Historisk arkiv

Bustadsituasjonen endrar seg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Norske bustader har vorte større og det bur færre i kvar bustad. Dessutan har talet på bustader som har tilgjenge for rullestol auka frå 7 prosent i 2004 til 10 prosent i 2007. Det syner ein NOVA-analyse av dei siste levekårundersøkingane.

Norske bustader har vorte større og det bur færre i kvar bustad. Dessutan har talet på bustader som har tilgjenge for rullestol auka frå 7 prosent i 2004 til 10 prosent i 2007. Det syner ein NOVA-analyse av dei siste levekårundersøkingane.

NOVA har laga rapporten ”Bustad og levekår i Norge 2007” på oppdrag frå Husbanken. Den siste levekårundersøkinga til SSB frå 2007 er samanlikna med dei same undersøkingane frå 1997, 2001 og 2004.

 -Rapporten stadfestar at dei fleste i Noreg bur trygt og godt. Heile 80 prosent  eig bustaden sin, og kvar person har fått fleire kvadratmeter å boltre seg på heime. Fleire bustader med full tilgjenge for rullestol er eit viktig steg mot målet om universell utforming. Det kan også gjere at fleire eldre kan bu og klare seg i eigen heim lengre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden forventar at enda fleire bygg og bustader vil verte universelt utforma i åra som kjem og minner om at krava om tilgjenge er stramma inn i dei nye byggjereglane som gjeld frå 1. juli 2010. 

NOVA-rapporten syner  at sjølv om størrelsen på bustadane har auka, bur fleire unge og einslege forsørgjarar i mindre bustader. Fleire bur i blokker og bygardar. Forskarane meiner det kan ha samanheng med prisveksten og at fleire buset seg i byane. Unge etablerer seg som bustadeigarar i like stor grad som tidlegare, men dei har høgare gjeldsgrad no enn før. Undersøkinga beskriv bustadmarknaden og bustadsituasjonen for folkesetnaden generelt, men fangar i mindre grad opp utfordringane for små grupper.

-Dei fleste i Noreg bur godt, men regjeringa vil betre tilhøva for dei som slit på bustadmarknaden. Difor har vi sett ned eit utval som skal drøfte og gje tilrådingar om korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken skal møtast i åra framover, seier Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.