Nyleg vitja kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete prosjektet Map Kibera i slumområdet Kibera. Vitjinga fann stad då ho deltok på styremøte i FNs busettingsprogram UN Habitat i Nairobi i Kenya.

Ei gruppe ungdom har, med støtte frå UN Habitat, sett i gang eit kartprosjekt. Ved hjelp av GPS og mobilteknologi, har dei laga kart over nærområdet sitt. Område og gater har fått namn, viktige bygningar og skilje mellom dei ulike områda er merka, utrygge stader er plotta inn. Born kan peika på kvar dei bur og kvar skulen deira er plassert.

 - Gjennom dette prosjektet har ungdom og bebuarar i eit av mange slumområde plutseleg fått ein identitet. Dei var ein kvit flekk av byen. No kan dei som bur der sjå at dei er frå ein stad. Dei kan føle seg tryggare og dei har fått meir kunnskapen om eiget nærområde. I tillegg har mange unge fått et meiningsfylt arbeid, seier Liv Signe Navarsete.

I Nairobi bur meir enn halvparten av innbyggjarane på fem prosent av buarealet i millionbyen, ein voldsam kontrast til bustadutfordringane her heime.

 - Eg er glad for å sjå den aktiviteten og det vitale småsamfunnet Kibera også er. Desse ungdommane gjer ein viktig innsats for mange. Ei vitjing i Kibera minner meg om kor privilegerte vi er i Noreg, seier Navarsete.

Meir enn halvparten av folkesetnaden i verda bur no i byar. Innan 2030 vil fem milliardar menneske bu i byar, 80 prosent av desse i utviklingsland.