Historisk arkiv

Samhandlingsreforma – meir ansvar til kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Gode helsetenester nærast muleg og ei sterkare satsing på førebygging. Det er formålet med samhandlingsreforma. No får kommunane auka ressursar og eg er ikkje i tvil om at kommunane kan ta dette viktige ansvaret, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Gode helsetenester nærast muleg og ei sterkare satsing på førebygging. Det er formålet med samhandlingsreforma. No får kommunane auka ressursar og eg er ikkje i tvil om at kommunane kan ta dette viktige ansvaret, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Samhandlingsreforma tek form. Staten og kommunane skal saman arbeide for ei betre og meir heilskapelig helseteneste, med ei gradvis utbygging av dei kommunale helsetenestene fram til 2016.

- I samband med at kommunane frå 2012 får eit medfinansieringsansvar for spesialisthelsetenesta og betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar skal det overførast fem milliardar kroner til kommunane frå dei regionale helseføretaka, seier Navarsete.

- No blir kommunane sitt ansvar for å følgje opp sine eigne innbyggjarar tydelegare. Samtidig får kommunane kompensert for det ansvaret dei eigentleg har hatt sidan 2003 med å ta imot utskrivingsklare pasientar, seier Navarsete.
Midlane skal komme som frie inntekter gjennom rammetilskotet til kommunane. Planen er at fordelinga av dei økonomiske rammene og innretting av dei økonomiske verkemidla vil bli nærare presentert i kommuneproposisjonen som kommunalministeren legg fram i mai.

Folk skal få eit tilbod så nær heimen sin som råd.

- Dei som treng hjelp på sjukehus, skal få det. Men dei som får betre hjelp nær heimen sin, skal få sleppe å dra på sjukehus. For ein kreftsjuk pasient, ein eldre person med samansette lidingar eller andre med kroniske sjukdomar, kan lang reiseveg til sjukehus, gjerne fleire gonger i månaden, vere ei utruleg stor tilleggsbelastning. Klarer vi gjennom samhandlingsreforma å redusere ulempene for desse, har vi oppnådd mykje, seier Navarsete.

Ho meiner kommunane får eit enklare og meir heilskapleg regelverk å halde seg til gjennom ei ny felles helse- og omsorgslov. Kommunane får eit meir overordna og sektorovergripande ansvar for folkehelsa.

- Utbygging av akuttplassar og lokalmedisinske sentre er viktige verkemiddel for kommunane. Slike sentre skal ikkje erstatte lokalsjukehus, men vere eit supplement. Mange kommunar er allereie godt i gang og viser stort engasjement. Det er eg glad for, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.