Historisk arkiv

- Treng ordskifte om maktstrukturar og utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Utviklinga i Noreg må ikkje bli styrt ei avgrensa gruppe menneske og institusjonar, som berre kjenner ein liten del av landet vårt. Difor treng vi eit ordskifte om balansert utvikling og nasjonal verdiskaping, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Måndag presenterte statsråden artikkelsamlinga Motmakt og regional utvikling.
Samlinga inneheld bidrag frå samfunnsdebattantar, næringslivsleiarar, forskarar og politikarar frå heile landet.

- Eg vonar at desse innspela kan bidra til eit perspektiv som ikkje så lett får plass i den daglege politiske debatten. Djupast sett dreier det seg om å utvikle både storbyar, regionsentra og bygder. Vi må diskutere korleis vi skal påverke underliggjande strukturar og drivkrefter. Balansert busetjing og vekst i attraktive arbeidsplassar over heile landet er naudsynt for å få til høgast muleg nasjonal verdiskaping, seier Navarsete.

- Artikkelsamlinga representerer eit mangfald av synspunkt. Dei blir viktige i arbeidet med ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.