Historisk arkiv

Intensjonsavtale om grønt datasenter i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

IBM og Lefdal gruver har i dag blitt einige om ei intensjonsavtale om å utvikle Lefdal Gruve i Nordfjord i Sogn og Fjordane som eit av dei største og leiande sentra for grøn datalagring i Europa.

IBM og Lefdal gruver har i dag blitt einige om ei intensjonsavtale om å utvikle Lefdal Gruve i Nordfjord i Sogn og Fjordane som eit av dei største og leiande sentra for grøn datalagring i Europa.

Lefdal gruver er eit av fleire miljø i Noreg som har engasjert seg sterkt for å kunne huse grøne datasentra.  Dette kan bli ei viktig vekstnæring for Noreg, spesielt i distrikta, som har store føremoner i  tilgang på kortreist kraft, store og rimelege areal og ikkje minst stabile geologiske tilhøve. Dette er eit konkurransefortrinn når ein skal leggje til rette for denne type verdiskaping. Intensjonsavtala viser at Noreg er eit attraktivt land for denne nye industrien.

Denne næringa vil by på spennande teknologiske utfordringar for ulike aktørar – både på IT-sida, sikkerheitssida og på driftssida. Det kan bety kompetanseintensive arbeidsplassar for dei lokalsamfunna som får desse sentra.

- Eg er glad for denne intensjonsavtala og vonar den skal gje positive ringverknader for Distrikts-Noreg.  Dette kan og vere med på å gje nye kompetansearbeidsplassar og skape verdiar i nye og framtidsretta næringar. Slike arbeidsplassar er med på å sikre busetting i heile landet,  seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg gratulerer IBM og Lefdal Gruve med intensjonsavtalen. Behovet for datalagringskapasitet aukar raskt. Noreg har alle føresetnader for å tilby gode og miljøvennlege løysingar til krevjande internasjonale føregangsselskap som IBM. Vi har naturleg kjøling, gode teknologi- og kapitalmiljø, god breibandsinfrastruktur og stabile forhold både geologisk og politisk. Dette er berekraftig verdiskaping av typen vi vil ha meir  av, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Pressekontakter:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
Nærings- og handelsdepartementet sin pressetelefon: 902 51 303