Tilskot til informasjonstiltak ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011

Kommunal- og regionaldepartementet har tildelt tilskot til informasjonstiltak ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011. Organisasjonar og andre aktørar kunne søkje om tilskot til tiltak som dei meinar kan bidra til å auke kunnskapen om valet og/eller auke valdeltakinga.

Departementet ønskjer å stimulere til meir engasjement både hjå dei som ønskjer å gjennomføre tiltak, og hjå veljarane. Det er satt av inntil 5 millionar kroner til føremålet. Ved vurderinga av søknadane har departementet, sett i ein heilskapleg samanhang, lagt vekt på mangfald, både når det gjeld tema, type tiltak, organisasjon/aktør og målgruppe. Det blei også lagt vekt på at tiltaka skal vere eit supplement til departementet sine eigne informasjonstiltak. Søknadsfristen var 20. september 2010.

  • Pressemelding om tildeling av tilskot (22.12.2010) 
  • Retningslinene for tilskot 
  • Søknadsskjema for tilskot [pdf]  [odf]  [word
  • cms01