Historisk arkiv

Regjeringa støttar prosjekt for utvikling av staduavhengige arbeidsplassar i Troms med 400 000 kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Målsettinga med prosjektet er å utvikla samhandling og læring mellom kommunar, samt utvikla staduavhengige arbeidsplassar i småsamfunn i Troms fylke.

Målsettinga med prosjektet er å utvikla samhandling og læring mellom kommunar, samt utvikla staduavhengige arbeidsplassar i småsamfunn i Troms fylke.

- Det er eit mål at denne kunnskapen skal komma til nytte også andre stader, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa, som legg til at erfaringane med digitale senter er særs interessante når det gjeld å leggja til rette for desentraliserte arbeidsplassar.

Prosjektet tek mellom anna utgangspunkt i erfaringar frå Dyrøymiljøet, der Dyrøy-seminaret gjennom seks år har sett i gang og drive utviklingsprosessar som har gitt synlege resultat.

Digitale senter er stader med godt utbygde IKT-system. Troms fylke har god utbygging av breiband, ein føresetnad for etablering av digitale senter og desentralisering av arbeidsplassar. 

Prosjektet er ein del av småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet og eit samarbeid mellom Troms fylkeskommune, Distriktssenteret, IKT-firmaet Avikom og interesserte kommunar og lokalsamfunn.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.