Kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete hadde tysdag møte med generalsekretær i UN Habitat, Joan Clos, i Nairobi for å diskutere urbanisering, buforhold og levekår for fattige over heile verda.

- Me treng eit sterkt UN Habitat for å takle utfordringane med urbanisering.  Eg har forventningar til at Clos med si erfaring vil skape naudsynte endringar i organisasjonen. UN Habitat gjer ein viktig jobb i nokre av dei vanskelegaste områda i verda. Det er viktig at UN   Habitat kan gjennomføre reformer og har støtte fra donorland til å drive sitt viktige arbeid, sa Navarsete etter møtet.
Statsråden tok opp dei  utfordringane UN Habitat har med omsyn til kritikk for manglande effektivitet. Urbanisering og desentralisering var også tema.

- Me kan ikkje diskutere urbanisering utan også å snakke om desentralisering. Urbanisering kan ikkje berre handla om byane, det må gå vidare. Å skape attraktive regionar for å bidra til å minske tilstrøyminga til byane,  er og viktig, seier Navarsete.

Joan Clos , som er fra Spania, byrja som generalsekretær for UN Habitat i oktober 2010.

Kommunal- og regionalministeren deltar denne veka på UN Habitat sitt 23. styremøte i Nairobi.


Joan Clos og Liv Signe Navarsete. Foto: Liv Merete Wiker/KRD.