Historisk arkiv

Stor interesse for å delta i ”Saman om ein betre kommune”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune” skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråvere, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme. Om lag 100 kommunar har søkt om å få delta i programmet.

Utviklingsprogrammet Saman om ein betre kommune skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråvere, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme. Om lag 100 kommunar har søkt om å få delta i programmet.

Dei fleste av kommunane ønskjer å arbeide med fleire av programmet sine tema. Det er flest prosjekt retta inn mot å redusere sjukefråvere og å redusere uønska deltid. 

  • Kommunar som har søkt om å få delta [ Excel ] [ ODS ].

- Eg er svært glad for at så mange kommunar ønskjer å delta i programmet. Det syner at kommunane er opptekne av å skape endå betre tenester til innbyggjarane sine, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Prosjekta er tufta på samarbeid mellom tilsette, leiarar og politikarar. Slike samarbeid meiner eg gir eit godt grunnlag for å finne fram til dei beste løysingane, seier Navarsete.

Programmet som startar opp i andre halvdel av 2011 er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS og forhandlingssamanslutningane på arbeidstakarsida. Eit hovudmål er å stimulere lokale prosjekt, mellom anna ved at  deltakarkommunane får fagleg rettleiing, høve til å delta i nettverksarbeid og noko økonomisk støtte til prosjektarbeidet. Resultata frå deltakarkommunane sitt arbeid skal systematiserast og formidlast slik at erfaringane kan komme alle kommunar til gode.

- Vi skal no gå gjennom søknadane og velje ut dei kommunane som får delta i dette programmet. Vi kan ikkje ta med alle dei 100 kommunane og det blir ein krevjande jobb å velje blant så mange interessante prosjekt, seier Liv Signe Navarsete.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.