Historisk arkiv

Sterk politisk styring av kommunale samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein ny rapport viser at den politiske styringa av regionråd og interkommunalt samarbeid om administrative støttetenester er sterk.

Ein ny rapport viser at den politiske styringa av regionråd og interkommunalt samarbeid om administrative støttetenester er sterk.

Det er den eldste lovregelen om interkommunalt samarbeid, § 27 i kommuneloven, som Universitetet i Agder har evaluert på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Lovregelen opnar for at kommunar og fylkeskommunar kan opprette eit felles styre for å løyse felles oppgåver som gjeld drift og organisering, som til dømes lønningar, IKT og skatteoppkrevjing.

- Evalueringa viser at den politiske styringa av interkommunal verksemd etter § 27 er meir direkte og til og med sterkare enn om ein kommune sjølv hadde tatt seg av desse oppgåvene og tenestene. Dette tyder på at det ikkje er så stor fare for demokratisk underskot ved interkommunale samarbeid som nokon vil ha det til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I rapporten skriv forskarane at politikarane som sit i styra for desse interkommunale samarbeida er sentrale politikarar og at opposisjonspolitikarane også er med.

- Dermed får desse sakene mykje politisk merksemd. Eg er glad kommunane kan samarbeide om oppgåvene når dei finn dei beste og smartaste løysingane på tvers av kommunegrensene, seier Liv Signe Navarsete.

Nesten alle regionråda i landet og mange samarbeid om administrative støttetenester som IKT, lønn og skatteoppkrevjing og tenester som til dømes akutt beredskap og friluftsråd, er organiserte innafor § 27-regelen.

Kommunepolitikarane vurderer kommunesamarbeid om drift og organisering som nødvendige for å oppnå betre kvalitet og høgre effektivitet.
Regionråda tek seg av mange saker som ofte får konsekvensar for meir enn ein kommune, til dømes samferdsel, næringssamarbeid, kultur og idrett, naturforvalting og turisme. Forskarane peiker på at regionråd har ei ”styringsutvidande effekt”: Kommunepolitikarane opplever at samarbeid gjennom regionråd gjer at dei kan ta seg av mange saker som dei ikkje kunne åleine og at dei blir meir slagkraftige.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.