Historisk arkiv

Ny frist for årets nynorskkommune 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Fristen for å søkje om å bli årets nynorskkommune 2011 er forlenga med ei veke til 24. oktober.

Fristen for å søkje om å bli årets nynorskkommune 2011 er forlenga med ei veke til 24. oktober.

 - Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld kommunen din på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2011, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar. Alle nynorskkommunane er velkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år.

- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som målform. Eg vonar mange nynorskkommunar vil være med i konkurransen, seier Navarsete.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i 2009, og Seljord kommune vann prisen i 2010.

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for
  • nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Prisen blir delt ut i løpet av november 2011.

Søknadsfristen er forlenga til 24. oktober 2011.
Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Merk søknaden "årets nynorskkommune" og send til  postmottak@krd.dep.no eller:
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo.

Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Solveig Kolsrud, tlf. 22 24 72 09
  • Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 72 62.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.