Historisk arkiv

Kunnskap skal styrke eigenkontrollen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Administrasjonssjefen og kontrollutvalet skal få kvart sitt hefte for å stimulere og gi retning på det lokale arbeidet med å styrkje eigenkontrollen. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider nå med å få desse to prioriterte tiltaka på plass.

Administrasjonssjefen og kontrollutvalet skal få kvart sitt hefte for å stimulere og gi retning på det lokale arbeidet med å styrkje eigenkontrollen. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider nå med å få desse to prioriterte tiltaka på plass.

- Eg meiner at departementet no svarar på dei mest sentrale tilrådingane frå arbeidsgruppa som i desember 2009 la fram rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet og KS skal samarbeide om å sørgje for informasjonsmateriell til administrasjonssjefane om internkontrollen.

- Internkontroll har nær samanheng med leiing og styring. Dette er område der KS allereie gjer eit  viktig arbeid, og eg er glad for at internkontroll no vil bli løfta fram i KS-samanheng framover, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

Rolla som medlem i kontrollutvalet er annleis enn andre roller som folkevald. Arbeidsgruppa tilrådde derfor å lage rettleiing og informasjon tilpassa behova til  medlemmene i kontrollvala. Kommunal- og regionaldepartementet er i ferd med å sende eit oppdrag om å lage slik rettleiing ut på anbod.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.