Historisk arkiv

Flest menn styrer Kommune-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kvinnedelen av kommunestyra landet rundt aukar ikkje etter valet i haust. - Flest menn styrer Kommune-Noreg også dei fire neste åra. Dette er skuffande, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kvinnedelen av kommunestyra landet rundt aukar ikkje etter valet i haust. - Flest menn styrer Kommune-Noreg også dei fire neste åra. Dette er skuffande, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Nye tal frå SSB viser at kvinnedelen i kommunestyra og blant ordførarane i Noreg har stagnert. Kvinnedelen av representantane er no på 38 prosent, medan 62 prosent av representantane er menn. Dette er om lag dei same delane som i førre periode. I formannskapa er 41 prosent av representantane kvinner og 59 prosent menn. Berre 96 av 429 ordførarar er kvinner. I førre periode var 97 av 430 ordførarar kvinner.

- For å sikre eit vitalt, framtidsretta lokaldemokrati, er vi avhengig av at den politiske leiinga i kommunane er representative. Dei skal representere folket. Då må fleire kvinner inn. Eg ønskjer større breidde og mangfald i styre og stell, seier Navarsete.

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken er regjeringa si satsing for å auke kvinnedelen i kommunestyra og i leiarverva spesielt. 22 kommunar har prøvd ut ulike tiltak for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Målet er å sjå effekten av ulike tiltak. Då kan ein vurdere om nokre tiltak skal innførast for alle kommunar.

- Prosjektkommunane har no kome opp på landsnivå. 32 prosent av ordførarane her er kvinner. Her finst svært gledelege enkeltresultat. Til dømes har Øygarden og Luster som starta med 17 prosent kvinnedel, no oppnådd ein historisk kvinnedel i kommunestyra sine på respektive 51 og 42 prosent, seier Navarsete.

Same auken har ein ikkje i alle kommunar. Nokre kommunar har faktisk lågare kvinnedel enn før.

- Vi må no systematisk gå gjennom erfaringane frå prosjekt-kommunane for å finne ut korleis ulike tiltak har virka inn. Forskarar skal bidra. Når evalueringa er ferdig, gir den grunnlag for å vurdere verkemiddel som kan styrkje kvinnedelen både i kommunestyra og i leiarverva, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.