Kvinner er viktig også i kenyansk politikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 13.04.2011
- Kvinner sine muligheiter til å delta i politikk og samfunn er viktig, både i Norge og i Kenya. Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho tysdag møtte fleire ministrar og parlamentarikarar på statsministerens kontor i Nairobi.

På møtet blei det diskutert korleis den kenyanske koalisjonsregjeringa skal følge opp den nye grunnloven, som ble vedtatt i august 2010.
- Ikkje minst var det interessant å høyre at dei no skipar 47 fylker/regionar. Det skal både desentralisere makt og betre muligheitene for å skape vekst og økonomisk utvikling i fleire delar av Kenya. Det kan på sikt bidra til å bremse den store tilflyttinga til byar og slumområde, seier statsråd Navarsete.

Kenyanske statsråder, viseministre og parlamentarikere. Foto: Liv Merete Wiker/KRD.

Ministerråd Hilde Solbakken, ambassadør Per Ludvik Magnus, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og statssekretær Hege Solbakken. Foto: Liv Merete Wiker/KRD.