Kommunal- og regionalminister Magnhild Kleppa bidrar med ein million kroner til eit stadutviklingprogram i Knarvik i Lindås kommune. Støtta blir gitt som ein del av Husbanken sitt stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader”.

Programmet ”BLEST- Bolyst og engasjement i små byar og tettstader” vart starta opp i 2006 og skal gå over fire år. Seks prosjekt vart starta opp i 2006, tre signalprosjekt vart starta opp i 2007. Sju nye prosjekt blir starta opp i 2008. Til saman 19 millionar kroner er løyvd til BLEST-arbeidet til no.
Eit stadutviklingsprosjekt i Knarvik senter i Lindås kommune er eitt av prosjekta som no får støtte gjennom BLEST. Senterområdet har over lang tid vakse til ein tettstad med industri, bustader, service, offentleg administrasjon med meir. Prosjektet tek mål av seg til å utvikla ein meir urban tettstadsstruktur. Trafikkforholda må finna si løysning både med omsyn til gjennomgangstrafikk, og intern trafikk.

- Tanken bak BLEST er å visa fram stader der det finst eit lokalt engasjement bak gode prosjekt, og å understøtta desse. Eit viktig siktemål er å setja stadutvikling på dagsordenen, skaffa fram kunnskap og vera med på å spreia dei gode erfaringane slik at dei no kan nyttiggjerast av fleire, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionalministeren strekar under at dette initiativet ikkje er det eine store svaret på utfordringa med å utvikle meir attraktive bygder og småbyar, men at programmet er eit tillegg til arbeidet som alt blir gjort på feltet.