Historisk arkiv

Meir openheit i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalministeren Liv Signe Navarsete. - Difor er eg glad for at Stortinget no har vedteke reglar om styrka møteoffentlegheit.

Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalministeren Liv Signe Navarsete. - Difor er eg glad for at Stortinget no har vedteke reglar om styrka møteoffentlegheit.

- Me ynskjer ein kommunal sektor bygd på tillit, fellesskap og deltaking. Dei nye reglane vil i enda betre grad leggje til rette for dette, seier statsråden.

Stortinget vedtok 14. desember 2010 endringar i reglane om møteoffentlegheit i kommuneloven, jamfør Prop. 152 L (2009–2010). Vedtaket vart sanksjonert av Kongen i statsråd i dag, 14. januar 2011, og det vart samstundes avgjort at lovendringane vil tre i kraft frå 1. juli 2011.

Når lovendringa trer i kraft, vil det ikkje lenger vere mogleg å lukke møte når formannsskapet handsamar og gjer innstilling til årsbudsjettet.

Slik regelverket er i dag, er det mogleg for kommunestyret å lukke møte i formannskapet når det skal drøfte innstilling til årsbudsjettet til kommunestyret. Denne moglegheita er no oppheva.

 - Årsbudsjettet er kommunen si viktigaste sak, og ålmenta bør ha fullt innsyn i korleis politikarane ønskjer å disponera fellesskapet sine verdiar, seier Navarsete. 

Reglane om møteoffentlegheit har fått ei ny utforming som skal gjere det tydelegare når eit folkevald organ har grunnlag for å lukke møte for offentlegheita.
- Det er eit mål at dei nye reglane om møteoffentlegheit skal vere presise og enklare å bruke, seier kommunalministeren. Når reglane blir betre, vil også føremålet med reglane om møteoffentlegheit bli betre ivaretatt, seier statsråden.

Dei nye reglane gjeld både kommunar og fylkeskommunar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.