områda klima, ressurseffektivitet/grøn økonomi, og kjemikaliar/avfall. Det er bl.a. sendt skriftlege innspel til EUs institusjonar om EUs karbonmarknadsmelding, EUs kjemikaliepolitikk, luftpolitikken, biodrivstoff (ILUC), kritierium for miljøtilsyn og plastavfall.

Det er lagt stor vekt på politisk kontakt og god dokumentasjon av norske posisjonar og konkrete tekstbidrag til regelutviklinga i EU, og bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker på den globale miljøagendaen. Det nordiske samarbeidet har vore brukt aktivt under det norske formannskapet i 2012 i arbeidet med å påverke EUs politikkutvikling.

  • Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

Norske posisjonar på EU-regelverk blir avklart systematisk og så raskt som mogleg gjennom EØS-spesialutvalet for miljø der Miljøverndepartementet legg fram for andre departement nye initiativ som er komne frå EU. Det blir fortløpande arbeidd for å sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte på ein open og effektiv måte i det norske lovverket. Miljøverndepartementet har ein aktiv dialog med EFTAs overvakingsorgan, Kommisjonen og andre departement om gjennomføring av miljørettsakter.

  • Norsk miljøforvaltning deltek i samarbeidsprogram i prioriterte land som mottek støtte frå EØS-midlane (2009–2014).

MDs etatar er partnarar i 20 program innan klima, miljø og kulturarv i 10 land. Dette er meir enn venta, og viser at det er stor interesse for samarbeid med norske miljøstyresmakter. Innsatsen frå etatane blir dekt av givarlanda sine administrasjonsmidlar. EØS-midlane skal bl.a. medverke til at landa byggjer kompetanse og raskare gjennomfører forpliktingar knytte til EU-direktiv og internasjonale konvensjonar. Norske institusjonar er etterspurde for sin kompetanse av mottakarlanda.

Nasjonalt mål 3. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP), blir utvikla til effektiv reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk.

Indikatorar:

  • FNs miljøprogram som meir autoritativt, relevant og resultatorientert miljøorgan og det faglege tyngdepunktet i FN-systemet på miljøområdet.

På årets styremøte i februar var hovudfokus implementering av vedtaket frå Rio+20 om universelt medlemskap i UNEPs øvste styrande organ, som no er omdøypt til FNs Miljøforsamling (UNEA). Noreg arbeidde dessutan for å sikre ei styrkt rolle for miljøministrar i Miljøforsamlinga, og auka deltaking frå hovudstader i dei førebuande prosessane. I tillegg vart det fatta vedtak om hav, grøn økonomi og at det skulle etablerast transparente prosedyrar og felles praksis rundt dei ulike assessments drivne i regi av UNEP. FNs Miljøforsamling vart oppretta på styremøtet og det første møtet i forsamlinga vil finne stad i juni 2014. Noreg er medlem av byrået til FNs Miljøforsamling for 2014.

  • Miljøforbetringar som følgje av finansieringa av globale miljøtiltak gjennom det globale miljøfondet (GEF) målt pr. krone (færre tonn CO2-ekv., mindre artstap, fleire km2 verna, færre tonn miljøgifter).

GEF er i år i ferd med å utføre ei grundig evaluering av den fireårsperioden (GEF-5) som no går mot slutten. GEF har komme langt i å talfeste resultat, og i dei årlege prosjektgjennomgangane har ein f.eks. tal for nedgang i karbonutslepp og for kor mange tonn farlege pesticid som er trygt behandla med GEF-midlar. Andre resultat – slik som arealforvaltning som tek større omsyn til viktige naturverdiar – er vanskelegare å talfeste, men mange av desse tiltaka har skjedd i utviklingsland og ville neppe blitt gjennomført utan GEF-midlar. Kostnadene for slike tiltak varierer sterkt. Foreløpig evalueringsrapport viser gode resultat på prosjektnivå, men når det gjeld spreiingseffekt og verksemd på globalt miljø er det framleis utfordringar. GEF er elles i teten når det gjeld samfinansiering, dvs. at tilgang på GEF- midlar òg fører til mobilisering av andre finansielle ressursar. Evalueringa blir sluttført i 2013.

  • Målretta nordisk samarbeid mot aktiv påverknad av globalt og regionalt miljøarbeid.

Gode resultat har dei siste åra blitt oppnådde spesielt i arbeidet med å påskunde utvikling av ei global kvikksølvavtale. Noreg hadde formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012 og medverka til å setje auka fokus på klima, gjennom Svalbarderklæringa om kortliva klimadrivarar på ministermøtet våren 2012 og til oppfølging av toppmøtet i Rio 2012. Under det norske formannskapet i 2012 blei fokuset på «Klima og grøn økonomisk vekst» styrkt. Det er utarbeidd eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2013–2018 med vekt på grøn samfunnsutvikling, klima, biodiversitet, kjemikaliar og miljøgifter. Vidare er arbeidet med det vellykka miljømerket Svana styrkt økonomisk og organisasjonsmessig. I 2013 har Sverige formannskapet i Nordisk Ministerråd. På miljøministermøtet i Jukkasjärvi i februar 2013 blei ministrane einige om å gje eit innspel til EU sitt arbeid med deira 7. miljøhandlingsprogram. Norden ville ha meir trykk på klimaspørsmåla og påverknad i utviklinga av ein strategi for eit giftfritt miljø i EU. Vidare ønsket dei nordiske ministrane at strategien skal ha ein ambisiøs tidtabell med forslag til konkrete mål og tiltak. Det blei også vedteke å opprette ei nordisk ad-hoc gruppe som skal fokusere på miljøaspekt ved måling av velferd saman med finans- og næringssektoren og dei nordiske statistikkbyråa. Post Rio 2012 diskuterte man forslag på nordisk innspel i ein global utviklingsagenda og globale holdbarhetsmål. Sverige har også invitert til ein nordisk ministerdialog om klima i samband med IPPCs WGI sitt møte i Stockholm i september 2013. Ekspertsamarbeidet medverkar jamleg med innspel til prosessar i EU og FN.

Nasjonalt mål 4. Rammevilkår for handel og investeringar skal gi rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremje omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Miljøomsyn integrerte i handels- og investeringsavtaler.

Arbeidet med å hindre avgrensingar i Noregs høve til å regulere ut frå miljøomsyn har stått sentralt. Dette gjeld særleg enkeltland sitt høve til å stille miljø- og helsekrav til produkt – for eksempel høvet til å stille miljøkrav til bruken av kjemikaliar. Handelsavtala mellom EFTA og Mellom-Amerika, som vart avslutta i 2012, inneheld likeeins med handelsavtala med Peru som vart underteikna i 2010, referansar til Konvensjonen om Biologisk Mangfald (CBD) i kapitlet om immaterielle rettar. Dei går dermed lengre enn andre EFTA-avtaler i å sikre miljøomsyn knytte til genetiske ressursar. Kapittelet om handel og berekraftig utvikling i avtala med Mellom-Amerika inneheld referanse til samarbeid om klima og skog.

  • Eigne miljøkapittel i bilaterale og regionale handelsavtaler.

I forhandlingane om frihandelsavtaler som skjer gjennom EFTA har arbeidet med eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling vore høgt prioritert. Eksempel på dette er Noregs pågåande handelsavtaleforhandlingar med blant andre India, Indonesia, Russland, Kasakhstan, Kviterussland og Vietnam. I avtala mellom Hong Kong og EFTA vart resultatet eit kapittel om handel og miljø. Avtala mellom EFTA og Bosnia-Herzegovina, og med Mellom-Amerika inneheld eit kapittel om handel og berekraftig utvikling (arbeidstakarrettar og miljø) basert på EFTA-modellen.

  • Føresegner i internasjonale avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet som byggjer på prinsippet om at avtalene er likestilte og sidestilte.

Arbeidet for at avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet ikkje inneheld forpliktingar som skaper eit hierarki mellom miljø- og handelsregelverka, er høgt prioritert. Det har vore eit viktig tema blant anna i samband med toppmøtet om berekraftig utvikling i Rio og i forhandlingane under FNs Klimakonvensjon. I forhandlingane om forholdet mellom miljø- og handelsregelverk i Verdas handelsorganisasjon har det vore lite framgang som ei følgje av stillstand i den generelle forhandlingsprosessen.

Nasjonalt mål 5. Strategisk politisk dialog med samarbeidsland og medverke til å styrkje desse landa si evne og vilje til å ta på seg og gjennomføre internasjonale forpliktingar.

Indikator:

  • Styrkt klima- og miljøsamarbeid med Kina, Sør-Afrika, Brasil og India der prosjektporteføljen speglar dei globale miljøutfordringane og medverkar til å styrkje landa si evne til å ta på seg og gjennomføre internasjonale miljøforpliktingar.

Det har vore god dynamikk særleg i samarbeidet med India, Brasil og Sør-Afrika i 2013. Ekspertsamarbeidet med Kina har vore ført vidare i 2013, og det er semje om tematiske prioriteringar i samarbeidet framover. Under det bilaterale samarbeidet med India er det halde årleg møte med besøk frå den indiske miljøvernministeren, der det har komme til semje om vidare samarbeid på klima, elektrisk og elektronisk avfall, verdsetjing av økosystemtenester og havforvaltning. Gjennomføringa av avtalte samarbeidsområde under senteret for naturressursar og -lovgiving i Chennai er starta opp. Under det bilaterale miljøsamarbeidet med Brasil har ein gjennomført eit arbeidsseminar om havforvaltning, forureining og oljeberedskap. Ein har òg diskutert nærare samarbeid knytt til forvaltningsplanar og overvaking. Under samarbeid med Sør-Afrika har det i samanheng med besøk frå den sørafrikanske ministeren i juni blitt underteikna ei ny samarbeidsavtale mellom dei to miljøverndepartementa. Det er identifisert nye samarbeidsområde knytte til klima og til havforvaltning.

  • Medverke til ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltning i dei tidlegare sovjetrepublikkane (EECCA-landa).

Departementet har gitt tilsegn til prosjekt i Kaukasus og Sentral-Asia innanfor områda vatn, biodiversitet, kjemikaliar, grøn økonomi og kapasitetsbygging. Støtta er gitt via internasjonale organisasjonar som FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), FNs miljøprogram (UNEP), Paneuropeisk biomangfaldsstrategi (PEBLDS) og regionale miljøsenter i området. Prosjekta vart sette i gang i 2012 og vil bli avslutta i løpet av 2014.

Nasjonalt mål 6. Utviklingspolitikken skal medverke til ei grønare utvikling og til oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø- og naturressursar.

Indikator:

  • Gjennomføring av Meld. st. 14 (2010–2011) Mot en grønnere utvikling med vekt på handlingsplanen for miljøretta utviklingsarbeid, miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling.

Departementet har vore aktivt i den vidare utviklinga og igangsetjing av klima- og energiinitiativet «Energy+». Initiativet skal redusere klimagassutsleppa og auke energitilgangen i utviklingsland. I Etiopia vil Energy+ i tillegg prøve ut utbetaling basert på referansebaneberekna utsleppsreduksjon. Miljøverndepartementet har vidare ansvaret for miljøpilaren i Regjeringas satsing på Olje for Utvikling (OfU). I 2013 har det vore lagt vekt på å styrkje miljødimensjonen gjennom kompetanse- og kapasitetsbygging i OfU-landa. Mellom anna har ein drive opplæring i bruk av miljøkonsekvensanalysar, utvikling av miljølovgiving, etablering av tilsynskapasitet og beredskapsplanar for at landa betre kan ta miljøomsyn ved olje- og gassutvinning.

Nasjonalt mål 7. Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis.

  • Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet.

  • Status for implementering av heilskapeleg forvaltning i den arktiske regionen.

  • Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern.

  • Storleiken på utslepp frå Petsjenga-Nikel.

  • Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

  • Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med norsk samarbeidspartnar.

  • Talet på verneområde og forvaltningsområde i Antarktis.

Arktisk Råd

Eit permanent sekretariat for Arktisk råd vart etablert i Tromsø 1. juni 2013. På ministermøtet i Kiruna 15. mai var det mykje fokus på nye observatørar, men det vart òg lagt stor vekt på viktige miljøsaker. Tre sentrale miljørapportar vart lagde fram på møtet: Status for havforsuring i Arktis (Arctic Ocean Acidification), ein gjennomgang av status for biodiversitet i Arktis (Arctic Biodiversity Assessment) og Arctic Ocean Review, om forvaltning av det arktiske havmiljøet. Arctic Ocean Acidification er ein omfattande gjennomgang av korleis utslepp av CO2 blir tekne opp i havet i Arktis. Rapporten viser at det skjer ei rask og omfattande forsuring av dei arktiske havområda. Havet har blitt opp mot 30 pst. surare sidan starten på den industrielle revolusjonen. Overvakingsdata frå norske havområde viser at havvatnet også her blir surare. Saman med aukande smelting av isbrear og havis, aukande temperatur og tilførslar av forureining, kan dette føre til stor påverknad på økosystema og tilhøva for busetjinga i nord.

Til ministermøtet i 2013 vart det òg lagt fram ein rapport med tilrådingar om reduksjon av utslepp av svart karbon og metan, såkalla kortliva klimadrivarar, for å bremse klimaendringane i Arktis. Arctic Biodiversity Assessment gir ei vurdering av status, trendar og framtidsutsikter for arktisk biodiversitet. Miljøgifter som kvikksølv representerer framleis ein risiko for dyreliv og befolkning i Arktis.

Arter og økosystem i Arktis.

På grunn av endringar i havis og isbrear vil økosystemet i iskanten endrast. Fisk, plankton og algar er avhengige av iskanten for å overleve og reprodusere. Mangel på havis vil òg truge andre dyrearter. Grønlandssel og klappmyss vil miste leveområda sine, og isbjørnen vil miste jaktområda.

I følgje den norske Artsdatabanken høyrer 70 av dei raudlista artene heime på Svalbard. Av desse er 47 vurderte som truga. For 30 av desse er klimaendringar ein av fleire påverknadsfaktorar, og blant dei finn vi isbjørn og kvalross. Også steinkobbe er klassifisert som ei sårbar art som er truga av både klimaendringar og miljøgifter.

I tillegg er arter som ismåke og lomvi vurderte som truga. For desse er miljøgifter ein viktig påverknadsfaktor.

Grønlandskvalen ved Svalbard er ein av dei mest utryddingstruga kvalbestandane i verda, og leveområda blir reduserte fordi drivisen i Arktis forsvinn.

Forureining i det arktiske miljøet

I Arktis er svovelsambindingar hovudårsaka til forsuring, mens nitrogen har noko underordna betydning. Forsuringsproblemet har avteke markant sidan syttitalet og er ikkje eit stort miljøproblem i Arktis. Likevel er det framleis episodar om våren der det er synleg dis. I tillegg til å vere eit potensielt problem for forsuring i sårbare område i Arktis er desse stoffa òg kortliva klimapådrivarar som er viktige for å forstå korleis partiklar påverkar klimaet både regionalt og globalt.

I 2011 vart det ved Zeppelinstasjonen observert det lågaste årlege gjennomsnittet sidan målingane starta for parametrane sum HCH, sum DDT, sum klordanar og sum PCB. Sum PAH var blant dei lågaste verdiane målt til no. HCB har stige litt for kvart år sidan 2007.

I isbjørn er det funne høge nivå av visse typar bromerte flammehemmarar. Ein har òg funne ei rekkje «nye» miljøgifter i lufta på Svalbard, som ulike typar bromerte og fluorerte stoff.

Kvikksølv blir ført med luft- og havstraumar nordover til Arktis og høgare temperaturar i nord kan gi auka utløysing av miljøgifter. Inuittane på Grønland og i nordvest-Canada, som hovudsakleg lever av feit fisk, sel og kval, har eit dagleg inntak av metylkvikksølv som er høgare enn tilrådd av Verdas helseorganisasjon (WHO). Målingane viser ingen endringar i årleg gjennomsnitt for kvikksølv på Svalbard. Ein finn det som er normalverdiar for kvikksølv på den nordlege halvkula, det vil seie 1,5 nanogram pr. kubikk.

Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern

Vernestatus for dei ulike arktiske områda varierer avhengig av kva slag arktisk definisjon som blir nytta. I Noreg er eksempelvis 67 pst. av Svalbard og heile Jan Mayen verna. Dei verna områda går ut til 12 nautiske mil frå kystlinja rundt Svalbard og Jan Mayen.

Noreg medverkar aktivt i arbeidet innanfor Konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet OSPAR med marine verna område (MPA – Marine Protected Areas). Det er spesielt dei verna områda rundt Svalbard og Bjørnøya som utgjer store areal. Dei ni norske MPAane dekkjer til saman eit sjøareal på 84 898 km2.

Det er òg ei rekkje verneområde i Arktis under RAMSAR-konvensjonen om vern av våtmarker av internasjonal betydning.

Vidare er det identifisert særleg verdifulle og sårbare område i forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, og av Meld. St. 10 (2010–2011) Oppdatering av forvaltningsplanen for det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, går det fram at det i områda ved iskanten og polarfronten ikkje skal setjast i gang petroleumsverksemd i denne stortingsperioden. Det skal heller ikkje setjast i gang petroleumsverksemd innanfor eit belte på 65 km rundt Bjørnøya i denne stortingsperioden.

Heilskapelig forvaltning i den arktiske regionen.

Det er eit tett og godt samarbeid mellom Noreg og Russland om økosystembasert forvaltning, særskilt innan samarbeidet om havmiljø, noko som er særleg viktig på grunn av den auka økonomiske aktiviteten som er venta i Barentshavet. Fokus er på å utarbeide eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet, basert på norske erfaringar og i samarbeid med norske fagmiljø.

Det er sett i gang ei rekkje prosjekt for å medverke til å byggje opp kunnskap og overføre kompetanse og slik støtte opp om samarbeidet om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Ein sentral del av dette er oppbygging av eit felles miljøovervakingsprogram for Barentshavet, der ein i 2012 har arbeidd med ei felles liste over indikatorar som skal overvakast, noko som vil halde fram i 2013. Eit anna særleg prioritert område er samarbeidet mellom styresmaktene om regelverk og kontroll av aktivitetar som påverkar Barentshavet, med vekt på kontroll og tilsyn av miljøtryggleik i petroleumsverksemd.

Utslepp frå Petsjenga-Nikel

Samla sett har utsleppa av svoveldioksid frå nikkelverka på Kola gått ned med om lag 36 pst. i perioden 1999–2008, mens støvutsleppa som inneheld tungmetall har gått ned med om lag 10 pst. Dei samla utsleppa av svoveldioksid ligg likevel framleis på om lag 100 000 tonn pr. år, meir enn 5 gonger Noregs samla utslepp. Undersøkingar visar auka opphoping av tungmetall i naturen dei seinare åra, noko som etter norsk syn er alvorleg.

Den norskrussiske arbeidsgruppa som er vedteken oppretta av den norskrussiske regjeringskommisjonen for økonomisk og teknisk/vitskapeleg samarbeid har ikkje komme i gang, noko som har skuldast at bedrifta som eig nikkelverka ikkje har ønskt å samarbeide. Gruppa skal ha som hovudoppgåve å følgje opp at felleserklæringa frå president Medvedevs besøk i Noreg i april 2010 blir etterlevd. I erklæringa er det erkjent av begge sider at utsleppa gir grunn til bekymring, og det står at russiske styresmakter er klare til å medverke til at utsleppa kjem ned på eit nivå som ikkje skader helse og miljø i grenseområda. For å undersøke grunnlaget for ei slik gruppe vart det i juli 2012 arrangert eit arbeidsmøte i Oslo mellom norske og russiske styresmakter og ekspertar og med representantar for bedrifta, der ein vart samde om at dialogen må halde fram med sikte på å få redusert utsleppa. Ein vart òg samde om at det må bli større openheit kring utsleppa og at informasjonen om miljøsituasjonen må bli betre. Spørsmålet om å få ned utsleppa frå Petsjenga-Nikel har vorte teke opp bilateralt i alle møte på politisk nivå der dette har vore naturleg.

Samordna forvaltning mellom Noreg og Russland

Eit område med samordna forvaltning i grenseområda er Pasvik-Inari trilaterale park, som er eit grenseoverskridande verneområde mellom Noreg, Russland og Finland. I samarbeidet om forvaltning av verneområde inngår berekraftig turisme og etablering av nettverk for samarbeid mellom kommunane, turistbedrifter og forvaltning for betre løysing av felles miljø- og forvaltningsoppgåver. I 2012 har det vore arbeidd med å følgje opp tiltaksplanen for parken, mellom anna er det gjennomført ein analyse av felles raudliste. Det har òg vore fokus på vedlikehald av dei etablerte nettverka.

Miljøprosjekt i Nordvest-Russland med norsk samarbeidspartnar.

Innan det norskrussiske miljøvernsamarbeidet har det vore arbeidd med om lag 45 prosjekt innan felta havmiljø, naturmangfald, reduksjon av forureining, grensenært samarbeid og undersøking av radioaktiv forureining. Dei fleste prosjekta er ein del av arbeidsprogrammet for det norskrussiske miljøvernsamarbeidet for 2013–2015, men det er òg ein del andre prosjekt, for eksempel samarbeidsprosjekta mellom norske og russiske miljøvernorganisasjonar. Mange av samarbeidsprosjekta i det norskrussiske miljøvernsamarbeidet støttar opp om miljøvernsamarbeid som går føre seg i organisasjonar som Arktisk råd og Barentsrådet.

Forvaltningstiltak i Antarktis

Miljøprotokollen til Antarktistraktaten vart implementert i Noreg ved ei eiga forskrift om vern av miljøet i Antarktis fastsett i 1995. Denne forskrifta er no erstatta med forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis av 26. april 2013. Den nye forskrifta fører vidare fleire av reglane i den gamle forskrifta, men implementerer òg ansvarsvedlegget under Miljøprotokollen (Annex VI) og tiltak 4 om plikt til å ha beredskapsplanar for helse og tryggleik.

På det konsultative møtet 2013 under Antarktistraktaten vart det vedteke forvaltningsplanar for ei rekkje spesielt forvalta område (Antarctic Specially Managed Area) og spesielt verna område (Antarctic Specially Protected Area). Klimaendringar er sett på dagsordenen for det konsultative møtet, og Noreg har fått ei leiande rolle når det gjeld oppfølging av tilrådingane frå det særskilte ekspertmøtet om klimaendringar i Antarktis. Den aukande og stadig meir mangfaldige turismen gjer handtering av turisme til ei viktig sak, og det vart vedteke stadspesifikke retningslinjer for besøkande (Site Specific Guidelines) for ei rekkje nye område. Store avstandar, ekstreme vêrforhold og små stadlege ressursar skaper store utfordringar knytte til aktivitetar i Antarktis. Det vart i den samanhengen nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på samarbeid innan søk og redning (SAR).