Historisk arkiv

Vil lovfeste samkommunemodellen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil tilby kommunane eit nytt verkty dei kan nytte for å samarbeide om velferdstenester. Kommunal- og regionaldepartementet vil til hausten leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget om å lovfeste samkommunemodellen.

Regjeringa vil tilby kommunane eit nytt verkty dei kan nytte for å samarbeide om velferdstenester. Kommunal- og regionaldepartementet vil til hausten leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget om å lovfeste samkommunemodellen.

 - Samkommune er ei god løysing for omfattande interkommunale samarbeid om kommunane sine lovpålagde oppgåver, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg har grunnleggjande tru på at mange kommunar finn gode løysingar for å sikre dei beste tenestene til innbyggjarane sine ved å samarbeide med andre. Samkommunemodellen vil gje kommunane eit viktig alternativ når det gjeld samarbeidsformer for å møte dei nye utfordringane som vil følgje av mellom anna samhandlingsreforma, seier Navarsete.

Ein fordel ved samkommunemodellen er at den legg til rette for at kommunane kan samarbeide på tvers av mange sektorar og om fleire ulike oppgåver under eit felles folkevald samkommunestyre.

- Kommunane kan samle og systematisere dei ulike samarbeidsområda sine i ein samkommune. Det vil gje dei folkevalde høve til å sjå dei ulike områda i samanheng og dermed kunne gjere dei rette prioriteringane, seier Navarsete.

- Eg vil oppfordre kommunane til å leggje vekt på god folkevald styring og kontroll når dei etablerer ulike samarbeid – ikkje minst på så viktige område som helse og velferd, seier statsråden.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.