Nytt opplæringsprogram om universell utforming
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 02.02.2011
Frå 1. februar set Statens bygningstekniske etat (BE) i verk eit nytt opplæringsprogram om universell utforming for politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar.
Frå 1. februar set Statens bygningstekniske etat (BE) i verk eit nytt opplæringsprogram om universell utforming for politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar .
- I den nye plan- og bygningslova er det krav om universell utforming av bygg, anlegg og uteområde retta mot ålmenta. Difor er det viktig at dei ansvarlege i kommunane set seg inn i reglane og planlegg slik at omgjevnadene blir tilgjengelege og kan nyttast av alle, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Opplæringsprogrammet er eit av tiltaka i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009–2013, “Norge universelt utformet 2025”.
Det er laga ei nettside med informasjon, filmar og presentasjonar. Ressursane på nettsida kan nyttast fritt i ikkje-kommersiell verksemd av alle som ønskjer å lære meir om universell utforming. Det blir utdanna kursinstruktørar som skal tilby kurs over heile i landet. I samband med dette, vil opplæringsprogrammet bli nytta som lærebok og læringsverkty. Informasjon om kursa blir kunngjort på universell.be.no.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.