Historisk arkiv

Klimaendringar påverkar bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa vil at vi skal ha trygge og gode bygg også i framtida. Difor er det nyttig å få kunnskap om kva klimaendringar gjer med bygga våre, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at vi skal ha trygge og gode bygg også i framtida. Difor er det nyttig å få kunnskap om kva klimaendringar gjer med bygga våre, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

SINTEF Byggforsk har kartlagt korleis endringar i klimaet påverkar bygg i dei ulike delane av Noreg. Dei meiner nær 2,4 millionar bygningar vil liggje i område med høg råterisiko innan 90 år. Det er om lag fire gonger så mange som i dag. Klimaendringane kan gje konsekvensar både for korleis bygga blir utforma og kor dei blir plasserte.

- Vi vil vurdere nye og andre krav når vi reviderer byggjereglane. Eg vil mellom anna sjå på om taka må tåle meir snø. Dessutan vil eg vurdere om det er formålstenleg å setje krav til materialar i dei ytre konstruksjonane i bygg. Allereie no vil eg oppmode byggjenæringa om å utvikle framtidsretta løysingar som tåler veret og klimaet i framtida, seier Navarsete.

SINTEF Byggforsk anbefaler fleire tiltak. Fleire kommunar bør lage beredskapsplanar for flom. Reguleringsplanane bør ikkje tillete at det blir bygd der det er risiko for ein 100-års flom. Dessutan bør det vere fleire grøne område i store byar for å betre dreneringa. Produkt og løysingar må i større grad vere tilpassa klimaet ein skal byggje i.

- Klimaendringane vil gje både kommunane og byggjenæringa utfordringar. Dei må ta  nytte kunnskapen vi allereie no har når dei planlegg for framtida, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00